Hopp til innhold

Storegut verd vitjad av Huldra eller Rove-Guro

Fra Wikikilden

Storegut verd vitjad av Huldra elder Rove-Guro.


Han Storegut laag seg i Borddals-Bud,
og einsam han sat ved Elden;
so kom der ei Gjenta som beste Brud
til honom der seint um Kvelden.
Det hender somangt i Verdi.

Han tenkte, at Livet i einsam Strid
fyr Mannen er tungt aa bera.
Han sat og han tenkte, um all si Tid
ein Sveinkall han skulde vera.

So fager ho var, at du Vondt kund’ faa,
og fint ho seg snur og lagar.
Det var so du aldri slikt Syn sku’ sjaa
i all’ dine Levedagar.

Ho blidt baud Godkveld og i Kne ho neig,
og sa’, han ei turvte fæle.
Men endaa mest ned han av Krakken seig
og miste baad’ Munn og Mæle.

Ho stansad og djupt etter Anden saup,
og Blomen paa Kinn seg tende.
Det var so der Elsk utor Augom draup,
og heite som Glod dei brende.

Ho smeikte seg inn med eit Mæle mjukt,
og lett ho leikad og dansad.
Og Storegut kjende sit Hjarta sjukt,
og kunde ’kje lenger sansa.

So reidde ho Sengi og sagde daa:
„Du ligg her paa Lakan grove.“
Men rett som ho snudde seg, fekk han sjaa,
ho etter seg drog ei Rove.

„So Rove-Guro, d’er du ditt Slarv,
som smøygde deg inn som Katten.“
Og som han det sagde, so burt ho kvarv,
som løynd under Huldrehatten.
Og Storegut sat og drøymde.