Til fots
Til fots.
Naar dei fyrr i tidi tala um fot-turar, so meinte dei slike som gjekk tvers igjenom landet, fraa det eine hyrnet til det andre. Det var langferder som fraa Oslo by yver Kongsberg og Telemark elder Numedal til Hardanger, upp Hallingdal elder Valdres til Sogn, og endaatil gjenom Østerdalen radt til Trondheim, elder i minsto fraa Vetlehamar til Trondheim elder Romsdalen. Paa slike ferder kunde ein daa faa strekkja beini sine, og etterpaa kunde ein ogso skriva »ferdaminne« som det var noko i.
Ein fot-tur i vaare dagar vil segja aa sitja i ei jarnvegsvogn elder paa ein dampbaat den eine helvti av vegen, og kanskje det meste av den andre helvti og. Sidan aa sitja endaa stramare i ei kjerra elder ein karjol uppetter eit dalføre og innetter ei hei, fram til elder inn i sjølve fjellheimen. Daa er det kanskje so vidt ein kan faa bruka beini til aa kliva upp paa ei høgd elder ein tind og sjaa seg ikring, elder, naar det kjem høgt, aa rakla yver ein fjellrygg til eit anna dalføre, der ein kan faa setja seg i kjerra att Men det er daa folk som hev so mykje skam i seg likevel, at dei kallar ikkje dette fot-turar, men fjellturar.
Dei gamle velkjende farvegarne er no snart heilt gløymde. Det er ingen lenger som veit, kvar »Trondheimsvegen« gjeng, utan det endaa skulde leva att ein og annan som i si tid hev fare honom. Dei veit ikkje av nokon annan Trondheimsveg no en ei gata i Oslo, som dei kallar so. Og »Drammensvegen« gjeng no berre til Skarpsno. Det er daa ikkje alt som hev vorte større helder no mot i gamle dagar.
Eg tykkjer soleis eg kan rekna det for eit røysnastykke, berre at eg her i sumar gjorde ei ferd paa mine eigne bein gjenom heile Gudbrandsdalen, etter sjølve storvegen, fram og attende, endaa um det ikkje skulde vera stort anna aa segja um ferdi.
Det var no elles ikkje med den tanken aa gjera eit karsstykke, at eg tok paa meg ferdi og tok det paa den maaten som eg gjorde. Det var nok andre, og betre grunnar, fær eg segja, som var avgjerande. At ein brukar dei fargreior som ein no likevel maa hava med seg, kvar ein fer, skulde det vel elles ikkje trengast so mange grunnar for. Ein maa vera komen noko langt i »utvikling«, um ein skal finna det verdt aa taka ein hest med kjerra fraa anna arbeid berre for ein vanleg nordmans-skrott og ei lett skreppa og ei endaa lettare pengebok. Paa same tid var det og um aa gjera aa koma fort fram og attende, og difor var det eg denne gongen tok lettaste og beinaste vegen og ikkje kaga etter alle dei freistande sidevegarne. Attaat det vilde eg no likevel gjera meg all den hugnad eg kunde faa av ferdi, naar eg endeleg ein gong slapp laus fraa denne byen og kunde faa leva som eit menneskje ei stund. Det vil gjerne verta so faa av slike stunder, etter ein er komen so langt, at ein tykkjer ein veit kva det er aa leva. Men ein kan ikkje kalla det aa leva heilt, naar ein skal sitja stiv i ei kjerra, med ein skjussgut hangande bakpaa. Etter ein hev havt alle desse menneskjorne innpaa seg, kvar ein snur og vender seg, so vil ein helst vera fri slikt paaheng. Og ein skjussgut er no og eit menneskje, som ein ikkje godt kan fara saman med i timevis utan aa tala til honom. Og talar ein ikkje til honom, so finn han paa noko anna; tek til aa syngja, skal vera, — uppatt og uppatt det same heile vegen, men so løynsk, at det er raadlaust aa faa tak i kva det er for noko. Ein skulde ikkje tru ein slik kar hadde det so annigt med verdi; men er det ein stad ein gjerne vil gjeva seg tid, so kan ein vera viss med han tek til aa umla um at han maa skunda seg heimatt med øyken.
Nei daa skulde vel ein av desse hjulhestarne nettupp vera den rette for ein som vil fara frels og fri i alle maatar. Med den er ein fri alt andsvar for andre en seg sjølv, og slepp aa hava meir med skjussgutar elder anna folk aa gjera en berre som ein vind, naar ein fer framum dei. Og billeg er ho og aa fara med, ei slik akedoning, naar ein fyrst hev henne. Det skal ikkje vera mange vendorne ein gjer, segjer dei, fyrr ein hev køyrt inn att utlegget til henne. Og ein fekk vel sjaa til aa finna seg so mange erend aa fara etter, so det kunde verta raad til di. Visst er det, at det fell dubbelt tungt aa labba atti vegen, der ein hjulmann hev fare framum. Ein kjenner seg mest som ein snigel paa ei jarnvegs-lina. Men naar ein so legg merke til, korleis desse hjulryttarane, hjulmenner og hjulkvinnor, sit med baae augo spila fram og ned, ende burtetter vegen, so maa ein til aa undrast paa, kva det er desse folk ser etter, — og kva dei fer etter. Paa eit skifte midt i Gudbrandsdalen kom det farande inn ein hjulmann og skulde hava seg ein halv liter mjølk og tri bakkels, — dei maa vega vel kvart grammet, desse kararne. Han fekk daa so vidt tid til aa fortelja, at han hadde fare fraa øvste grendi i Sjaak um morgoen, og skulde til Vetlehamar same dagen. Eg laut daa spyrja meg sjølv, kva denne karen kunde segja han hadde set av Gudbrandsdalen, naar han var framkomen. Det kunde vel ikkje verta vidare anna en vegen det, og det som er aa sjaa paa den. Men so vidt eg veit, so er no ikkje der anna rart aa sjaa en etter andre køyrevegar.
Slik braahast hev dei no ikkje alle hjulmenneskje, kan ein vita, og dei kan daa sjølvsagt kasta seg av og kvila her og der, der dei tykkjer det er mest hugsamt aa sjaa seg ikring. Men det er so rart med det, naar ein soleis eins erend skal gjeva seg til berre aa njota og gleda seg i livet, liksom tvinga seg til det, so skal det vera vandt um det fær sit rette lag. Er det noko som ikkje lyder bod og tvang, so er det vel livsgleda. Ho lyt helst faa lov til aa koma fritt, naar ho vil, og som ho vil.
Ein kunde vel meina det kan vera ymist til meins for ein fotmann og, til aa gjera avtak i livsgleda for honom, slikt som saare føter t. d. Men med den ting er det no ikkje so faarlegt, naar ein veit aa taka det paa rette maaten. Kunsten er berre den, naar det tek til aa verkja i den eine foten, aa faa det til aa verkja i den andre og. Daa vert den fyrste foten so glad for det den andre og fær sit aa dragast med, at han gløymer reint aa verkja, — ja det kjennest slik lette og sæla i honom, at ein trygt kan segja det veg upp verken i den andre. So lenge varer ho no ikkje, som det jamnast vil vera med slik gleda; men so snart verken tek til att i den fyrste foten, so kjem turen til den andre til aa gledja seg kanskje endaa betre. Paa den maaten vert det syrgt for baade umbyte og jamvegt heile vegen, so visleg som det kan vera. Det er nettupp dette naturen er slik meistar til aa greia, der han fær raada og det ikkje vert sett alle slags paafund og steglingar i vegen for honom. Men etter kvart ser det no ut til han fær bugt med dei og, um dei er aldri so mange.
Um det daa stundomtil skulde koma til det, at vondskapen, det vil segja tvang og trykk, fær yvertaket, so er det berre aa finna seg eit fredlyst rom, nett som ein helst vil ynskja det og velja det, kasta av alt som trykkjer og trengjer, leggja seg attende i skuggen og lata den skire lufti salva føterne med sin balsam og strjuka dei med sine silkemjuke lokkar. Kva slike stunder veg upp, det er ikkje berre dagar med trav og tjaak, men heile aar i dauvskap og tykkjeløysa. Elder um ein vil gaa til toppen av njoting med ein gong, lata seg hugsvala av det svalaste svale og mjukaste mjuke, av vatnet i ein bekk, ei elv elder ein sjø, so er det ikkje vandt um kva ein vil av det slaget paa dei kantar. Det kjølande, dolmande vatnet sveipande seg heilt ikring all branden og mauringi, det er so at knapt Kneipp ein gong kan hava drøymt det. Er det daa ein og annan gluggen inn til sjølve holdet, so er det berre so mykje betre. Der kan sæla so mykje lettare trengja lukt inn i inste sjæli med ein gong. Likevel gjer ein no rettast i aa halda maate med dette som med all ovfagnad. Ein kan so lett verta noko blaut og kvælen for aldri so liten motgang etterpaa.
Det er berre eitt som kan spilla all fagnaden paa ei slik ferd, og det er naar ein raakar ut for slike folk som det nettupp var meiningi aa røma ifraa. Eg meiner ikkje nettupp lensmenner og andre rettens folk, — eg meiner desse fylgje av byfolk og andre langferdingar som ein no møter alle stader. I byen, der er det ikkje onnor raad; der fær ein tola dei, og kan endaatil koma seg til aa finna hugnad i ein og annan av dei. Men raakar ein dei so ute paa landet, der ein tykkjer ein skulde vera fri dei ein gong, so hjelper det ikkje, um det er dei skikkelegaste folk i sit slag du kan tenkja deg; det fyl eit ulikjende med dei, som ei minning um ein vond draum. Annarleis derimot med bygdafolk, kor uvande dei elles kan vera; dei høyrer med der dei er, og høver med, som dei skulde vera vaksne upp or grunnen, — aa segja um ikkje det er slike som hev skapa seg altfor mykje til etter byfolk, baade utantil og innantil.
Eg hugsar ein gong og gjorde ei ferd i lag med ein kjenning yver fjellet fraa Gausdal elder Svatsum til Skrautvaal i Valdres. Eg er mest rædd for aa segja, kor hugsamt det var paa denne ferdi; for det beste av alt var no likevel det, at heile vegen saag me ikkje likt til eit einaste bymenneskje, berre egte gudbrandsdøler og valdrisar, so nær som ein og annan hedemarking; men dei og høvde so godt med i laget, so ein gjerne kunde tru dei var fødde paa sine fjellsætrar der. Me hadde god tid den gongen, og me gav os god tid. Paa kvar stad me gav os fyre noko, var det reint eit tak aa riva seg laus att Men daa me so endeleg kom ned etter vegen til ei hotell-bygd i Valdres, so kom det med eitt imot os »spaserende« tvo damer med parasoller og ein herre med snipp og mansjetter og annan tilbunad. Dei var visst elles so meinlause som folk til vanleg er, og tenkte ikkje paa noko sers vondt, vil eg tru. Men det gjekk i os baae tvo paa ein gong, og eg saag paa kamraten min, men so myrk som han var i augo daa, veit eg aldri eg hev set honom.
Ja eg veit ikkje skileg korleis det kan vera med det ein mann skreiv um her um dagen, at snippar og alt det skulde hava slik magt til aa daara bønder og halvbønder. Med alle er det no ikkje so, det kan eg trygt segja. Eg vil ikkje ein gong tala um dei bønder som gjerne kunde hava so fine snippar sjølve som nokon prins,[1] um dei vilde. Men elles skulde eg tru, at no i vaar tid, daa nokon kvar hev lært aa kjenna til kva det er i desse snipparne, at det er berre potetesmjøl, so er det ikkje mange ein kan setja age i med dei lenger.
No ja, so lenge ein berre gjeng etter vegen, etter »djupaste dale«, kan ein vera trygg for ein ikkje fær so mykje med ferdesfolk aa gjera. Det er knappast ein einaste av dei no lenger som vilde finna paa aa gjeva seg i lag med ein slik kropp. Ein ser ikkje meir til dei en ein og annan blinken, naar ein møter dei elder dei fer framum, — um ein daa vil bry seg med aa sjaa etter. Men du kan no ikkje godt leva paa landevegen elder i utmarker heile tidi helder, naar ikkje du vil draga altfor mykje med deg og gaa som ein annan kløvgamp. Og vil du ikkje gaa for ein snikegjest, so fær du helst taka inn paa dei stader som er laga til for farande folk Men daa er det best aa sjaa seg vel fyre, um ikkje du vil dumpa midt upp i »civilisationen« med ein gong.
Naar du kjem fram mot eit skifte, og du ser noko firkanta stort, blakt og bleikt, mest som det skulde vera innsett med stivelse, glaama imot deg, so skal eg straks segja deg, kva du hev aa venta, naar du kjem nærare. Fyrst eit stort firkanta flatt rom tett inmed vegen — dei ligg jamnast tett inmed vegen og helst paa flati, desse skifti — og det romet fyllt med alle slags køyredoningar, firføtte hestar og hjulhestar, kuskar og tolkar. Og innimillom dei og paa troppi og alle stader inne i det bleike huset damer og herrar, som »konverserar«. Det kan dei no ikkje lata vera, kvar dei kjem, um dei so kom til nordpolen, trur eg. — Men er dei bleike og kaldslege aa sjaa til utanpaa, desse husi, so er dei so mykje betre klædde innantil. Der er allting klædt, stolar, benkjer (elder »sofaer«, som dei daa er kalla), bord, golv, veggjer (med papir) og endaatil vindaugo. Kva all denne klædingi skal vera til no midt paa heite sumaren — um vintren stend no desse husi tome, veit me — det er ikkje so godt aa skyna. Kanskje det er for aa gøyma fraa det eine aaret til det andre den fine angen av pommade, cigarar og onnor vellukt. Dei tunne flugsorne for vindaugo kan no vel ikkje duga til anna en til aa stengja for utsyni. I byen kan det no og altfor ofte vera so, at ein kan hava best hug til aa gøyma den vesle utsyni ein hev; men kva grunn det kan vera til det paa landet, er verre aa skyna.
Nei dette er ikkje ein stad for ein trøytt mann. Det er byen som sender sine trivletraadar ut etter deg og vil suga ut av deg den friske livskrafti du no hev samla. Men er du ikkje altfor trøytt, so er det no raad aa koma framum. Vegen er daa fri likevel, og eg kan trøsta deg med, at i Gudbrandsdalen er det no endaa kvilestader aa finna, so høvelege som dei nett skulde vera laga for slike karar. Du fær berre vera noko umsynleg i fyrevegen, sjaa vel etter i reisebøkerne etter dei skifti som det der er sagt minst um — berre so vidt nemnt namnet og ordet »station«, men ikkje noko um »middag« og slikt, elder um »kvartér«, og slett ikkje noko um »godt« kvarter — daa kan du vera viss um det er so godt som du paa nokon maate kan ynskja deg det.
Naar du kjem fram til eit slikt skifte, so ser du ein krinsel tjørebrune bygningar midt uppaa ein haug eit godt stykke upp fraa vegen; — han er 3—4 hundrad aar gamal, som han no stend der, denne garden, skal eg segja deg, so han er ikkje lett aa rikka. Fremst i laget stend gjestehallen — skaalen tykkjer du no helst du vil kalla det, — høg og roleg, og helsar deg velkomen paa gamal vis. Det adels egte syner seg alt med fyrste augnekast. Ingen farge som skjaarøyter; ingen paaklint stas, ikkje so mykje som ei fjølspildra til klædnad paa heile den breie veggen. Men trur du han skal vera det minste morken, so fer du i mist. Desse breie føre stokkarne er reine adelen all igjenom, slik som han ikkje finst lenger no her i landet, utan kanskje i dei øvste bygder i Gudbrandsdalen. Du tarv aldri ottast for ein slik bygnad. Berre lat han faa staa i fred du, so skal du sjaa han er plent den same likso mange hundradaar heretter som no.
Onnor innbjoding treng du ikkje aa venta paa. Hallen stend open, og du kan trygt og rolegt gaa inn og setja deg, der du best likar. Godt ryggstøe for ein trøytt kropp er det no aa finna kvar du vil, men aller best kanskje paa benken inmed veggen med dei breie stokkarne og dei greie veggjafellorne. Det er so hugsamt aa halla seg inn til noko so trygt og trufast, ikkje ottast at ein skal slaa nakken igjenom eit papirflak midt inn i eit leirflak. Det er plent som lufti og alt var endaa friskare en ute; men det kjem no vel helst av det, at ein elles er so vand med aa kjenna noko dauvt imot seg, naar ein kjem inn i eit hus. Kva skilnaden kjem seg av, er no lett aa faa syn for. Det er ingen fillor elder valkar her til aa samla og halda paa dauvskapen. Alt er fritt tilgjengelegt for rein luft og vatn.
Og det er ikkje noko helder her som treng skjul elder hylster. Den husbunaden du ser her vil kanskje synast deg drjug og før mot det sprinkelverket du helst er vand med. Men ser du rett etter, og hev lite grand auga for slikt, so ser du det hev ein sving alt saman, som gjer det makalaust fint likevel. Det er kunst, utan klutr. Ingen utkrotingar, korkje med kniv elder pensel, paa noko av det som er til kvardagsbruk. Slikt høver no ikkje helder, kor gildt det kan vera, til anna en stasstykke. Det einaste kan vera det store klokkehuset, som no alltid er noko for seg sjølv og meir framifraa fyre seg gjort. Eg veit ikkje rett kva det kan vera, som gjer desse gamle klokkorne med sine klokkehus so reint hugsame, meir en nokon annan ting i eit hus. Det er som ein ser paa dei, at dei veit kvar dei høyrer heime, og ikkje er til aa slengja fraa den eine hylla elder skaapi til den andre. Og so denne jamne støe tikkingi, — det er ikkje noko fjas elder vingl der.
Men eg gløymer peisen, han far sjøl i stua kor som er. Det hev vore sagt, at det skal vera latin elder fransk i honom og, i minsto i namnet. Men kvar han no kan vera komen vandrande fraa, saman med eventyri truleg, so er det daa visst, at det er her han hev fenge sin rette heim og si rette gjerd, liksom eventyri. Dei høyrer i hop. Alle dei som aldri kan tola noko gamalt her i landet, i vissa naar det er norsk, dei hev det so annvint med aa prenta inn i folk, at han er hard med veden. Dei saag gjerne peisen umbytt med ein. svartslikjande, luktande kol-omn, berre dei fekk sit fram. Kunde dei ikkje helder finna paa det raadet, aa faa folk til aa læra seg til aa tola lite meir kulde um vintren og spara paa veden og skogen paa den maaten. Gjeng ein berre rimeleg klædd, so skal det ikkje stor husvarmen til; det vilde berre vera til endaa større vinning paa friskleiken, helsa og herdsla og nordmanskap. Ja her kan du stella deg som du var heime. Det er dit aa kalla alt saman dette, den stundi du er her, dit aaleine. Det kjem ingen av vaare farande folk inn paa ein slik gard, ikkje for aa gjeva seg til der i minsto. Det einaste kan vera ein og annan finnlendingen. Dei folki er no noko for seg sjølve, dei. Det maa visst koma av det, at dei hev havt so mykje maalstræv. Dei segjer det dei, at nytt, det fær ein alltid sjaa nok av, og meir en nok, kvar ein kjem no for tidi. Men noko som er gamalt, gamalt og i sit rette lag, paa eigen grunn, det er ikkje titt aa faa sjaa i vaare dagar.
Vaare eigne byfolk derimot, naar dei kjem inn Paa ein slik gard som snarast, og dei ser dei usminka tjørebrune veggjerne, og ikkje noko slags hamsing og klining inne helder, so trur dei det er berre reine armodsdomen. Dei kan ikkje tenkja seg velstand og folkestell utan byfjøgl. Og dei fører seg daa ogso deretter. Det er ikkje tale um at dei kan njota nokon ting paa ein slik stad. »Det er middag aa faa paa H. . . (næraste skiftet) — er det ikke saa?« — Kanskje det daa alt er høgst middag, og kanskje eg nettupp sit i høgsætet og fær meg middagsmat — spekekjøt og flesk elder fjell-aure og andre gode ting. Men det læst dei ikkje sjaa. Det er ikkje middagsmat dei skal hava seg, men »middag«, elles var nok dagen spilt for dei. — »Jo, kanske Di kan la os faa noe melk . . . straks! aassaa noen gläss; men di maa være rene!« — Jau, mjølki kjem inn, og glasi med, so blanke og reine som det aldri er raad aa faa dei i byen, der det legg seg kolrusk og gatedumba paa alt, likso fort som ein vaskar det. Men likevel maa dei no fyrst setja nasorne sine ned i mjølkemugga og glasi, og so taka upp ein duk dei hev med seg til det bruk, og turka av dei, medan gjenta elder kona sjølv stend og ser Daa. Er det gjenta som er inne, og dei høyrer ho talar bygdemaalet, so kanskje dei freistar aa gjera det godt att med aa spyrja etter friarane hennar og slikt som kan gaa inn under det emnet, — aa segja um ikkje det er »damer« inne daa.
Eg veit ikkje um byfolket i andre land er slike; men ein skulde knapt tru det, etter det ein ser av dei utlendingar som kjem her. Dei hev so mange samlag no for tidi. Kunde ikkje vituge byfolk — for det finst daa slike her i landet og — skipa eit samlag i kvar by, til aa læra bysborni sine folkeskikk, so mykje dei ikkje hadde altfor stor skam av dei. Um mange av dei ikkje er nett som dei her er skildra, so er dei so leie til aa tjota og masa, at dei er ikkje til aa halda ut med paa den maaten att.
Det er ikkje godt aa vita, anten dei ikkje kan, elder dei ikkje vil skikka seg betre. Dei trur kanskje det ikkje nyttar aa tala annarleis til vanlege bønder elder landsfolk. Men du kan daa freista. Du kan for det fyrste freista aa tala som eit vislegt menneskje til gjenta, og ikkje som ein flaap, so kanskje husbondsfolket med, mannen elder kona i huset, kan sjaa inn til deg, naar dei fær høyra det er kome skaplege folk til gards. Daa kan du faa ei samrøa som det er heil hugnad i, som du ikkje vert beisk i munnen etter. Er det nokon som kan vera svipleg og fintenkt i sin tale, so er det gudbrandsdølen, og attaat det fri. Men um det skulde henda han kjem inn paa eit faarlegt emne, tykkjer du, so ver ikkje rædd, at han skal gaa yver streken. Han legg ikkje noko vondt elder ufint inn i det han segjer sjølv, og daa vert det ikkje ufint helder. Mykje gjer no maalet og, kanskje. Det hev slik ein hoggande fin og god klang, so ein tykkjer det fell so godt alt som vert sagt paa det maalet.
— Tidi gjeng berre altfor fort; du maa til aa tenkja paa kvila. Men naar du daa kjem upp paa den store salen som stend og ventar paa deg, som du ogso fær hava heilt aaleine, og du ser det frie utsynet til alle kantar utyver bygdi i sumarkvelden elder natti, so kan du mest ikkje vinna deg til aa leggja deg, so innbjodande ho er, den trauste sengi. Det er slike sjeldfengde stunder, som det er vandt aa vita um ein fær att, — aa faa leva i noko som gjev heil hugnad ein gong, som ein ikkje kunde tenkja elder ynskja seg betre, ikkje berre naturens verk, men ogso det som er menneskjeverk, og ein kunde gjerne leggja til — menneski med. Um ein tenkjer paa alle dei »forbetringar« elder »framstig« ein elles hev set elder høyrt tale um, ein vilde ikkje sjaa dei for sine augo eit einaste eit av dei. Tenkja seg t. d. dette huset utsett med desse knapparne, som det berre er aa gjeva ein trykk, ein gnell, og so alt ein vil hava kjem farande inn til ein som ein eld, — ein vilde driva til knapparne so dei fauk, riva traadarne og all develskapen av og hiva dei paa elvi. Det er ingen av alle desse aatgjerder, som dei no er i minsto, som høver inn her; dei vilde berre avlaga, tjona, skjemma. Fullkomenskapen er naadd med det som er, all den fullkomenskap ein vil hava, og nettupp den ein vil hava. Det eine høver med det andre fraa fyrst til sist; sjølve veilorne, um nokon vil kalla det so, høyrer med til fullkomenskapen dei og.
Ein vert teken av ein undarleg djup vyrnad for dei gamlekararne som forstod aa stella alt so sviplegt, so heimhøvelegt; og ein mest endaa større vyrnad for dei ættingar som hev havt vit og vyrskap til aa halda det so trutt i hævd, daa dette i røyndi er endaa meir faasynt, og for so vidt eit endaa betre vitne um mannevit og manneverd. At dei hev teke etter og lært utanifraa mangt og mykje, her som andre stader, er trulegt nok Men at dei ikkje hev teke etter som apekattar, det syner seg greitt nok, naar ein ser korleis det eine høver til det andre, gjerdi høver nett til emnet. Det maa vera gamal kunst, gamalt lag, som hev gjenge i arv og fest seg, jamt og støtt, fraa ætt til ætt.
Er det noko ein kan kalla sersyn i vaare dagar, so vil eg segja det er dette, aa fara gjenom bygd etter bygd og sjaa gard etter gard med berre hundradaar-gamle staute hus alt saman, slik som ein ser det i Gudbrandsdalen, i vissa i dei øvre bygderne der. Merkeleg nok hev dei ikkje funne det naudsynlegt der aa riva ned det gamle, berre for di andre kanskje hadde noko som var nytt. Dei kunde aldri faa betre hus, høvelegare, varigare, gjævare, — og kva skulde det daa vera til aa riva ned, for aa faa noko i staden som det ikkje var anna vunne ved, en at ein kanskje lettare kan verta det kvitt att, med di at det røyter og rotnar ned av seg sjølv. Skal tru det ikkje er mange bygder i landet, der dei no kunde havt det mykje høvelegare og skaplegare paa gardarne, um dei hadde halde betre paa det gamle velrøynde, i staden for mykje av det apekatt-stellet dei no hev. Kan vera det daa hadde »lønt seg« endaa aa vera gardbrukar. Dei umbøter som er mest turvande fraa tid til tid, og som løner seg best, det er jamnast dei som er lettast aa gjera, utan større utlegg elder umkumpling, berre med umhug og ettertanke til aa byggja paa dei røynslor som er gjort, og nytta ut det som kvar stad hev aa bjoda. Livet krev ikkje det same av alle og paa alle stader, maa ein vita. Det vil hava byte paa umbunaden, det.
Me veit nok, at det var mykje kome til forfalls i dei tronge tider, i vissa der det elles var trongt laga. Men sanneleg det var mykje som var verdt aa halda paa der og. Det laag daa hundradaars og tusundaars røynsla samla i det, som ikkje var til aa kasta paa rateloftet. Det kan snart koma den tid, at folk tek til aa leita etter det att, og daa skal me sjaa det kjem vel med aa hava slike bygder som korkje hev late seg seinka av trengselstider elder riva med av floksetider, men hev halde sambandet heilt og framgangen jamn og ubroten fraa vaar gamle velmagtstid, — ein stad der folk kan faa sjaa og læra norsk mynsterstell. Dermed er det ikkje sagt, at alt det som høver so vel i Gudbrandsdalen skulde høva likso godt, slikt det er, i kvar onnor bygd i landet. Ein fekk vel lempa og laga paa det med, etter tid og stad. Men so mykje maa ein kunna segja, at det skulde daa vera høvelegare og lettare aa lempa og laga inn i norske bygder en det som vert teke beint fram fraa byarne elder fraa utlandet.
Berre no Gudbrandsdalen fekk lukka til aa halda ut og halda fram sameleis heretter som fyrr. Men det vert vel hardare og hardare aa halda imot for kvar tid som gjeng. Alt no ser ein desse ulenkelege krake-armarne og mannæt-traadarne tøygja seg lenger og lenger upp etter dalen, ikkje berre etter hovuddalen, men upp etter sjølve sidedalarne vert ein forfylgd av desse traadarne, heilt til fjels. Langt nede i Gudbrandsdalen saag eg denne gongen ei slik mannæta, »centralstation« trur eg dei kalla det, med traadar ut til alle kantar, utyver heile bygdi. Det var eit med dei uhuglegaste syn eg hev set. Kva ein no vil segja um desse nye aatgjerderne, so er det ikkje mange av dei ein skal finna vidare hamlege og hugsame aa sjaa til. Ikkje desse kongurtraadarne som tøygjer seg uppyver hovudet paa ein, mil etter mil; og ikkje dette leddyret som bugtar seg upp etter dalarne, stynjande, gneistrande og gnellskrikande, sender svart illtev ut yver bygdi og skræmer upp alt levande paa lang lei. So lenge ein ikkje hev fenge dei skaplegare, so var det vel rettast, som dei gjer sume stader, aa gøyma dei av i jordi. Det er ikkje ventande helder, med den braahast og det jag dei hev kome til og hev velt seg utyver verdi, at dei skulde høva inn i ein natur og ein kultur som hev arbeidt seg fram og jamna seg til stig for stig gjenom tusundaar etter tusundaar. Ein fær daa vona, at er det so dei hev leverett, so maa det verta ei raad til aa faa lag paa dei og, elder faa dei umbytte med andre, som baade kan fagna og gagna. Det hastar daa ikkje so fælt, godtfolk, med aa riva ned det som er laglegt som det er, berre for aa gjera det og ulaglegt og faa samhøve paa den maaten. Lat helder nykomingen læra aa folka seg og taka skikken der han kjem.
— Me veit det er mykje tale i vaar tid um den verknad som landet, jordbotnen, lægjet, verlaget og slikt, skal hava paa det folk som bur der. Noko maa det truleg vera i dette, um ikkje det alltid er so lett aa gjera greia for det. Men skulde det vera nokon stader i vaart land der det er lett aa faa syn for ein slik samanheng, so trur eg det maa vera i Gudbrandsdalen. Fjell og dal, bustader, folket med deira bunad og heile stell, — alt samlar seg til eit ljost bilæte, so samhøvelegt som det er raad aa tenkja seg det. Naar ein ser desse røslege, lettbære fjelli, aldri tyngjande elder stengjande, berre so dei leier og lyfter syn og tanke upp til dei leikande frie vidderne, so synest det aa segja seg sjølv, at her maa det bu folk som er baade lettliva og hugstore, fjelgslege og byrge. Og i den reine, lette lufti, frisk fraa vidderne, kan det ikkje tenkjast anna en eit reinslegt, fint stell. Ein kan mest ikkje skyna, kvar dei skulde faa sufs og surp ifraa, um dei vilde hava det. Ja, naar du kjem upp etter dalen ein tidleg sumardag, og fær ein glytt av fjellkrunorne med det blenkjande snjolaget kring seg, so er det ikkje fritt det minner deg um den staute, skirleitte gudbrandsdalsgjenta med det alltid skire, ljose og lette hovudplagget.
Men med dette lyt eg lata gudbrandsdalsgjentorne fara. Eg torer ikkje no fylgja deira lette stig inn etter viddi til deira rette heim, sæterheimen. For ei gudbrandsdalssæter gjeng yver alt ein kan skildra elder tenkja seg her i verdi av skirleik, venleik, trivnad og hugnad. — Det var sjølve dalen me skulde halda os til denne gongen.
Eg kan tenkja det hev undra ein og annan, at eg endaa hev tala so lite um det som for ein maalmann skulde vera det fyrste, det som livet skulde finna si klaaraste og djupaste avspegling i, — maalet. Det kunde sjaa ut som ikkje det var noko sers aa segja um maalet i Gudbrandsdalen. Ja eg veit ikkje so visst, kva ein maalgranskar vilde segja um det, um det nettupp er av dei rikaste maalføre. Eg trur ikkje det er der det hev sin styrke. Men spørst det etter fin klang og ein grei, snau sving, so trur eg ein skal faa leita etter maken, endaa eg veit det er mange her i landet som vilde tevla um prisen, og at det ikkje er so lett aa døma i slikt, daa dei hev det kvart paa sin maate. Sunnmørsken t. d. er merkeleg mjuk og fin i klangen, i vissa i barnemunn. Eg hugsar no paa denne ferdi ein dag eg var komen paa Sunnmørs-grendi og hadde lagt meg til aa kvila paa eit skifte, ein fjellgard. Ute var det reint ufyse med veret, si-regn og blaast, som elles kan vera hugsamt, det og, aa sjaa att for ein gongs skuld, naar ein sit inne i ei hyggjeleg stova. Men her var ikkje anna inne til aa kvila augo paa en nokre fæle sprungor i dei tjukke papirflaki paa veggjerne, og so nokre skimlute, fillute putestolar. Det skulde vera til finframande, dette romet, maa vita. Som eg skulde til aa blunda, tok ein liten gutunge til aa kvinkra utfor veggen, og so kom det ei noko eldre syster, høyrdest det ut for, og skulde stilla honom. »Du maa’kje graate,« sa ho. Og guten stogga, han; men det var nær paa eg hadde teke til i staden. — Kanskje er det ikkje so faarlegt likevel med dette framandreket her i landet, so lenge barnemaalet held seg heilt og friskt.
Gudbrandsdalsken derimot er fyrst og fremst upplivande. Eg minnest ein danske, trur eg det var, som hadde reist i Gudbrandsdalen og talar um maalet der. Og han veit ikkje betre aa skildra det inntrykk det gjorde paa honom, en at han kjende seg ferdig til aa dansa halling, naar han høyrde folk tala dette maalet, sa han. Noko raakande er det i dette, endaa gudbrandsdølen er ikkje hallingdansar, kva det no kan koma av. Kanskje han er for jamt i godlag til det.
Men spør du etter maalstræv her i denne kjernenorske dalen, so lyt eg til aa tala sagte. Dei maalmennerne det er i heile denne lange tettbygde dalen med dei mange sidedalarne, dei er snart talde. Det er berre so vidt dei kan naa til aa fretta til kvarandre, tenkjer eg. At dei skulde raaka til aa sjaa kvarandre, skal det visst mykje til. — »De skulde ha stryk, de gudbrandsdølerne,« sa eg til ei gjenta paa eit skifte der, »som hev so godt norsk maal og ikkje bryr dykk meir um det.« Men stundom er det som ein gruvar seg og for ei maalreisning her. Ein maa ottast, at ho berre vilde riva upp den jamne og fine grunnen. Til aa veksa seg vent i minsto, treng no eit maal fyrst og fremst fred, og berre dei andre vilde lata bygderne vaare i fred, so skulde no ikkje me maalmenner vera dei fyrste til aa uroa dei.
Men det gjeld nok her og, det gamle ordet: vil du hava fred, so bu deg til krig. Gudbrandsdølerne med fær no til aa reisa seg, baade for si eigi skuld og for andre. Fienden trengjer nærare og nærare inn paa dei og midt inn imillom dei. Alt no paa denne ferdi høyrde eg der — for fyrste gong — folk som var byrge av at dei hadde lært aa tala av »dannede mennesker«, som dei sa. Slikt fær ein taka i roti, skal det ikkje eta kring seg; det nyttar ikkje berre aa blaasa aat det. Det er so rart med det; sauenaturi er det no alltid noko av alle stader. Naar ein fer fyre, um dei andre fyrst tykkjer det berre er til aa flira aat, so endar det gjerne med at dei fer etter, dei og. Skal ein staa seg mot slikt, so maa det baade samraad og samhald til. Ein fær baade taka mot og gjeva hjelp, skal ein ikkje verta standande aaleine og hjelpelaus.
Og gudbrandsdølerne hev baade mykje og godt aa gjeva, naar dei kom med i reisningsarbeidet. Ikkje minst reknar eg det, at dei kanskje betre en nokon andre kunde syna maalmennerne, at me ogso hev anna her i landet som er vaart eige, anna som det er verdt aa strida for aa halda uppe en berre maalet.
Folk legg seg no so mykje etter aa vera den fyrste i eit elder anna, mest like godt kva det er, og meiner det skal vera slik æra i det; men dei tenkjer lite paa, at det ofte kan vera likso stor elder større æra i aa vera den siste. Den siste romaren, den siste mohikanaren og fleire slike, — det er karar som hev vorte namnkjende. Derimot den fyrste romaren og den fyrste mohikanaren, og so mange andre fyrstemenner, hev eg ikkje høyrt nokon veit av aa segja ein gong. Eg hev difor gjort meg ein tanke um, at eg kanskje kan koma til aa vinna meg eit namn med denne fotferdi mi, daa eg skal tru ho kjem til aa verta den siste i sit slag for alle tider, so lenge verdi stend. Eg saag ingen medtevlar paa vegen, og kjem det berre ingen etter meg no i sumar — og det held eg mest utrulegt — so er eg trygg, so snart hausten kjem og jarnvegen vert ferdig til midt upp i dalen. Det kan daa ikkje vera nokon rekordmann som finn paa aa labba jamsides med den, veit eg. Sant aa segja, so gjekk no ikkje eg helder heile Gudbrandsdalen, radt fraa Vetlehamar. Daa eg tok paa ferdi, so var det nok, som fyrr sagt, anna eg hadde i tanken en det aa vinna frægd med henne. Og endaa um eg hadde havt so mykje ettertanke daa, so trur eg likevel det hadde falle tungt aa stiga av jarnvegsvogni paa Vetlehamar elder gaa framum den vesle dampbaaten som laag og venta paa meg nede ved Losna-osen. I staden gjekk eg daa so langt det var komande paa den andre kanten, radt til og fraa sjøen og endaatil tvert yver millom baae hovudgreinerne av Gudbrandsdalen vestantil. Men skulde han melda seg, den som sist hev gjenge denne vegen heilt fraa Vetlehamar, so fær eg helder dela æra med honom. Det vert endaa nok til baae, skulde eg tru.
Visst er det, at det sette bisn i folk, der eg fór. Um det kom køyrande aldri so drustelege vogner, med greivar og kongar i kanskje, so lea dei ikkje paa hovudet etter dei ein gong. Betre gjekk det ikkje med hjulmennerne helder, det eg kunde sjaa, og knapt nok med hjulkvinnorne. Men naar eg kom reikande, med skreppa paa ryggen, — daa kan du tru dei fekk hovudet upp, og vart standande heile flokkarne og einstira, midt i arbeidet, so lenge dei saag noko av meg, elder so lenge eg saag noko av dei i minsto. Og var dei so nær at dei naadde til aa tala til meg paa ein skikkeleg maate, so laut dei no faa vita, kvar den karen var ifraa. Men naar dei so fekk vita, at det var ein fjording, so var det liksom det gjekk eit ljos upp for dei. Dei er godt kjende fjordingarne i Gudbrandsdalen, baade dei med tvo bein og dei med fire; og dei veit det med der, at so lenge ein fjording hev tvo bein, so læt han seg ikkje draga av den andre, for det um han hev fire.
Ja eg fær no segja likevel, at so avbragsleg eg tykkjer han er aa sjaa til, denne damphesten med sit ulenkelege fylgje, so fær eg no som ein godhug for honom, naar eg tenkjer paa mine firføtte sambygdingar. Der han kjem, so tek han no ifraa dei det verste arbeidet, so dei fær berre skikkelegt og gagnlegt gardsarbeid aa vera med i, slikt som dei er skapte og uppalne til, i staden for aa fljuga att og fram etter ein tjaaksam veg med maklege glanarar og skjussgutar, folk som aldri skulde havt med ein øyk aa gjera, mange av dei, i vissa daa skjussgutarne. Det er so imot naturen, dette, aa gjeva gutungar vald yver vaksne vituge dyr. Kattungar og kidungar er det som høver aat slike. Og ein kan greitt sjaa, at dyri med finn det uverdigt for seg. Eg hugsar godt, kor tverr og traa ho var, gamlemerri vaar, naar eg skulde køyra med henne, daa eg var gutunge; men berre han far tok i taumarne, so kom det eit heilt anna liv og mod i henne, endaa han aldri so mykje som sa eit vondt ord til henne, han.
Ein annan grunn hadde eg og til aa sjaa med ein viss godvilje paa denne damphesten, naar han no fór pustande og stynjande med sine gruslass framum meg uppetter dalen. Det var naar eg saag paa desse »middags«-husi elder »kvartéri» som hadde reist seg attmed landevegen. Det eg hev set, so trivst dei ikkje attmed jarnvegen slike, og eg skal undrast paa, kor mykje det er att av dei, naar eg no kjem der ein annan gong. For so vidt kunde ein ynskja jarnvegar baade her og der, der det kanskje kunde trengast vel so mykje til dei og, paa den maaten. For i Gudbrandsdalen er det no etter maaten lite aa sjaa av denne framand-friingi endaa. Ein ser ikkje der, at det eine hotellet er bygt midt for nasa elder utyver hovudet paa det andre, som dei hev gjort ymse andre stader, truleg for aa gjeva utlendingarne endaa meir aa bisna paa, naar dei kjem her til landet.
Og so maa ein no segja det og, at naar ein hev traska heile vegen fram og attende mil etter mil, so smakar det godt aa setja seg i ei traust vogn, mest som i ei gudbrandsdalsstova, naar det er av rette slaget, og so lata damphesten draga seg, utan ein treng so mykje som aa halda ei svepa i handi, framum baade skjussar og hjulryttarar. Dei vert so undarleg spakferdige alle slike, naar ein ser paa dei fraa ei jarnvegsvogn. Attaat det fær ein segja, at um ikkje ei jarnvegsskrei tek seg vidare godt ut i landskapet, utanfraa set, so tek ikkje landskapi seg verst ut, naar ein ser dei fraa ei jarnvegsvogn. Det kan vel stundom verta helder lite tid til aa sjaa etter, men det kan no vera forfriskande til eit umbyte ein og annan gong aa faa ei slik flugt i tankarne sine, lata dei jaga kvarandre gjenom hovudet, som dei fór paa jarnvegshjul dei og. Berre det ikkje var denne svarte sure røyken, som alt i eit slær inn og minner ein um kvar denne dansen endar, og kva det daa vert aa ganga paa.
- ↑ Med det same kan me faa retta »ein pris« som var komen inn i staden for ein prins i stykket »Maalkrig« i fyrre nr. i ei av dei øvste linorne paa s. 182. Derimot slike smaating som »Bjørson« for Bjørnson er det vel knapt nokon som hev set ein gong, og daa er det vel ikkje verdt aa peika paa dei helder.