Hopp til innhold

Ved Rundarne (Lauvduskar)

Fra Wikikilden
LauvduskarDet norske SamlagetI. II (s. 3031).

Ved Rundarne.


No ser eg atter slike Fjell og Dalar,
som deim eg i min fyrste Ungdom saag,
og same Vind den heite Panna svalar,
og Gullet ligg paa Snjo, som fyrr det laag.
Det er eit Barnemaal, som til meg talar,
og gjer’ meg tankefull, men endaa fjaag.
Med Ungdomsminne er den Talen blandad:
Det strøymer paa meg, so eg knapt kan anda.

Ja, Livet strøymer paa meg, som det strøymde,
naar under Snjo eg saag det grøne Straa.
Eg drøymer no, som fyrr eg altid drøymde,
naar slike Fjell eg saag i Lufti blaa.
Eg gløymer Dagsens Strid, som fyrr eg gløymde,
naar eg mot Kveld av Sol ein Glimt fekk sjaa.
Eg finner væl eit Hus, som vil meg hysa,
naar Soli heim til Natti vil meg lysa.

Alt er som fyrr, men det er meir forklaarat,
so Dagsens Ljos meg synest meire bjart;
og det, som beit og skar meg, so det saarad,
det gjerer harde Fjellet mindre hardt;
sjølv det, som til aa synda tidt meg daarad,
det gjerer sjølve Skuggen mindre svart.
Forsonad koma atter gamle Tankar:
det same Hjarta er, som eldre bankar.

Og kvar ein Stein eg som ein Kjenning finner,
for slik var den, eg flaug ikring som Gut.
Som var det Kjempor, spyr eg, kven som vinner
av den og denne andre haage Nut.
Alt minner meg; det minner og det minner,
til Soli burt i Snjoen sloknar ut.
Og inn i sidste Svevn meg eingong huggar
dei gamle Minne og dei gamle Skuggar.
Aasmund Vinje. (Or „Ferdaminni“).