Den burtkomne Messias/Mot-Messias

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) (s. 28-46).

D
en himilske Mot-Messias som var uppsett i Nikæa Aar 325 e. Kr., fekk eit Par hundrad Aar seinare sitt tydelege jordiske Motstykke: Paven.

Denne lagde ikkje Dulsmaal paa kven han var. Han kalla seg Kristi Jarl (Fullmegti for den Kristus som var Gud og Herre yvi Verdi) i Staden for Jesu Fylgjesvein; og han raadde paa Jordi som ein Herre yvi Herrar og Konge yvi Kongar, ja lét Kongar og Keisarar knefalle for seg og kysse Stortaai si.

Det var det Aronske Prestekongedøme han hermde; men han var Øvsteprest og Øvste konge yvi Jordi, og ikkje berre yvi eit Land. Tusundaarsrike var komi, og Paven styrde Jordi i Guds (Kristi) Stad; han var daa sjølv Gud paa Jordi. Han var Hovude for den Kyrkja som no skulde raade Verdi, liksom Jesus hadde vori det aandelege Hovud for sin vesle Flokk av Sveinar og Fylgjarar; i Røyndi minner Paven um „Horne“ paa det skræmelege Dyre Som Daniel saag i Draumen sin; dette Horne hadde Augo og ein Munn som tala store Ting; og det førde Ufred mot dei heilage og fekk Velde yvi deim (Dan. 7: 8, 21; smf. Opb. 13: 5—7).

Store Ord hev denne Mot-Messias tala mange av, sjølv og gjenom Tenarane sine[1]. Ein Kardinal hev i ei Bok („Paven Kristi Jarl, Hovude aat Kyrkja“) sett upp ei Liste paa Pave-Titlar, 62 i alt, som hev vori og enno er i Bruk; dei inneheld mykje som ein vel helst maa kalle Gudshæding: Paven er „det guddomslege Overhovud“, „Øvstehovud yvi alle Kyrkjehovdingar“, „den høgste Hyrding“, „Kristus ved Salving“, „Lykleberar for Himilrike“, „Apostoliske Herre og Fader yvi Fedrar“, „Berge som Helvitsportane ikkje vinn med“, „den mistaksfrie“ o. s. fr.

Bernhard av Clairvaux skreiv (1150) mill. a. til Paven: „Du er Øvstepresten, Bispefyrstem Arvtakaren etter Apostlane; du er Kristus ved Salving; du hev Himil-Lyklane; du er sètt yvi Sauine.“ „Ingin utan Gud er lik Paven“, segjer St. Bernhard, „korkje i Himilen eller paa Jordi.“ O. s. fr.

Eit Ord av Pave Bonifacius VIII: „det er naudturvelegt til Frelse for kvart Menneskje aa vera Paven undergjevin,“ stend i Kyrkjelovi. Gregor VII liknar Pavemagti og Kongemagti ihop med dei tvo store Himil-Ljosi; Pavemagti er Soli; Kongemagti fær sitt Ljos av den, er Maanen. Ein Erkebisp (St. Antonius) hev skrivi, at Paven er større enn baade Menneskji og Englane i Mynju og Magt; for ein Engel kann ikkje vigje inn Kristi Lìkam og Blod, og ikkje løyse og binde. Paven „opnar Himilen, sender dei skyldige til Helvite, grunnfester Rike, skipar heile Preste skape“.

Lateran-Kyrkjemøte kalla Paven „Fyrste yvi Allheimen“, „Prest og Konge som alle Menneskje skal hylle, og som er Gud mykje lik“, „Løven av Juda Ættgrein“, „Davids Rot“, “den Frelsaren Gud hev uppreist", o. dl .

Ei katolsk „Kyrkjeleg Ordbok“ (av Ferrari) segjer um Paven: „slik ein Vyrdleike og slik ei Høgd hev han, at han er ikkje berre Menneskje, men Gud, aa kalle, og Guds Augnesyning; difor hev han ei trifeld Krune, for han er Konge yvi Himil, Jord, Hel. Han sìt paa det eine og same Domarsæte som Kristus. Han er, aa kalle, Gud paa Jordi; honom er Styre yvi det jordiske og himilske Rike yvigjevi.“ Ja det vert sagt, at Paven kann motverke Guds Lov, ved avgrensande (innknipande) Tolkingar o. s. fr.

Dette er katolsk Kyrkjetru; Paven krev ho og hev gjort ho til Sælevilkaar. I eit Bannlysingsbrev yvi Dronning Elisabet segjer Pave Pius VI, at Gud „yvigav ei heilag katolsk og apostolisk Kyrkje — og utanfor den er ikkje Frelse — til ein einaste paa Jordi, til Peter, Apostelfyrsten, og til Peter-Fylgjaren, Bispen i Rom, med Styringsfullmagt. Honom aaleine gjorde han til Fyrste yvi alle Folk.“

Pave Nikolaus I segjer beint ut, at Paven ikkje karm verte dømd av Menneskje, „av di han er Gud“. Etter Pave Innoncents III sìt Paven „paa den sanne Guds Stad“; Ord som „vaar Herre Gud“ er beint ut bruka um Paven i Ordtydingane til Kyrkjelovi. Tvo kjende gamle Kyrkjelærarar segjer at Paven kann gjera „mest alt som Gud kann gjera“; men ein som skreiv seinare (Decius) strauk dette „mest“: Paven kann gjera alt som Gud kann gjera. Ein annan Kyrkjeherre segjer: Paven hev Forsæte i Verdi i Kristi Stad; ingin karm neite honom Lydnad meir enn ein kann neíte Gud Lydnad. Den engelske Kardinal Manning († 1892) forkynner, at Paven er „den øvste Domar og Styrar yvi Samvite aat Menneskjom“, og „den einaste, siste, øvste Domaren yvi Rett og Urett“; det er so Gud sjølv kjem burt, so breid og stor vert denne Motkrist.

Or gamle Pavebrev hev ein engelsk Granskar funni fram ei lang Liste med Ord som ber paa same Leid; her er nokre av deim:

„Difor, daa slik ei Magt, i Himilen, Helvite og paa Jordi, er gjevi Peter og i Peter meg (Paven), kven er daa den i heile Verdi som ikkje bør rette seg etter Bòdi mine?“ „Eg aaleine stend ikkje under nokon Skapning, ja ikkje under meg sjølv dess-meir“; „alle bør lyde og fylgje meg; og ingin maa skulde meg for noko vondt eller døme meg, og ingin avsetja meg, utan eg sjølv. Ingin kann bannlyse meg, um eg so hev Samfund med dei utstøytte; ingin Kyrkjeregel bind meg.“ „Det store i Prestedøme byrja med Melkisedek, vart vigt i Aron, fullkomi i Kristus, framført i Peter, opinberra i Paven. So at i meg, Paven, viser det seg aa ha vorti heilt ut til Røyndom, det som vart sagt um Kristus: du hev lagt alt under Føtane hans“. Paven maa ein daa alltid taka for god og heilag. Ja um han fall i Mord eller Hor[2], kann han vel synde, men ikkje verte klaga; han maa heller verte orsaka ved Myrdingane aat Samson, Stuldine aat Hebræarom o. a. „Heile Jordi er Prestegjelde mitt; eg er aandelegt Yvihovud yvi alle Menneskje, hev same Mynja som Kongen yvi Kongane. Eg er alt i alle og yvi alle, so at Gud og eg, Augnesyningi hans, me hev berre ein Domstol.“ „Kva anna kann dé gjera meg til enn Gud?“ „Um Kyrkjeherrar vert kalla Gudar av Konstantin“ (Keisaren), so maa „eg som stend yvi alle Kyrkjeherrar, dermed stande yvi alle Gudar.“ Difor „stend det og i mi Magt aa brigde Tid og Tidir, umgjera og avtaka Lovir, avløyse fraa alt, jamvel fraa Kristi Fyriskriftir“; for „um Kristus aldri so mykje byd Peter stinge sitt Sverd i Slira, tru daa ikkje eg, Pave Nikolaus, like godt skriv til Bispane i Frankrike og byd deim draga Sverde?“ „Kva skal eg segja um Mord, naar eg vedtek, at det ikkje er Mord eller Draap aa slaa bannsette ihel? Like eins tek eg fri baade fraa naturleg Lov og Apostel-Lovir; naar Kyrkeretten segjer at ein Prest skal misse Embætte for Hor Skuld, so segjer eg nei, av di eg meiner Mannahugen er veikare no enn han fyrr var.“ Og Paven sèt upp ei Liste paa 51 Bòd og Fyriskrifter som han paa visse Vilkaar gjev Løysing fraa. Han sèt like eins upp ei lang Liste yvi sine Innkomur og Dyrdir og Eigedomar og Land, uhorvelege Rikdomar som han eig, trass i Jesu Ord um dei rike.

At Paven i 1870 vart lyst mistaksfri, so at han no etter sjølve Kyrkjelæra er „liksom Gud“, veit me. Like eins veit me, at Bibelen i Pavekyrkja er bannlyst, so nær som i katolske Kyrkjeumsetjingar med tilsette kyrkjelege Forklaaringar[3]; og sjølve denne Bibelen maa ingin eige utan skriftlegt Løyve fraa Presten. I ei Pavebulle fraa 1816 er det sagt, at „ved dette overlag sløge Paafynster“ (aa gjeva ut Bibelen paa Folkemaal) vert „sjølve Grunnvollane for Trui undergravne“; og sjølve den milde Pave Pius IX banna dei „løynske og svikfulle Samlagi som vert kalla Bibel-Samlag, og som gjev den urøynde Ungdomen Bibelen i Hendane“.

*

Daa den kyrkjelege Mot-Messias var komin til Magt, reiste han seg mot den sanne Messias med ein Krig som er det styggaste og fælaste Heimssogo kjenner. All Heidning-Villskap fraa jamvel dei myrkaste Tidine er berre Barneleik mot den kyrkjelege Djevledansen som dei kallar „Forfylgjingar“.

Det gamle Rom hadde med all Heidindom fari etter Maaten lindt fram mot dei Kristne. Liksom Pilatus i Evangelie og Feliks og Festus i Apostelgjerningar freista dei romværske Hovdingane for det meste aa stogge Prestehate mot Jesus-Sveinane hjaa Jødar og Heidningar. Av Keisarane var det Nero og sume andre som dreiv med Forfylgjingar, helst i den Tidi daa det gamle Rom tok til aa ræddast for Dauden; men desse Forfylgjingane varde sjeldan lengi, um elles den under Diokletian var drjug nok (10 Aar).

Daa Keisarane vart „kristne“, vart det paa ein Maate verre. Det gav verdsleg Vinning aa kalle seg kristin, og „Kyrkja“ vart full av Skrymtarar; sanne Jesus-Sveinar vart heller trengde undan. Men full-gali vart det ikkje fyrr Pavedøme kom til Magti.

Daa tok det til med full Trudomstvang: Løn for dei kyrkjelege og Nedkvæving og Undantrengjing av alt som var att av Heidindom eller av den gamle Messiastru. Skriftemaale vart her serleg ut-nytta. Gjenom det fekk Kyrkja Greide paa Tankar og Synsmaatar hjaa alt Folk, og nytta denne Kunnskapen ut til aa draga sine eigne fram og skuve undan deim ho mindre kunde tru paa. Men ved dette kom ho uviljande til aa gjera sùmt godt au. At sann Kristindom laut lide i Verdi, det hjelpte daa som fyrr til aa halde sann Kristindom uppe.

Men i det heile gjekk det som det alltid gjeng der Lygni og Sjølvhugen raar: med Tvangsvelde vaks Skrymtardomen; og den gamle Messiastrui kjende seg meir og meir framand i Kyrkja. Og vart framand med. Dei Jesus-Sveinane som her og der fanst brydde ingin seg um; dei fór stilt og gjorde smaae Krav, og vart lite aatgaadde.

Men Kyrkja vaks; og Mot-Messias vart meir og meir Heimsens Herre. So vaks daa og Kravi hans. Og Pavemagti, som var bygd paa aandeleg Grunn, vart ved dette den verste av alle Tvangsmagtir.

Ho vilde raade yvi heile Menneskja, Sjæline ikkje minst. No hadde ho ikkje mykje av Aandsmagt. Det var gjenom Kjensla og Hugleiken ho maatte vinne: med Undersogur paa den eine og Rikdom og Glans paa den andre Sida aga ho Mengdi, og dei meir framkomne drog ho og batt til seg med Fagerdom og Kunst: Byggverk, Bilætverk, Tonar, storlagde Kyrkjeskikkar o. a. Og med dette vann ho langt. Ho vann Mengdi baade uppe og nede.

Men dei aalvorsamt gudelege og dei tenkjande, dei som kravde Sanning fysst og fremst, deim fekk ho mindre Magt med. Og meir og meir skyna ho at dette var faarlegt. Skulde ho vera trygg for si Magt, laut ho vinne desse med, — eller vinne yvi deim.

Det gjekk som det laut gange. Det som fyrr hadde vori Utestengjing, Til-sides-setjing, vart Tvang og Tyngjing, og sistpaa Vald; den „kristne Kyrkja“ tok sjølv til aa forfylgje Jesus-Sveinane (Valdensarar, Albigensarar, Hussitar, Hugenottar og kva dei utetter Tidine vart kalla). Og det vart Forfylgjing for Aalvor; Mot-Messias skyna, at her galdt det Tilvære hans. Det vart ei Forfylgjing, ikkje paa nokre Aar, men ei Forfylgjing som varde og som rakk, Hundradaar etter Hundradaar, og auka og voks, i Vidd utyvi heile den kjende Heimen, og i Hardhug og Villhug til ho naadde det høgste av Fælske som Sogo veit um.

Her berre nokre av dei grovaste Dragi:

Alt i Aar 630 maatte den spanske Kongen, drìvin av Kyrkjemagti, gjera Eiden sin paa, at han ikkje i alle sine Rike og Land vilde tòla anna enn kyrkjetrugne. I 1160 vart det ei hard Forfylgjing i England; 1224 tok Tyskekeisaren til aa brenne deim som „trudde rangt“; og Franskekongen gav seg til med det same i 1228. Pavane sjølv preika Krossferdir i Kristi Namn mot dei Jesus-Kristne, og lova Forfylgjarane — det verste Herk under Soli — Syndsforlating og fri Inngang til Himilen; paa den Maaten kom det i den fysste Helvti av 1200-Tale i Gang ein Trudoms-Ufred som varde i 20 Aar, med Brenning av Byar og Bygdir og Blod fløymande yvi Land; ein Stad vart 180 Menneskje brende upp paa ein Gong; det er so ein trur ein er i Helvite, naar ein lès um det. Men Kongar og Hèrmennar som var Førarar for denne Slagting og Brenning, dei vart av Paven lyste heilage; og Kyrkja dyrkar desse Heilagmenni enno.

Keisar Karl V forfylgde Luther og hans Flokk i alle sine Land; Hertugen av Alba fekk paa 6 Vikur Live av 18 000 Protestantar; i Holland vart 50 000, i Belgia 100 000, drepne for Vantru mot Pavekyrkja; i Frankrike hev me Blodbad og Blodbrudlaup i Merindol, Orange, Paris o. s. fr.; Mennar, Kvende, Born vart nedkniva eller uppbrende, ofte pinte og skamfarne paa den fælaste Vis; etterpaa gjekk Kongen i Kyrkja og takka Gud for det som gjort var. Og Kristi Jarl i Rom og hans Hovmennar song Lovsongar og heldt Takkemessur av Hjartans Grunn, og lyste dei verste Blodhundane heilage; „Forsvararar for den heilage Trui“ døypte ho deim. Eg kann ikkje rekne upp all denne skræmelege Molokdyrking i Jesu Namn; eg skal endaa berre nemne, at i eit einaste irskt Landskap, Ulster, vart i ei „Krossferd“ i 1641, etter ei Rekning som gjeld for rimeleg, 154 000 Protestantar drepne eller avjaga.

Men det fælaste av alt er Trudoms-Retten, „Inkvisitionen“, som kom upp i 1204.

Aa gjeva ein Tanke um det Helvite som med den vart kveikt yvi den „kristne“ Verdi, det læt seg ikkje gjera paa eit Ark eller tvo. Men eitt og anna kann eg nemne.

Den minste Mistanken um „Vantru“ var nok til at kven som helst, utan Varsel og utan Forsvar, ja utan so mykje som vanlegt rettslegt Klagemaal, vart innestengd i fæle Fangehol, og det paa reint uviss Tid, til dess den heilage Retten fekk Stundir eller fann for godt aa „forhøyre“ ’n. Sjølve Forhøyri var løynlege, og Pinebenken den visse Forhøyraren, so sant Syndaren ikkje strakst lét seg skræme til aa segja det „Retten“ vilde høyre. Det som er fortalt um desse Pinslune vilde me aldri kunna tru, um ikkje mange av Pinsleveldi og -Vaapni var aa sjaa baade her og der i europæiske Samlingar; sùme av deim hev eg sjølv set, og det kulsar i meg berre eg hugsar deim.

All Helvit Pinsle som ut læt seg tenkje vart utnytta her i Jesu Namn: Kvæving, Flaaing, Brenning, Ihel-Boring, Ihel-Svelting o. s. fr.; smelta Bly vart heilt i Halsen, eller i Øyro paa Folk; Hjul vart tilskipa med Knivsblad, som smaahakka Syndaren sund; paa dei Stadine av Kroppen som tòler minst vart han brend og knipin med gloraude Jønnstengar og Knipetengar; Augo vart klembde ut paa Folk, og Neglar utdregne med Jønn som glødde; sùme vart bundne med Tòg som vart dregne gjenom uppskòrne Hol i Hæl-senane; eller dei vart drivne til aa hoppe ut fraa Høgdir og ned paa Lausgolv med lange kvesste Spikar-Oddar upp-igjenom; der laut dei liggje til dei var ihelslitne av Verk og Senedraatt. Sùmt er slikt at eg orkar beintfram ikkje fortelja det.

Ei av dei utrulegaste Pinsle-Gognine er skildra i eit franskt Soguverk um Napoleon-Hèrferdi til Spania:

I ei Kraa i ein Kjellarkvelv attum Forhøyrssalen stod eit stort Bilætverk av Tre; det skulde vera Jomfru Maria. Um Hovude hadde det ein Straalekrans og i den høgre Handi ei Fane. Um Aksline hekk ei vid Silkekaape; men under den hadde Bilætstòdo noko som ei Brynju; daa dei saag etter viste det seg, at Framsida av Bilæte var fullsett med kvasse Saumar og smaae smale Knivsblad med Oddane ut. Bilæte hadde Armar med Lédir, og eit Gognverk attum ein Halvvegg sette Armane i Rørsle; ein av „Retts“-Tenarane vart tvinga til aa setja Verke i Gang; Bilæte rette daa ut Armane, liksom det vilde draga einkvar inn-til seg. Ein fullstappa Hèrmanns-Ryggsekk som dei lét det faa, drog det daa aat seg fastare og fastare. Sistpaa viste det seg, at Sekken hekk fast paa dei kvasse Oddane; daa dei fekk ’n laus og saag etter, var han all igjenom upphakka med Smaahol; kvart Hol var ei 2—3 Tomar djupt.

Um sjølve Fangehuse fortèl Boki:

Daa det vart opna, syntest ei lang Rad med myrke Hòlur som det stod liksom Liktev or; og noko som Skrymt kraup fram or desse Holi. Busteskjegg ned-yvi Bringa og Neglir som Fuglekløar skjemde desse Beinrangli, som no med hivande Barm saug frisk Luft for fysste Gongen paa lange Tidir. Mange av deim var Kryplingar vortne, med Hovudi frambøygde og Armar og Hendar stivt hangande; dei hadde vori innestengde i Hol so laage at dei ikkje hadde kunna stande rett. Mange døydde same Dagen. Generalen og fleire av Hèr-Raadane gjekk seinare inn i dette Fangehuse; dei saag her Pinsle-Reidskap so stygg-fæle, at jamvel desse Mennane som var vane med Vigvollar og all Styggedomen der, dei kulsa av Rædsle. — Og dette var endaa so seint som i Napoleon-Tidi.

Trudomsretten dreiv det so vidt, at stundom naar ein Arming var pint til dess han ikkje tòlde meir, lét dei ein Lækjar stelle ’n til Rettes att paa ei Vis, og gav seg so til aa pine ’n paa nytt Lag. Pinsla vart serskilt nytta til aa tvinge Syndaren til aa nemne fleire „Rangtruande“ som denne „Retten“ kunde faa i; Fanden hev aldri vori meir hol etter Sjælir til aa pine enn denne kristelege Trudomsretten.

Noko-so-nær alle katolske Land, i og utanfor Europa, hev havt slike Domstolar. Lærde Mennar som hev granska Sogo um dette jordiske Helvite, trur, at Pavedøme i dei siste 1300 Aari hev — endefram eller umveges — teki Live av slikt-noko som 50 Millionar Menneskje. [4]

Endaa i vaare Dagar priser katolske Blad dei „Trudomskjempur“ som paa denne Maaten hev elska sin Næste. Eit spanskt Paveblad nemner med Ros slike „heilage Mennar“ som Torquemada og andre, som det sjølv fortèl hev brent livande i alt 35 534 Mennar og Kvende (og dømt 293 533 Menneskje til andre Strafflr) berre i Spania; og eit katolskt Blad i Amerika skriv, at kunde det faa fylgje sin Hug, so vilde det sprette „Protestant-Læra“ „upp og léma ho sund; stinge ho paa Paalar og hengje ho upp til Kraakereir; sprengslite ho med Knipetengar og brenne ho med gloande Jønn; fylle ho med smelta Bly og sekkje ho ned i 100 Famnar djup Helvit-Eld“; — i Amerika segjer dei Protestant-Læra, vaagar vel ikkje paa Prent aa segja beint fram Protestantar. Og Bønir til Gud um, at den „heilage Inkvisitionen“ maa koma upp att, hev alt til dei siste Tidir vori aa lesa i katolske Blad. Den paveleg antikristelege Helvit-Elden brenn soleis aandelegt enno.

*

Med alt dette „tyrste Kyrkja ikkje etter Blod“. Det var den verdslege Magti som laut bera Skuldi for all denne Myrding og Brenning.

Endaa betre kunde Protestantkyrkja sidan skulde paa Riksmagti naar ho kveikte sine Baal; ho hadde sjølv gjevi seg inn under Verdi.

Det var elles ikkje for „Vantru“ Protestantkyrkja brende sine Folk; sjølve Calvin greidde seg her med Øks eller Galge. Det som no heldt Baali brennande var ei Djevledyrking av eit framifraa Slag.

Djevelen var komin til Magt paa ein serskild Maate. Det var han som raadde i Verdi no. Ikkje berre Faderen var gløymd; Gud i det heile var aa kalle avsett. Berre eit lite Faatal („dei utvalde“) raadde Gud yvi no; „Verdi“ hadde fengi Djevelen til Gud, og skulde høyre honom til æveleg.

Det var daa rimelegt, at Djevelen steig fram og viste si Magt. Det var ei Djevletid som no tok til; Trolldom og Develsdom spøkte all Stad; og mot denne Develsdomen var det at Baali vart kveikte.

Men nok fekk dei aa gjera no som fyrr; Baal lòga upp yvi heile det protestantiske Nord-Europa. Jamvel det fredelege Norig kom her med. Trollmennar og Trollkjeringar i Mengd vart sende Eldvegen til sin Herre Fanden. [5]

Men dei slokna, desse Baali med. Millom Grunnane til dette skal eg her nemne den, at Kyrkja no hadde fengi eit fullgodt Baal i hin Heimen.

Rom-Kyrkja hadde ikkje havt stort anna aa fara med enn Skirsle-Elden. Det var lite tess med det katolske Helvite; Folk kunde umvende seg i Skirsle-elden, eller verte kaupte ut av den; ein var daa aldri trygg paa at ein kunde faa dei vonde ned i den ævelege Elden.

No hadde Luther stròki Skirsleelden. Helvite var sett inn i Bibelen all Stad; og Folk skulde til Helvite no med same dei døydde, naar dei daa ikkje hadde den rette Trui. Dermed var alle ugudelege visse paa Helvite, Trolldomsyrkjarar fysst og fremst.

Dette hev gjort Kyrkja tryggare. Ære vere Gud. Me hadde Helvite, som baade brann æveleg og dertil var tusund Gongir heitare enn den heitaste Eld; no var det berre aa preike Helvite med Fynd, so vart sjølve Tollkjeringane rædde.

Soleis hev Helvite ikkje gjort berre vondt. Med sitt drøymde Eldhav sløkte det dei jordiske Baali.

Alle magistri, doctores, professores sette seg til med sine lutherske Biblar og skreiv hjartevarme Bøkar um, kor endelaust naadig og faderleg Gud var, som sat sæl i sin Himil og saag Stormengdi av sine kjære Born brenne æveleg i det uendeleg heite Helvite. Og Evangelie um Helvite vart forkynt med Kraft i alle Kyrkjur og i alle Skular.

Enno er Helvite Grunnen under Protestant-Kyrkja. Og som Messias i Rom kom burt attum Pavestolen, soleis kom han i Nordlandi burt attum Prestekjolar og Bokskaap.

Men som den romværske Antikrist hev bleikna paa sin Stol, so tek og den protestantiske Djevelen til aa folne. Me hev Prestar som vaagar aa tegja med Djevelen naar dei skriv paa Prent; ja det hender, at dei, naar dei skriv, i Staden for den ævelege Elden sèt inn „det rystende Mysterium i Begrebet Gjengjældelse“.

Med Folke er det verre. I Staden for den gamle truskyldige katolske Fanden hev det endeleg fengi den vonde og veldige protestantiske Djevelen inn i Tankeheimen sin; og det som verre er: Folke treng meir og meir denne Djevelen. For Folke ser, kor lite Rettferd det er i Verdi; og den einaste Trøysti det hev er den: i Æveheimen skal Lasarus hava det godt, men den rike Mannen skal brenne; heitare enn heitt, i Ævords Ævur og Endeløysur skal han brenne; brenne — —

*

Den sanne Messias talar gjenom den gløymde Bibelen enno det Orde som hev Magt til aa frelse Verdi: du skal elske, unne, din Næste som du elskar, unner, deg sjølv. Kjem Verdi nokon Gong so langt at ho kann høyre og skyna dette Frelsarorde?


  1. Charles T. Russell: Millenial Dawn i dansk Umskrift „Millenniets Daggry“ II, St. IX.
  2. Som til sine Tider høvde.
  3. Som til Mt. 3: 10: „Rangtruande ... kann og bør verte tukta og avliva ved den verdslege eller kyrkjelege Embættsmagt“, o. s. fr.
      Protestantkyrkja hev gjevi Bibelen fri; Folk som ikkje trur paa den kyrkjelege Bibelumsetjing og -Tolking vert berre dømde til Helvite.
  4. Meir um desse hugsame Ting kann den som hev Hug lesa hjaa Soguskrivarar som Macauley, Motley, D’Aubigné, White, Elliot, Foxe o. m. fl.
  5. Troels Lund: „Dagligt Liv i Norden i det 16de Aarh.“ XIII, S. 139.