Hopp til innhold

Svein Urædd

Fra Wikikilden
LauvduskarDet norske SamlagetI. II (s. 39).

Lauvduskar I. Andre Utgaava.

Svein Urædd.

Æventyr fraa Nordland, uppskrivet av Ivar Aasen.


Det var ein Mann, som var komen i stor Armod og Naudardom, so at han ofta var reint vonlaus og visste ingi Raad til aa berga seg. So var det eingong, daa det stod verst til, at det kom ein Mann til honom og sagde, at han vilde giva honom ei god Raad. „Vil du lova, at du vil giva meg den fyrste Gaava, som du sjølv fær, so skal eg hjelpa deg or største Naudi,“ sagde han. „Det kann eg gjerna lova“, sagde Mannen; for han tenkte inkje større etter det, og inkje tyktest han hava nokre stora Gaavor til aa venta helder. Nokot litet deretter kom Kona hans i Barnseng og fekk ein Son. Daa kom den framande Mannen atter til honom og sagde, at han vilde berre minna honom um det, som han hadde lovat. „No heve du fenget ei Gaava, og det er den, som eg vil hava,“ sagde han. Daa vardt Mannen baade rædd og harm; for daa kunde han mesta skyna kvat Mann han var komen i Kast med. „No er det ingi Raad fyre det,“ sagde den stygge; „men no skal eg laga det so væl fyre deg, at du skal faa hava Guten sjølv, til dess han er vaksen, men sidan skal eg hava honom.“ Mannen var myket illa ved; men so trøyste han seg med det, at naar Guten vardt stor so kunde han væl finna paa eitkvart sjølv til aa fria seg med. No vardt Guten kristnad og kallad Svein, og daa han voks upp, vardt han baade væn og vitug fram fyre andre Ungmenne, so at alle tykte, det var myken Mun i honom; og dertil var han so djerv og herdig, at han kjende ingen Otte fyre nokon Ting; um det saag aldri so øgjelegt ut kringum honom, so var det daa inkje so, at han vardt rædd elder tok Fæla. Difyre kallad dei honom Svein Urædd.

No leid Tidi fram, til dess at Guten var fullvaksen; daa kom den framande Mannen atter og sagde, at no var det komet til den Tidi, daa han skulde hava Guten, og so vilde han koma den næste Natti og taka Guten med seg. No vardt Faderen myket ottefull av detta, og so gjekk han til Presten og spurde, um det inkje var nokor Raad til aa faa Guten frelst ifraa denne Vaaden. Presten sagde, at Guten skulde koma til honom um Kvelden og so skulde dei samraada seg og gjera alt paa beste Maaten, som dei visste. Daa no Guten var komen til Prestegarden, so gjekk Presten med honom inn i Kyrkja og leidde honom fram til Altaret og gav honom ei Bok, som han skulde hava i Handi. „No skal du standa her,“ sagde Presten, „og inkje ganga ifraa Altaret, fyrr en eg sjølv kjem atter; og so skal du inkje gjera deg rædd, um du ser nokot stygt, og helder inkje skal du lata nokon lokka deg herifraa: skulde her koma nokon og bidja deg fylgja seg ut, so berre bid honom taka Boki or Handi di, og vil han inkje det, so kann du visa honom ifraa deg.“ Og sidan gjekk Presten heimatter, og altsaman var stilt.

Ei Stund deretter kom det inn ein Mann, og det var Drengen til Presten (som det saag ut til); han sagde at Svein skulde koma til Presten som snaraste; for det var nokot, som Presten hadde gløymt aa segja honom, og det var reint galet, at han inkje fekk vita det. Svein sagde, at han skulde koma, naar berre Drengen vilde taka med seg Boki, som han heldt i Handi. Drengen sagde, at han kunde leggja Boki paa Altaret; men Svein sagde Nei, og so trætte dei um detta ei Stund, til dess at Drengen sagde, at han hadde inkje Tid til aa bida lenger og dermed gjekk han. Ei Stund deretter kom det ei Jomfru, og det var daa Dotter til Presten; ho var so ovlega væn og fager, at det var makelaust, og talad so vænt og vinlegt, at det var inkje tenkjande, at nokon kunde segja henne imot. Ho sagde, at det var illa, at han inkje vilde fylgja med Prestedrengen; for det var røynlega sant, at Presten vilde tala nokot meir med honom, og so vilde han ogso hava atter Boki si; for det var der han skulde sjaa, kvat han skulde gjera. „Daa er det vandelaust,“ sagde Svein, „berre gjer so væl og tak imot Boki, og sidan skal eg koma sjølv.“ Ho svarad, at det kunde vera det same, kven som bar Boki, og det høvde seg best, at han sjølv bar heim det han sjølv hadde fenget. Men Svein vilde inkje lyda, og so tøvde dei um detta ei Rid, til at Jomfrui leest verda leid og inkje hava Tid til aa bida lenger, og dermed gjekk ho. Ei Stund deretter kom det inn ein Mann og det var daa Presten sjølv: han tok daa til aa laata so væl yver Guten fyre det, at han hadde voret so stød og trufast og inkje latet seg lokka av desse Synom, som han hadde seet. „Eg vonar, at det er inkje mange, som hadde stadet seg so godt i slik ei Freisting,“ sagde han; „men no er daa denne Faaren yverstaden, og no kann du fylgja meg heim, og sidan er det inkje meir til aa ottast fyre.“ Daa spurde Svein, um han inkje vilde taka Boki si med seg fyrst. „Det hastar inkje med henne, sagde Presten; Boki kann du leggja paa Altaret; eg gjerer inkje nokot med henne fyrr i Morgon, kor som er.“ Men Svein stod paa sitt, at Presten skulde taka Boki si heim, og so kjeklad dei um detta ei Rid, til Presten leest verda leid av Traaskapen hans, og sidan gjekk han sin Veg. For det var nog inkje den rette Presten, maa vita.

No var det stilt ei Stund fram etter; men sidan tok det til aa dynja aa staaka utar i Kyrkja, og daa var det liksom det skulde livna og røra seg paa alla Sidor. Fyrst kom det fram ei Skreid av svarte Kattar, so det krydde i kvar ei Kraa, og sidan var det mange store og skræmelege Dyr, som sprungo til fraa ymsa Sidor og foro kring um Altaret med stygga Lætor og undarlega Aatferder, og sidstpaa vardt det slikt eit Brak og Brot og slike Smellar i Veggjom, at det var høyrande til, at heile Kyrkja skulde brotna ned. „Det var daa Gaman,“ sagde Guten; „eg heve alltid havt Hug til aa sjaa myken Leik og høyra myket Staak; men eg hadde inkje ventat aa sjaa slik ein Dans og høyra slike Slaattar no i Natt.“ Sidan stiltest det av med detta; men ei Stund deretter tok det til aa blaasa og vardt slik ein Storm, at Kyrkja ragad som eit Straa paa Marki, og sidstpaa kom det ein Vindknut so sterk, at han tok up heile Kyrkja og kastad henne ut paa Sjoen, so at Baarorna slogo inn yver paa alla Sidor, og altsaman brotnad og dreiv av i Sjoen, so at Guten saag inkje annat en Altaret som han heldt seg i. „Det var daa Gaman,“ sagde han; eg heve alltid havt Hug til aa sigla i ein rjukande Storm; men eg hadde inkje ventat aa sigla so kvast i Natt.“ Sidan stiltest det av med detta ogso, og daa vardt det synlegt, at Kyrkja var lika heil og stod paa same Staden som fyrr. Men ei Stund deretter tok det til aa knetta og lysa i Taket, og best som Guten saag seg i Kring, stod det ljose Logen i Kyrkjetaket, og Elden kom nærre og nærre og slog i paa alla Sidor, so det brann up altsaman so nær som Altaret. Og Guten stod framfyre Altaret lika trygt som fyrr og vyrde ingen Ting. „Det var daa Gaman,“ sagde han; „eg heve altid havt Hug til godt Ljos og god Varme; men eg hadde inkje ventat, at eg skulde faa verma meg so godt i Natt; helder var eg rædd, at eg skulde standa her og hustra og frjosa heile den lange Natti.“ Sidan sloknad Elden av, og daa kunde Guten sjaa, at detta var og ei Synkverving som alt annat, og at Kyrkja stod endaa lika heil som fyrr.

No var det stilt ei lang Stund, og det leid alt langt fram paa Natti; men so var det daa lenge til Dags endaa. Daa kom det inn ein Mann og gjekk innar aat Altaret; der slog han upp nokra Fjøler i Golvet og tok upp ei Kista, som det laag ein Mann i; og denne Kroppen tok han upp og tok Skinnet av honom; sidan slengde han Skinnet fraa seg burt paa Grindi framfyre Altaret, medan han sette Kista nedatter. Daa Svein saag detta, tøygde han seg fram og rykte Skinnet til seg og slengde det ned fyre Altaret. „Kven er dette Skinnet av?“ sagde Svein. Mannen svarad: „Det var ein Fut, som høyrde meg til og tenad mig lenge; han gjorde myket av det, som Folket kallar Uret, men han grov seg saman store Pengar og var ein gild Mann. Men lat meg no berre faa atter Skinnet.“ „Nei,“ sagde Svein; eg vil hava det til Solar under Skoerne mine.“ Mannen bad myket vænt um Skinnet og vilde endelega hava det atter. Det heve voret sagt, at denne Futen hadde eingong gjort ei Vælgjerning, med di han hadde gjevet ein Stakar nokre Skillingar; det gjorde saa myket, at Styggemannen var inkje viss paa, um han hadde fulle Retten til honom, og difyre vilde han til større Vissa hava Skinnet ut or Kyrkja. No bad han fint og fagert, at Svein skulde senda honom det og baud honom store Pengar fyre det. „Ja, fær eg alle Pengarne, som Futen skinnad i Hop, so kann det vera,“ sagde Svein. Mannen lovad, at han skulde faa deim, og sidan gjekk han ut og var burte ei lang Stund; daa kom han atter med ein stor Pengesekk paa Ryggen og var myket trøytt og mod. „Dette er vist inkje alle Pengarne etter Futen; eg er stød paa, at han hadde meir en dette;“ sagde Svein. „Det vantar berre ein Skilling, som heve faret ned igjenom eit Golv,“ sagde Mannen. „Ja, honom vil eg hava,“ sagde Svein. Mannen gjekk ut og var lenge burte; og sidan kom han daa atter med ein Skilling. „Det er væl nog; men endaa er vist inkje alle Pengarne komne,“ sagde Svein. „Det vantar berre ein Skilling, som er stungen inn i ei Sprunga paa ein Vegg, men honom kann ingen finna,“ sagde Mannen. „Ja, honom vil eg og hava,“ sagde Svein; og so laut Mannen ut atter og leita etter Skillingen i Veggen; men det vardt verre fyre honom en alt det andre: for Saki var den, at det var eit Blad av ei utsliti Messebok, som var stunget inn i same Sprunga i Veggen, og detta Bladet kunde han inkje røra. Daa han no hadde strævat ei Stund med detta, og altsaman var faafengt, so kom han atter til Svein og sagde, at han var slett inkje god til aa finna Skillingen. Daa syntest Svein hava vunnet, og difyre sagde han, at han vilde inkje tinga med honom lenger; for no var Dagen komen, og no skulde dei skiljast. Og med detta laut Mannen ganga; for daa hadde han heft seg burt so lenge med denne Leitingi etter Skillingom, at det var alt aalljos Dag, og sidan visste han inkje meir til aa gjera, og dermed var Guten fri. Og sidan kom Presten inn og tok atter Boki si, og daa fylgde Guten med honom og tok Pengesekken med seg. Sidan sende han Bod til alle dei armaste Folk, som han kunde upp spyrja, at dei skulde koma til Prestegarden og faa seg nokot Pengar; og naar dei daa vaaro der komne alle saman, so tok han fram Pengesekken og skifte alle desse Pengarne imillom deim; for han vilde inkje hava ein Skilling av deim sjølv. Og alle dei fatike Folk vordo glade og takkad og vælsignad, som dei best kunde; og alle sagde som ein, at dei visste ingen Mann so raust og storgjæv og so manndomsam i alle Maatar som han Svein Urædd.