Stygbødne

Fra Wikikilden
Det norske Samlags Forlag (s. 1-6).

Dæ va ei Gong lengje sta ein Ekkjemann, so hadde tvau Bødn, ein Gut o ei Gjente. Daa dæ lei um ei Ri, gjifte han se atte mæ ei Gjyger. Hona agta sakte ikji um dæ, at Stygbødne hennar vøro fine o snille; ho va arg o lei ve dei seint o tile, rae o støtt, so so Stygmøradn jamble era; men Døtte hennar eie, so va baade stygg o illskji, hona va ho go ve.

Daa no More mest inkje trotta sjaa Guten, men lamra me Kjafte o hundelet han rae, ner han va inne, tørde han sjelda stogge heimele ve; han to se fere te rangle baade hit o dit, baade eistan o arestan alle Daga.

Ei Gong hadde han kome te vingla aav inni Skogen. Der gjekk Kungsson jamt o samt o skaut, – før sleke Kara, so sko gaa i Ferespeisen, um de vart Ofre i Lande, ljøte no lære se te bli goe Skjyttara, kann ein væl veta. So va dæ ein Dag daa, at Kungsson trefte te koma skjele dit, so Guten va. Daa Guten fekk sjaa dena greske Karen koma te Motars me se, klauv han aav uppi eit Tre, so sto beint uppivy ein Vatsdipil, steig so Kungsson ne taa Heste seno vilde vatne ’o. Der vart han vare eit Belæte, so va so sværandis fint, nie Vatskjeldun. Daa han vart stird uppivy se, fekk han Auga paa ein omogele fine Gut, so sat imyljo Greino paa eit Tre. Han ba han stige ne te se. „Dæ va mykje so sine du æ,“ sa Kungsson. „O nei, e æ nokk ikje fine,“ sa Omagin, „men e har ei Syste, ho æ fine ho, skulde du sjaa.“ „Ja, est ho æ finar, en du æ, so vill e ha ho e,“ sa hin. „Ja, ho æ mykji finare,“ sa Guten. „Ja ja, daa faar du gaa heimatt ette henne, o hona ska daa bli Kjeringe mi,“ svara Kungsson.

Dæ vart no mykji te Gle’e paa henne mæ, den Ti Bror hennar kom heimatte, o sa taa, at ho skulde faa blia Drøninge i Lande o sleppe leva lenger hjaa dei sinte Stygmoren sene; kasta taa se dei Pløggefilludn, ho gjekk mæ, o hadde attpaa se dei ulagle greskji Klæd, so ho hadde faatt hjaa rette Mor sinnar. So sette dei i Vegen.

Men Gjygere vilde ogso bli mæ mæ seno Døtte, o dæ va no kji nokon, so tørde segja nei te henne, maa veta. Men no bar dæ so te, at dei løto over eit ulagle stort Vatn, før dei komo aat Kungsgarde, o den Ti dei vøro komne eit Stykkji paa Vegen, skafte den slemme Gjygere Stygdøtte si um, so ho inkji høyrde anna dæ, so Gjygere sjøl sa, o Guten gjorde ho blind. Daa dei hadde rott ei Ri, sporde han ette kost Syste si levde. „O, ho leve væl,“ sa Gjygere. Syste hass saag, han lea paa Lepadn, ho skjønte han tala, men høyrde kji, ko han sa. „Ko seie Bror min no?“ sa ho. „O, no seie han, du ska ha taa de Sylkjikjolen, du fekk hjaa Mor dinnar, o gjeva han te Dotte minnar,“ svara Gjygere. „Ja dæ Bror min be me, vil e gjera,“ sa Stygdøtte, hadde taa se Sylkjikjolen, so ho hadde faatt hjaa Mor sinnar, o ga han te dei sinte o ljøte Døtte aat Gjygeren.

Daa dæ lei um ei Ri, sporde Guten att: „Kost leve Syste mi no?“ sa’n. „O ho “,leve væl,“ sa Gjygere. „Ko seie Bror min no?“ sa Stygdøtte. „O no seie han, du ska ha taa de Sylkjiskodn, du fekk hjaa Mor dinnar, o gjeva Døtte minnar,“ sa Gjygere. „Ja, dæ Bror min be me, vil e gjera,“ sa Stygdøtte, hadde taa se Sylkjiskodn, so ho hadde faatt, hjaa Mor sinnar, o ga dei te dei sinte o ljøte Døtte aat Gjygeren.

Den Ti dei hadde reist eit Stykkji lenger, sporde Guten att: „Kost leve Syste mi no?“ sa’n. „O ho leve væl,“ sa Gjygere. „Ko seie Bror min no?“ sa Stygdøtte. „O no seie han, du ska ha taa de Sylkjihosudn, so du fekk hjaa Mor dinnar, o gjeva Døtte minnar,“ sa Trøllgjygere. „Ja de Bror min be me, vil e gjera,“ sa ho, hadde taa se Sylkjihosudn, so ho hadde faatt hjaa Mor sinnar, o ga dei ti dei sinte o ljøte Døtte aat Gjygeren.

Daa dei hadde reist litevætta lenger, sporde Guten atte: „Kost leve Syste mi no?“ sa’n. „O ho leve væl,“ sa Gjygere. „Ko seie Bror min no?“ sporde Stygdøtte atte, maa veta. „O, no seie han, du ska ha taa de Sylkjiserken, du fekk hjaa Mor dinnar, o gjeva Døtte minnar.“ „Ja dæ Bror min be me, vil e gjera, sa ho, o hadde taa se Sylkjeserken, so ho hadde faatt hjaa Mor sinnar, o ga han te dei sinte o ljøte Døtte aat Gjygeren.

Den Ti dei hadde reist ei nokolite Ri te o vøro komne so langt, atte dei saago Kungsgarden paa heno Su’n aat Vatne, spurde Guten atte: „Kost leve Syste mi no?“ sa’n. „O ho leve væl,“ sa Gjygere. „Ko seie Bror min no?“ sa Stygdøtte atte. „O, no seie han, du ska stupe de uti Sjøen no,“ svara Trøllegjygere atte. „Ja, dæ Bror min be me, vil e gjera,“ sa Stygdøtte o stufte se te uti Sjøen; men i di sama ho kom neaat Vatsmaale, vart ho te ei Ønd.

Den Ti dei komo te Lands, møtte Kungsson dei nepaa Stronden; men daa han saag, at Guten ikji hadde slekt Fulgji mæ, so han hadde tala um, trudde Kungsson, han hadde løge i han, o hadde Tenaradn si te taka o kaste han aav burti ein Ørmshage. Sjøl laut han gjifte se ma desse Trølle, so te hono va komin, so so han meinte, han hadde løft se te; men han vart so hugsaar o sutefull, at han ikji va go fere vera role inne nokon Dag.

Tett burtai Kungsgarde va dæ so so eit Kvednahus, o der va dæ ein Gut, so kokte o laga te Mat aat Mulnare. Fyste Thorsda’skvelden ette Gjygerdøtte va komi aat Kungsgarde, kom dæ flaskrand o fljøgand ei Ønd igjøno eit Sløk o te inni dæ Rumme, so dene Omagin sto o kokte i. Ho sette se i Peisen, o i di sama ho hadde sett se der, vart ho te ei fine Jomfrue. So to ho ne Kamben o ta te kjembe Haare sitt: da va so langt o fint o so gult, at dæ va skjele, so dæ skull drøsja Gull or di, ve ho kjemde dæ. Han vart standand einstirand paa ho; han hadde alder set noko sa sint før so dene Jomfrua, tytte han. So hadde han treft te lagt ifraa se Tvøro, før han hadde pynta taa henne. So to ho Tvøro, o so sa ho: „Gu’ velsigne Kokken,“ sa ho, „han esla me Tvøra han; men tvyvørte dæ stygge, leie Trølle, so paa Kungens Arm ligge, der e skull ha legji, o Bror min ligg i Ørmshaga førutta Sak o Brø.

So reiste ho atte daa.

Are Thorsda’skvelden kom Ønde atte o sette se i Peisen, o i di sama vart ho te ei sine Jomfrue, o no tytte Guten, ho va endaa finare en fyste Gonge. Ho to neatt Kamben o to te kjembe Haare sitt. So ho daa fann Tvøro daa, so pynta ho taa dei o sa so fyste Kvelden: „Gu’ velsigne Kokken, han esla me Tvøra han,“ sa ’o; „men tvyvørte dæ stygge, leie Trølle, so paa Kungens Arm ligge, der e skull ha legji, o Bror min ligg i Ørmshaga forutta Sak o Brø. No kjem e atte ein Thorsda’skveld te; men sia kjem e alder att meir.“

So reiste ho atte daa.

Men no høvde dæ so te, at Kungsson kom gangande um Kvednahuse, o so gjekk Guten ut te hono o fortelde ’o taa dessa fine Jomfrunn, so kom te ’o. Kungsson undrast, kem detta kunna vera, o laga se te o vart mæ Gute aat Kvednahuse, han hadde Hug te passe ho uppe. Den Ti dæ lei paa Kveld noko trea Thorsda’skvelden, kom Ønde flaskrand o fljøgand igjøno sama Sløke o sette se i Peisen te kjembe Haare sitt, skjele so fyste Gongidn. Kungsson vart all i Vere; ei so fine Jomfrue hadde han alder korkji sett ell høyrt gjete. Den Ti ho fann Tvøro, pynta ho taa dei o sa: „Gu’ velsigne Kokken, han esla me Tvøra han,“ sa ’o, „men tvyvørte dæ stygge, leie Trølle, so paa Kungens Arm ligge, der e skull ha legji, o Bror min ligg i Ørmshaga førutta Sak o Brø.“

So reiste ho atte; men Kungsson hadde daa hugst se so mykji lell, at han hadde bøygt Sverde sitt atti Sløke, o daa ho skulde utatt, skar ho se i Veslefingen so mykji, at ho bløgga se, o i di sama vart ho te ei fine Jomfrue atte, o no hadde kji Gjygere nokor Magt me henne meir. Du kann tru, de vart noko te Gle’e paa dei tvu, so no treftist; men han laut gjøyme ho i Kvednahuse i mange Daga. Daa han hadde faatt gjort Klæo paa henne, to han ho mæ se aat Kungsgarde, o daa va ho so fin, at alder nokon hadde sett Makin hennar. So sporde han den gamble Gjygere daa, kodan Dom dei skulde hava, so vilde gjera Ende paa slekt eit Liv. „O, dei skulde brennast i Svavel o Tjørø,“ svara ho – før Stygdøtte hennar va vørti so gresk o fine, at ho ikji kjende henne atte. So sporde han Døtte aat Gjygeren dæ sama. „O, dei skulde rullast ihel i ei Spikartynne,“ svara hona. No hadde dei lagt paa Domen aat se sjølva bæa Ruggudn. Soleise gjekk dæ mæ dei ogso: den gamble vart brend i Svavel o Tjøro, o hi vart rulla ihel i ei Spikartynne.

No gjingo dei aat Ørmshaga skulde sjaa, kost dæ sto te mæ Gute. Ørmadn hadde alder ænnst hono; han va kji saka i di, han hadde vørte skulda fore, maa veta, o no, daa Gjygere va dau, fekk han atte Syne si o kom te sjaa like so gøtt so før.

Sia stelte Kungsson se te halde Bryllaup mæ dei fine Jomfruun. O dei tura i fire Fjurtadaga, so dæ spordist over sjau Kungerikjo. Est dei kji ha fraa-se-tura, so ture dei væl enno, før e va kji mæ dei lenger.

Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.