Hopp til innhold

Um Storlæte

Fra Wikikilden
LauvduskarDet norske SamlagetI. II (s. 4346).
◄  Hjonlaus
Stevleik  ►

Um Storlæte.


Det er ein Ting, som fylgjer med dei ymise Tilstandi i Verdi, at der alltid maa vera myken Skilnad paa Folk, at sume maa vera megtugare en sume, og at den eine kan hava mangein god Givnad framfyre den andre. Men naar ein ser væl etter alt, so merkar ein og, at der er myket, som er likt med alle, at der er ymise Veilor og Vanskar, som endaa likaste Folket inkje er fritt fyre, og at det kanskje verdt rettelega litet, som den eine heve til aa gera seg stor av framfyre hine. Fyre det fyrste er der mange Fyremuner, som Mannen er liksom fødd med; han heve inkje lagt deim upp med sit eiget Stræv, men han heve fenget deim liksom sovande elder berre til Givende; og givna Gaavor skal ein takka Givaren fyre og inkje seg sjølv. Og dernæst skal ein hugsa, at desse Fyremunerne ero likso snart farande som komande; dei kan vera lette til aa tapa og tunge til aa halda, og difyre kann ein inkje rettelega stola seg paa deim. Aa vera stolt og storlaaten av slike Fyremuner er difyre jamnaste berre ein Uvitingskap, og det vantar helder inkje Merke paa, at agtande Folk ero smaalaatne og umgjengelege, medan faadugelege Folk ero so byrge og bratte, at ein kan kvida mot aa møta deim paa Vegen.

Storlætet heve manga Orsaker, og dei ero ikkje alla so myket mæta helder. Sume ero storvyrdne av Likams Magt og Styrke, og sume av ein fager Skapnad og eit fint Andlit. Men det er mange, som hava havt dei Fyremunerne og endaa havt liten Baten av deim. Styrke er godt aa hava; men endaa sterkaste Folki kunna verda utslitne og underbøygde av ymise Misfelle, og det heve ofta hendt, at ein veik og visen Bul heve gjort større Ting og stadet seg betre i Lengdi. Fagerskapen elder Vænleiken er og ein god Ting; men han er jamnaste kverven og kortvarug; han er lika eins som Blomen paa Marki, for han glimar og bragar, so lenge som inkje røyner paa; men so snart som det kjem eit Uvedr paa, so fell og folnar han Vonom snarare; og um han endaa slepp av fyre Uvedret, so heve han daa alltid ei kort Stund til aa standa i. — Ei onnor Rot til Storvyrdna er Standet, sidan der er ei gamall Tru um, at sume Standi skulo vera høge, og sume skulo vera laage. Men det er betre, at Mannen pryder Standet, en at Standet skal pryda Mannen. Det er gode og dugelege Folk til aa finna i dei fleste Standi, og det finnst ogso laake og faadugelege Folk i dei fleste. Og so hender det ogso jamt, at smaae Folk kunna vera so heppne, at dei koma i eit betre Stand, og at store Folk kunna vera so uheppne, at dei koma i eit verre Stand. — So er det og med Rikdomen, som mange Folk hava so ovlega store Tankar um. Han er sein til aa sanka, og snar til aa missa; den som var rik i Fjor, er fatik i Aar, og eit annat Aar er det væl ogso einkvar, som heve mist Magti si og lotet sjaa paa, at smærre Folk hava stiget uppatter i Staden hans. — So paa Lag er det og med ei stor Æra og eit stort Ord; der sjaa me ofta Døme paa, at Mannen kann missa det lika fort, som han fær det. Naar han kan fara fint fram og vera kvars Manns Vin, so kann det væl vara ei Stund frametter; men skulde han koma til aa gera eit litet Miskast elder nøydast til aa slaa paa ein Streng, som Folk inkje likar, so er det Ende paa den Skripna, og daa kann det henda, at han fær Skam til Takk fyre alt ihop. — Nokot dilikt er det og med et stort Vit elder ein stor Kunst og Lærdom; det er helder inkje nokot til aa gjera seg til av. Vitet er ei Gaava, som Mannen inkje heve gjevet seg sjølv; og mest lika eins er det med Lærdomen og, for han kjem oftaste av eit godt Næme og godt Tilhald i Yngdi, elder i det minste av ei god Raad og Tilleiding til aa læra. Og dernæst kan ein sjaa, at Vit og Lærdom ero helder inkje alltid paalitande; for der er mange Ting i Verdi, som ero so blinde og løynde fyre Manns Augat, at den lærde stend lika fast som den ulærde: og der er so mange Tilfelle, daa ei ring og vandelaus Raad kan gjera betre Gagn, en ei som er sløg og djuptenkt. Og helder inkje vantar det Døme paa, at ogso klokaste Folket kann ganga ein galen Veg, og at ein heimalen Styving kann stella seg betre en den, som klokare skulde vera.

Alle slike Fyremuner kann ein gjerna slaa saman og kalla deim berre ei god Lukka. Vistnog er det sume av deim, som Mannen kann auka og fremda med si eigi Verksemd, men alltid er det daa so, at han treng Lukka til Verksemdi si og, um ho skal vera til nokor Hjelp. Det er mange, som hava stridt og strævat fyre det, at dei skulde koma eit Stykke fram i Verdi; men det vilde inkje lukkast fyre deim, det var faafengt og gagnlaust alt kvat dei strævad. Og likavæl kann ein inkje segja, at dei vaaro mindre verde til aa hava Lukka en so mange andre. Det er vandt aa vita, kven som verdugast er, og det kann væl vera einkvar, som tenkjer, at naar alt skulde ganga etter Verdleiken, so vilde mangein liten Mann vera stor, og mangein stor vera liten. Men naar Verdleiken er so vand aa døma, so skulde den, som heve Lukka med seg, vera nokot varsam og vægjesam i sitt Umgjenge med deim, som hava havt mindre Lukka. Han skulde koma i Hug, at andre Folk kunde vera lika so gode som han, naar Lagnaden elder Umstødorna hadde voret lika gode fyre deim som fyre honom. Han skulde ogso minnast, at der endaa er visse Tilfelle, som bita lika hardt paa dei store som paa dei smaae, at der er visse Tilstand, daa alle maa luta og bøygja seg, og daa korkje Magt elder Æra kann hjelpa. Og allerhelst skulde han vara seg fyre aa bruka Magti si til Ugagn, liksom til aa skræma Smaafolket med og hogga mest paa deim, som minst kann verja seg. Dei kunna hava Mein og Møda nog, um dei inkje skulo hava Hat og Hæding av den, som dei helder skulde venta Hjelp og Stydnad av. Den som heve so stort eit Mod, han kan alltid finna eitkvart, som toler aa taka imot, so han treng aldri um aa øyda det paa nokot Smaaflygje; der kann alltid vera eit Verk elder ein Freistnad til aa gera, som krev baade Mod og Magt; og der er det høvelegaste til aa prova, kor langt det vil rekka.

Ivar Aasen. (Or „Prøver af Landsmaalet“)