Hopp til innhold

Stuten som vilde av og føda seg sjølv

Fra Wikikilden

Stuten som vilde av og føda seg sjølv.


Det var ein Stut, som vilde av og føda seg sjølv: han visste seg so god ei Høyløda med so godt eit Høy til Vetters. So tok han ut og so møtte han ein Vedr. „God Dag,“ sagde Vedren.

„God Dag,“ sagde Stuten.

„Skal du langt av i Dag?“ sagde Vedren.

„Aa, eg vil av og føda meg sjølv: eg veit meg so god ei Høyløda med so godt eit Høy til Vetters.“

„Maa eg vera med?“ sagde Vedren.

„Ja vil du vera truen Husbonde, so maa du vera med.“ Ja det lovade han. So fylgdest dei.

So møtte dei ein Bukk. „God Dag,“ sagde Bukken.

„God Dag,“ sagde Stuten.

„Skal du langt av i Dag?“ sagde Bukken.

„Aa eg veit meg so god ei Høyløda med so godt eit Høy til Vetters: eg vil av og føda meg sjølv.“

„Maa eg vera med?“ sagde Bukken.

„Ja vil du vera truen Husbonde, so maa du vera med.“ Ja det skulde han. So fylgdest dei.

So møtte dei ein Hare. „God Dag,“ sagde Haren. „God Dag,“ sagde Stuten. „Skal du langt av idag?“ sagde Haren. „Aa eg vil berre av og føda meg sjølv: eg veit meg so god ei Høyløda med so godt eit Høy til Vetters.“ „Maa eg vera med?“ sagde Haren. „Ja vil du vera truen Husbonde, so maa du vera med.“ Ja det skulde han. So fylgdest dei.

So møtte dei ein Røysekatt: ja han fekk og Lov til vera med, berre han vilde vera truen Husbonde. So fylgdest dei. Og so møtte dei ein Hane: han skulde og vera truen Husbonde; so fekk han Lov til vera med. So fylgdest dei.

So møtte dei ein Rev. „God Dag,“ sagde Reven; „kvar skal detta gilde Fylgje av idag, tru?“

Aa, Stuten vilde av og føda seg sjølv. „Eg maatte væl aldri vera i Løda med?“ sagde Reven, — det slevade ut imillom dei glisne Tonnom hans.

Aa-haa jau, sagde Stuten, — han drog nokot paa det: han tykte det var nokre undarlege Tenner til eta Høy med, som gliste ut imillom paa den sidste Karen, — vilde han vera truen Husbonde, so kunde han no endelega det. Ja han skulde no visst vera truen Husbonde. So fylgdest dei.

So komo dei no fram til Løda og gingo inn og stelte seg og leto atter Dyri, og til aa eta, alle saman, og nosa seg: Hanen plukkade seg Høyfræ og Røysekatten fann seg Myser i kvar Roi og kvar Sudi. Men Reven sat midt i Løda og gloste og glaapte paa dei andre som aato.

So spurde Reven, um han maatte koma ut og sjaa aa finna seg noko Vilt, — han hadde ’kje nokot til eta, sa’n — og um so dei vilde sleppa honom inn atter, fyrst han bankade paa Dyri. Ja-ha, det skulde dei.

So tok Reven til Skogs og vilde finna seg Veidn og so møtte han ein Bjørn. „Go Dag,“ sagde Reven. „God Dag,“ sagde Bjørnen, „kvar skal du etter i Dag?“ „Aa eg skulde av og finna meg Mat,“ sagde Reven; „men no er du sterk, no skal eg syna deg ei Løda, som er so full av Dyr og Kretur; so skal det verda Raad til faa seg Mat.“

So fylgdest dei til Løda. „No maa du banka paa Dyri,“ sagde Reven. So bankade Bjørnen.

So sagde Stuten: „Me vilja sleppa’n inn.“

„Nei halt no!“ sagde Røysekatten til Stuten, „eg er forviten, eg vil fyrst upp i denne Riva og sjaa kven det er. — Hu! d’er ein kaldlege stor Bjørn! du maa ’kje sleppa’n inn,“ sa’n. So slepte dei ’kje Bjørnen inn.

„Eg skal nog vita meg Raad,“ sagde Bjørnen. So peisade han og grov under Svilli, til han slapp inn med Hovudet. Med same han fekk inn Hovudet, smelte Stuten til honom midt i Syni. So tok Vedren Renne fraa den hi Sida av Løda og beint i Skallen paa Bjønnen atter. So kom Bukken takande med Horni sine og sette eitt Horn i kvar Nasebora og reiv og sleit, so han sleit mest sund Nosi hans. So kom Røysekatten og sette seg til blaasa midt i Nosi paa ’n. Og Haren var reint forvimrad og sprang rund ikring Budi paa sitt arme Liv. Og Hanen var so rædd, han fauk av upp-aa ein Aas og kurklade og gol, so Bjørnen vardt reint fælen. Daa maatte han ut: han var mest Ende paa. So ragade han burtetter Vegen, so møter han Reven, som hadde haldet seg nokot litet ifraa, daa han høyrde Stuket derinne.

„Aa du din Skarv, som narrade meg!“ sagde Bjørnen, „no er eg mestom drepen.“ „Korso daa?“ sagde Reven.

„Jau fyrst kom Smeden sjølv med Hamaren sin og slo til meg midt i Syni. So kom den eine Smeddrengen med ei Sleggja so stor, — ho var stælt i baade Endar —, daa var det nær paa at Hovudet mitt hadde klovnat. So kom den andre Smeddrengen atter med ei lang og heit Tong og sette ei Grein i kvar Nasebora og reiv og sleit mest Nosi upp paa meg. Og so kom der ein liten ein, — eg tenkjer det maatte vera Kolfuten —, og han blees meg i Nosi, men det var det allerverste: det sette alt aat Hjarta paa meg. So sprang der ein liten kvit Hund rund ikring Budi, som saag rettugt skarpleg ut: hadde den komet, hadde han rivet ut Augo paa meg. Og so veit eg ’kje kvat det var, — kvaar de var ein Klokkar elder annat —, som sat uppi Rotet og song liksom ein Liksalme, so det svarade i Budi. Daa laut eg taka ut atter. — No skal eg væl drepa deg, din Skarv, som narrade meg slikt!“

So Reven til Sprangs og Bjørnen etter, alt til dei komo seg i Skogen; der fekk Reven smøygja seg av inn i eit Hol. Men Bjørnen tek og glyp den eine Foten til Reven. Daa log Reven seg so godt: „Ha ha! just held du i Furerot og trur det er Revefot!“ So slepper Bjørnen Revefoten og til aa bita i Fureroti, til han vardt leidsam og leidd. So slapp Reven denne Gongen.