Hopp til innhold

Unge Raamund

Fra Wikikilden
LauvduskarDet norske SamlagetI. II (s. 6568).

Unge Raamund.


1. Her bur ein Bonde inkje langt herifraa,
og den som heiter no Stein,
han heve seg dei Sønerne tolv,
men ingen er sliker som ein.
„Aa, det var no fulla eg,“ sa’ han unge Raamund.

2. Dei tena seg uti Konungs Gard,
han Homlung og so han Kaare;
men ingen er sliker som unge Raamund,
for han ber Hjartat av Staale.
„Aa, det er no inkje av Staal,“ sa’ han unge Raamund.

3. Dei ganga seg ut paa Leikarvollom,
der Hovmenner leika til Hove,
og daa var han Raamund paa Knokom berr,
dei Hovmenner at honom logo.
„Aa, de tarv no inkje lægja,“ sa’ han unge Raamund.

4. Han gjenger seg til si Fostermor inn
og bad hena skjera seg Klæde:
„Kongen vil meg i Tenesta hava
hans Hovmenn’ meg spotta og hæda.“
„Aa, dei tarv no inkje hæda,“ sa’ han unge Raamund.

5. Og Varpet det var utav Netle-Ris
og Veften av Videren smaa.
„Aa høyre du Raamund Bondens Son,
no skal du deg Klæde faa.“
„Eg fær vel endaa Klæde,“ sa’ han unge Raamund.

6. Og Varpet det var utav Netle-Ris
og Veften av Videren harde:
det var no inkje av Silkeduk,
det Raamund flutte av Garde.
„Nei det var inkje Silke,“ sa’ han unge Raamund.

7. Han gjenger seg til Kongsdotteri inn
og bad hena skjera seg Klæde:
„Fader din vil meg i Tenesta hava,
hans Hovmenn’ meg spotta og hæda.“
„Aa, dei tarv meg inkje hæda,“ sa’ han unge Raamund.

8. So rekte ho upp den Silkeduk
og skar honom Raamund Klæde,
Kongen og Drotningi undradst paa,
kvi Raamund skulde faa slike Klæde.
„Aa, de tarv no inkje undrast,“ sa’ han unge Raamund.

9. Der budde eit Troll uti Bergjom nord,
som vilde Kongsdotteri herja,
og Kongen han visste seg ingi Raad,
korso han skulde Dotter si berga.
„Eg skal hena fulla verja,“ sa’ han unge Raamund.

10. Inn so kom han Hølge Kvass,
det tyktest bresta under Tilja:
„Konge du skal meg di Dotter giva
alt med godan Vilje!“
„Du skal hena inkje faa,“ sa’ han unge Raamund.

11. Og det var no han Hølge Kvass,
han glutte seg bak yver Herd:
„Kvat er det fyr ein liten Svein,
som seg mun tru so væl?“
„Aa, det er no fulla eg,“ sa’ han unge Raamund.

12. Og sinnad so vardt han Hølge Kvass,
han stukad i alle Mollom:
„Du Raamund, du skal meg møta idag,
alt ut-aa Leikarvollom!“
„Eg skal deg fulla møta,“ sa’ han unge Raamund.

13. Og fyre gjekk alle Konungs Hovmenn’
og alle i Brynjurna side,
men etter gjekk Raamund Bondens Son,
han slefte paa Klubba den fride.
„No er mi Klubba skeft,“ sa’ han unge Raamund.

14. Det var no han Hølge Kvass,
han sneidde etter Konungs Merke,
Kongen og Hovmennenn’ saag derpaa,
dei skolvo som Ringen i Serki.
„Aa, de tarv no inkje skjelva,“ sa’ han unge Raamund.

15. Og det var Raamund Bondens Son,
han sneidde med Klubba den fride,
so slog han til honom Hølge Kvass,
at hans Hovud i sjau Luter driver.
„No slog eg hoste hardt,“ sa’ han unge Raamund.

16. Og det var Raamund Bondens Son,
han ser seg ut yver Fjord;
der ser han Trugen Ublid Svein,
i sterke Jarnbaaten han ror.
„Aa, ro no heran hit!“ sa’ han unge Raamund.

17. Og der sat alle dei Smaatrolli,
det glodde av deira Tenner:
„Men korso tru okkar gode Sverd
er komet i Raamunds Hender?“
„Eg munde det vel faa,“ sa’ han unge Raamund.

18. Fyrst hogde han Trugen Ublid Svein
sine aatta Hender ifraa,
sidan trugad han honom til Skortom fram,
der som det Gullet laag.
„Her finn eg Gullet rautt,“ sa’ han unge Raamund.

19. So hogde han Trugen Ublid Svein,
so han datt ned til Jord,
og sidan alle dei Smaatrolli,
so skuvad han Baaten paa Fjord.
„No hev’ eg voret der,“ sa’ han unge Raamund.
Or Landstads „Norske Folkeviser.“