I Helheim/Logane

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & Co. (s. 51-70).


Ingin for annan
seg klaga kann;
det er som stengt
millom Mann og Mann

Ingin aat annan
si Naud fortèl;
det er som daudt
millom Sjæl og Sjæl,

Millom kvarandre
dei skilde sviv;
Røre er der,
men ikkje Liv.

Veslemøy.

Kvi skjeglar dei til kvarandre
so framandt og lite blidt?

Systeri.

Dei kann slett ikkje kvarandre like;
og kvar hev so nok med sitt.

Dei kann slett ikkje kvarandre like
og ikkje kvarandre tru;

kvar kjenner med seg det vonde Hjarta
og burt seg i Harm maa snu.

Alle dei hatar og ingin trur;
den Naudi er tung aa bera.
Og minst trur det arme sjuke Hat
Kjærleik som vel vil gjera.

            *

Veslemøy.

Mykje syner seg her for Augo
i Helheims-Ljose dimt;
kva er det som gjeng gjenom døkke Dalar
som døyvde Ljoske-Skimt?

„Sjaa!“ baud Volva.
Veslemøy saag;
eit Ørske-Under
for Augo laag.

Det er ikkje Hav,
det er ikkje Brand;
d’er Logar som flakkar
um alt det Land.

D’er Logar som sviv
um all den Heim

i toppande Dans,
i Ville-Sveim.

Blaat det blakrar
med bleike Glod,
og gult som Svaavel
og raudt som Blod,
og grønt som Eir
og som Eiterspy
og staalkvitt som Skimt
or Tore-Sky;
det skifter og skjelv,
det bivrar og brenn
som eit Hav av hoppande
Lyktemenn;
med sjuke Lìtir
og daud Os
det sviv som ein Sveim
av Naae-Ljos.

Stiv Veslemøy stend
i den skùme Kveld
og stirer inn
i Helvites Eld;
og knapt sine Augo
ho tru vaagar:
det er Sjæline sjølve
som brenn og logar.


Veslemøy.

Du tyde meg, sæle Syster mi,
Branden som skræmd eg ser?

Systeri.

D’er alle dei vonde heite Hugar
som her i Eld seg ter.

D’er alle dei vonde heite Hugar,
og Harmen, dei Hjarta veld;
inne i pinte bundne Sjælir
er dei som logande Eld.

Hate ser du eiter-grønt;
det brenn med Osen fule;
attved blakrar det arge Ovund
med Logar som Pesti gule.

Æresjuken den bleike
er heitaste Helvit-Eld;
Gull-Gir ét med isblaa Lòge,
som lengi Hìten held.

Elskhugs Traa og Syndelyst
braglar med Brand som Blod;

likblaatt bivrar det vonde Samvit,
som veit ikkje Stundi god.

Veslemøy.

Og æveleg logar den Eiter-Brand
forutan Attervende?

Systeri.

Augneblinken i denne Eld
er Æva utan Ende.

*

Veslemøy.

Mykje syner seg her for Augo
og mangt er underlegt vori;
dei kravlar og mødest og masar her
paa Lag som uppe paa Jordi.

Systeri.

For drøymde Mùnir og Vinning tom
dei her som heime seg møder;
ser det er Draum, men den bundne Hùgen
endaa girande gløder.


Ser det er Draum; maa alt det sjaa,
som Sol-Glir paa Jordi dulde;
endaa trur dei den kjære Draumen,
som so deim daare skulde.

Volva stend
ikkje langt der fraa;
ho peikar og byd
Veslemøy sjaa.

Daa kjem til ein Syndar
ein Aalvorsmann,
som ingin vil anna
enn tru kann.

Med Augo sure
og Minur søte
han byd fram Handi
til gode Møte.

Til Syndaren talar
den vyrdslege Gjest
søtmælt og blidt
som ein Lesarprest.

„Kvi er du so hugfallin,
kjære Bror?

Du kann faa det gildare
her enn paa Jord.

Ser du?“ — han peikar
i Dimma ut;
„naar dit du kom,
var du fri for Sut.“

Fram stig,
halvduld i Eim,
paa Høgdir ljose
ein ven Heim.

Grøne Gardar
med blaae Sjøar;
fagre Lundar
imillom Bøar.

Bølingar staute
i Gras aat Kne;
kvite Hus
under gamle Tre.

Bekkir surlande
Engi doggar;
Aaker-Hav
i Vinden voggar.


Hagar gilde
med Alde krur;
der er Loft og Lødur
og Bur ved Bur.

Syndaren stirer
i Undring stor:
han ser det han drøymde
fagrast paa Jord.

Han ser det honom
i Hugen brann,
som alltid han søkte
og aldri vann.

Alt det han hev
som fagrast tenkt,
det ser han no her;
og han græt av Lengt.

Gjesten smiler;
„den Heimen til Slutt
du fær, um meg
du vil tena trutt.

Den Heimen du heil
til Eign fær,

um meg ei Æve
du tenar her.“

Han lokkar og snildt
sine Ord snur;
Syndaren veit
det er Lygn, og trur.

„Kann visst den Løni
du lova meg,
med all mi Magt
skal eg tene deg.

Fær eg den Herre-
domen gild,
so skal eg gjera
alt det du vil.

Fær eg den Eigni
med Vidd og Vang,
eg tenar deg trutt
ei Æve lang.“

Gjesten - „hans Djevel“,
Systeri kved -
lovar og tunge
Eidar bed.


Syndaren all Ting
gløymer glad;
gjev fram Handi;
og segjer Ja.

Daa mylte hans Djevel
fult,
og Sur-Augo sprutte
gult.

Han glod-reiv Hendane
sine;
no hadde han auka
Pine.

Sidan trælar den Synde
Sjæl
for Herren sin arg
og fæl.

Slit for den Løni
rik;
græt, for det alt
er Svik.

*


Veslemøy.

Det tuslar om Haug, det tassar i Heid;
mange her inn hev loti;
men desse arme Synde Sjælir,
kva hev dei for seg broti?

Systeri.

Dei vilde vinne Verdi,
der all dei hadde si Von;
auka for det i Heimen Ufred
og Uhug og Naud og Tjon.

Dei vilde vinne Verdi
som lokka so stor og rik;
auka for det i Heimen Urett
og Hat og Banning og Skrik.

Dei vilde vinne Verdi,
som lokka so stor og sæl;
auka vondt og stygt i Heimen
og Skade tok paa si Sjæl.

D’er dei som auka paa Jordi Sut
og tøygde den tærande Kvide;
Myrkheim gjorde dei rundt ikring seg;
i Myrkheim dei no maa lide.


Dei svara paa Bøn med bratte Ord
og ikkje Byrdine letta;
av deim vart ingin nakin klædd
og ingin svoltin metta.

Refsing dei her lyt røyne hard
maa upp att lìva sin Strid,
og upp att lide sin lange Daarskap
og Daarskaps Løni si.

Upp att træle og kava
med Møde og lite Mùn,
og upp att alltid paa nytt staa skjemde
og brende med bròti Von.

So tidt dei vinn det dei vilde
og søkte med all sin Traa,
so er det Røyk og Inkjevetta;
det lyt dei her skìlleg sjaa.

Veslemøy.

Men snart vil dei arme lære
og snu fraa sin Ørske-Veg?

Systeri.

Djevlar daarar med Lokkesynir,
og sterk er Hugen som dreg.
*


Veslemøy.

Mange sviv som i Hèrota[1]
rundt seg sjølve i Ring;
stirande ser dei stygge Synir
og ufjelge Skræmsle-Ting.

Mange villar som daaresjuke
rundt i den Rædsleheim;
stygge Synir og fæle Fylgje
elter og skræmer deim.

Systeri.

Tyngde Samvìt det er du ser,
som dregst med vonde Minne;
stygge Hamar for Augo syner
den Angest som gneg der inne.

Dei fiktar med Orm og Drake
og Skrymt i so vond ein Strid;
dei fiktar med alle Syndine sine
fraa Jord og Livetid.

Kjende Syndir og loynde,
dei aldri gav etter Gaum,

her kjem att og elter dei arme
i æveleg Feberdraum.

Tjuven flyg med si Byrd paa Rygg
og rømer um vide Land;
etter kjem lange Eigar-Manngard
og vil honom leggje i Band.

Mordaren dregst med sine Lik
og skjelv for dei brostne Augo;
Ljugaren strider med Dikti sine;
dei lìver her millom Draugo.

Ljugaren maa sine Lygnir eta;
det krev so godt eit Tòl;
dei Skjemde-Sogur vart her til Ormar
og slimute seige Aal.

Sæling som gjorde Far sin Sorg
og grøtte si mødde Mor,
kvar han vil fly, dei gamle møter
og lyser Bolvings[2] Ord.

Alt kjem att, kvar ubøtt Synd,
og vondt dei paa Jord fekk løyne.

Kvar den Harm, dei andre gjorde,
maa sjølve her dei røyne.

Kvar den Harm, dei andre valda,
Urett og vonde Raad,
lyt dei i saare Samvits Pinslur
sjølve igjenom gaa.

Alle for all Synd refser
i denne Heimen vond
den pinande, slitande, blaae Angest,
som aldri gjev Lindrestund.

Veslemøy.

Heite brenn Hel-Elds Logar;
hard er den siste Strid; -
er der kje Linning i Domen?
kjem ikkje betre Tid?

Systeri.

Dei skuldar andre, dei skuldar Gud
for Syndi som hit deim sende;
fyrr dei Skuldi si eigi finn,
det er ikkje Von um Vende.

*


Veslemøy.

Ei Sjæl eg ser som sloknar;
ho er som tærd ut og tom;
fjaglast burt i dei gule Eimar
som Fygl og lette Fjom.

Systeri.

Arme Sjælir som tærest burt
og ikkje si Røyning held, -
dei hadde kje Hugen heile,
som stend i den siste Eld.

Arme Sjælir som tærest burt
og gjeng so reint til Tjon, -
det er den andre Dauden;
daa er der kje Botevon.

Det er den største Rædsle,
det er den namnlause Sut;
daa er dei strokne or alle Bøkar
og or Guds Minne ut.

Veslemøy.

Men Sjæli som Elden herder,
til mykt ho er og rein?


Systeri.

Daa kjem det sæle Uppvegs Vende;
daa vaknar Vonir for Mein.

Veslemøy.

Men um dei Elden herder
og hardare vert i den?

Systeri.

Djevlar daa gjeng dei til Nivlheim,
der Kalde-Elden brenn.

Djevlar daa gjeng dei til Nivlheim,
der Hel-Herren fær deim fat;
honom tenar dei sidan alltid;
dei lærde det kalde Hat.

————————


Veslemøy.

Rundt rømer rædde Kvende-Sjælir;
etter fer bleike Menn
lurande, stirande, valne, daude;
Augo blodsprengde brenn.


Systeri.

Det er dei syndige Kvende,
som lokka og sidan sveik;
det fylgde deim Blod og bleike Vanvit,
og Draugar ikring deim skreik.

Det er dei syndige Kvende,
som flekka Heim og Bu;
dei spillte Fred og den heilage Tillit
og Livsens Trygd og Tru.

Det er dei syndige Kvende
som blodsaug i Livnad blaute
og ut skjemde og burt øydde
Manndoms Krafti den staute.

Dei var som den løynde Sykja,
utanpaa fager og fin;
etter driv det med blautt og bròti
og kvite Hausar som grin.

No hev dei Fylgje med seg
av Lik og lame Kroppar
som stivt stirande endelaust
etter deim heng og hoppar.

Aldri Stundi dei slepp ifraa
det hinkande Fylgje fæle,

som etter deim heng og søkjer Hemn
for tapte Liv og Sæle.

Veslemøy.

Eg ser under myrke Ufsir
svevnbundne Menn som vrid seg;
Maretroll rid deim miskunnlaust;
dei jamrar men kann ikkje fri seg.

Systeri.

Dei daara og narra Kvende
og burt deim fraa Live laug,
ut deim skjemde og ned deim sulka,
til Søyla deim aat seg saug.

No Kvendi trollgjengne att kjem
og seidar so Mennane sovnar;
rid deim sidan i Mare-Ham,
so mest dei i Angest kovnar.

Veslemøy.

Mennar ser eg, flyg Berg og Dalar
paa blødande Foten snøgg;
magre smaa’ Fingrar hev dei kring Strupe
og Ridham paa bøygde Rygg.


Systeri.

Born, av Fedrane gløymde,
her søkjer dei Hemn for sitt Liv;
og Fedrane rædde rundt i Helheim
fredlaust for Synine sviv.


  1. Hèrota: Ville, Ørske.
  2. Bolving: Vaabøn, Forbanning.