Stormen (Hovden)
Utseende
Stormen.
Storhavet ryker fra nord til sud,
det burar og bryt yver fall og flud,
det uler i lufti og læter.
Baarorne dundra som tora og smell
og sprøyter sit skum yver berg og fjell
og saltar med sjø og væte.
det burar og bryt yver fall og flud,
det uler i lufti og læter.
Baarorne dundra som tora og smell
og sprøyter sit skum yver berg og fjell
og saltar med sjø og væte.
Blindskjeret syner sit ufjelge skinn;
det stikk seg upp som ei tiger-kinn —
det glorar løynskt utor haugo.
Dei daude tullar med tarekrans
att og fram i ein ogjeleg dans
og stirer med stive augo.
det stikk seg upp som ei tiger-kinn —
det glorar løynskt utor haugo.
Dei daude tullar med tarekrans
att og fram i ein ogjeleg dans
og stirer med stive augo.
Skavlarne tunnar som helhestar kring
med flaksande mankar og arge sving,
og villt dei kneggja og skria.
Aa hei deg og hau, det gjeng paa ein deis!
no fer dei mange si siste reis —
i natt skal dei helhesten ria.
med flaksande mankar og arge sving,
og villt dei kneggja og skria.
Aa hei deg og hau, det gjeng paa ein deis!
no fer dei mange si siste reis —
i natt skal dei helhesten ria.
Hyttorne skjelv paa sin graaberg-grunn,
paa tunet luskar den svarte hund
og hyler med skum um tenner.
Og ramnen krinsar med kaate skrik
utetter sund og innetter vik, —
det er nok naaluft han kjenner.
paa tunet luskar den svarte hund
og hyler med skum um tenner.
Og ramnen krinsar med kaate skrik
utetter sund og innetter vik, —
det er nok naaluft han kjenner.
Velduge skyfjell — ein helvit-røyk —
hastar avstad i ein furande føyk;
vitskræmde sjælerne driva
innyver himlen i flôg og hast,
baketter byks i ræsande kast
Satan med gloande riva.
hastar avstad i ein furande føyk;
vitskræmde sjælerne driva
innyver himlen i flôg og hast,
baketter byks i ræsande kast
Satan med gloande riva.
Fram bryt sol-ørni
herleg og ny
paa gullveng som rekk
ifraa hav til sky,
straalande, logn
gjenom vreiden ho ror,
og havet vert klædt
i eit paradis-flor
og ligg som ein livande
regnboge-voll
av granstore rosor
med svagande koll —
kvite og gule
og raude og blaa,
med bragande perlor
av morgon-dogg paa.
herleg og ny
paa gullveng som rekk
ifraa hav til sky,
straalande, logn
gjenom vreiden ho ror,
og havet vert klædt
i eit paradis-flor
og ligg som ein livande
regnboge-voll
av granstore rosor
med svagande koll —
kvite og gule
og raude og blaa,
med bragande perlor
av morgon-dogg paa.
Himmelen upp sine portar slær,
og sjælerne stig som ein svane-her
frelste med frygd fraa sin vaade.
Satan han flyr med si skugge-ferd,
det blenkjer upp med det blidaste ver,
so sigrar Vaarherre sin naade.
og sjælerne stig som ein svane-her
frelste med frygd fraa sin vaade.
Satan han flyr med si skugge-ferd,
det blenkjer upp med det blidaste ver,
so sigrar Vaarherre sin naade.
Anders Hovden.