Den burtkomne Sonen

Fra Wikikilden
Den burtkomne Sonen
av Evangelisten Lukas, oversatt av Ivar Aasen
Omsetjing av likninga om den burtkomne sonen, gjord av Ivar Aasen. Årstallet for omsetjinga er uviss, men i 1869 vart ho give til Universitetsbibliotheket av L. Chr. Daa; gjengive på Ivar Aasen-tunet.no

Lukas 15:11-32

11 Ein Mann hadde tvo Søner.
12 Og den yngste av deim sagde til Faderen: Fader, lat meg faa den Luten av Godset, som høyrer meg til. Og han skifte Godset imillom deim.
13 Og nokre Dagar deretter tok den yngste Sonen all sin Arv og foor av til eit Land, som var langt burte; og der øydde han Arven sin upp i Ulivnad.
14 Men daa han hadde øydt upp alt, som han aatte, vardt der eit stort Uaar i dette Landet; og han tok til at lida Naud.
15 Og han gjekk avstad og feste seg til ein Bumann der i Landet, og denne Mannen sende honom ut paa Marki si til at gjæta Svin.
16 Og han vilde gjerna hava mettat sin Mage med Avfall, som Svin i aato, og ingen gav honom nokot.
17 Daa kom han til seg sjølv og sagde: Kor mange Dagleigarar hever daa Fader min, og dei hava Nøgd av Mat, medan eg ormegtast av Hunger!
18 Eg vil risa upp og ganga til Fader min og segja til honom: Fader, eg hever syndat mot Himmelen og mot deg.
19 Og eg er inkje lenger verd at kallast Son din; tak meg berre som ein av dine Dagleigarar.
20 Og han reis upp og kom til Fader sin. Og daa han endaa var langt burte, saag hans Fader honom, og han sprang til og tok honom um Halsen og kyste honom.
21 Men Sonen sagde til honom: Fader, eg hever syndat mot Himmelen og mot deg og er inkje lenger verd at kallast Son din.
22 Men Faderen sagde til sine Drenger: Bere fram den beste Klædebunaden og late honom fara i, og give honom eit Fingergull paa Handi og Skoer paa Føterne.
23 Og take fram ein gjødd Kalv og slagte; og late oss eta og vera glade.
24 For denne Son min var daud og er atter livnad, og var burtkomen og er atter funnen. Og dei toko til at gledja seg.
25 Men eldste Sonen hans var ute paa Marki, og daa han kom nærre heim aat Husom, høyrde han Ljoden av Song og Dans.
26 Og han kallade ein av Drengjom til seg og spurde, kvat detta var.
27 Men han sagde til honom: Broder din er atterkomen, og Fader din hever slagtat ein gjødd Kalv, fyredi han hever fenget honom heil heimatter.
28 Daa vardt han vreid og vilde inkje ganga inn; og daa gjekk Fader hans ut og bad honom.
29 Men han svarade og sagde til Faderen: Sjaa, so mange Aar hever eg tenat deg og endaa aldri brotet dine Bod; men du hever aldri gjevet meg so myket som eit Kid, at eg kunde gledjast med mine Viner.
30 Men no, daa denne Son din er komen, som hever øydt upp Arven sin med Skjøkjor, daa slagtar du ein gjødd Kalv aat honom.
31 Men han sagde til honom: Son min, du er alltid hjaa meg, og alt det, som er mitt, er ditt og.
32 Men no skulde du vera glad og fegen, av di at denne Broder din var daud og er atter livnad, og var burtkomen og er atter funnen.