Storegut med seks Brøder gjeng i Krig
Utseende
Det norske Samlaget, (s. 54–57).
Storegut med seks Brøder gjeng i Krig.
Her kom til Krig med Svensken att’.
Det er den gamle Song.
Det altid kjem til Slagsmaal radt,
naar kvar er vond og vrong.
Det er den gamle Song.
Det altid kjem til Slagsmaal radt,
naar kvar er vond og vrong.
Til Krig eg var for gamal, eg.
Eg vardt so smaatt alt snaud.
Men so i Striden ut fyr meg
eg hadde Søner sjau.
Eg vardt so smaatt alt snaud.
Men so i Striden ut fyr meg
eg hadde Søner sjau.
Det Olav, Ivar, Hermod var
og Sigurd, Svein og Knut,
og fyr deim alle som ein Far
var Kulten Storegut.
og Sigurd, Svein og Knut,
og fyr deim alle som ein Far
var Kulten Storegut.
Eg gjorde det, som kom paa meg,
til aa faa Heren full.
Eg hadde mange Søner, eg,
men litet Gods og Gull.
til aa faa Heren full.
Eg hadde mange Søner, eg,
men litet Gods og Gull.
I Striden Husmanns-Sonen laut
og fekk ’kje vera lat.
Men Gardemannen gav eit Naut,
og Son hans heima sat.
og fekk ’kje vera lat.
Men Gardemannen gav eit Naut,
og Son hans heima sat.
Det er dei tronge tunge Kor
i denne Striden vaar:
Den, som hev’ minst aa strida for,
han fær dei største Saar.
i denne Striden vaar:
Den, som hev’ minst aa strida for,
han fær dei største Saar.
Den Krig er ingen Barnaleik:
det tek i kvar ein Led,
so Mannen, som er sjuk ell’ veik,
han siger ende ned.
det tek i kvar ein Led,
so Mannen, som er sjuk ell’ veik,
han siger ende ned.
I Torst’ og Sult med Skreppa stor,
av Regn og Sveite bløytt,
du gjeng, til paa den kalde Jord
du sovnar armodstrøytt.
av Regn og Sveite bløytt,
du gjeng, til paa den kalde Jord
du sovnar armodstrøytt.
Du vekkjest upp mot Gry av Dag
i kvar ein Leden stiv.
Av Livet leid, du ynskjer Slag
mot slikt eit Illmannsliv.
i kvar ein Leden stiv.
Av Livet leid, du ynskjer Slag
mot slikt eit Illmannsliv.
Det tok for hardt paa Guten min,
han stakars yngste Knut.
han stakars yngste Knut.
Han i eit Sjukehus kom inn,
men aldri atter ut.
men aldri atter ut.
Og Svein og Sigurd sidan vardt
og sjuke ein fyr ein.
Det Liv og Arbeid var for hardt
fyr slike unge Bein.
og sjuke ein fyr ein.
Det Liv og Arbeid var for hardt
fyr slike unge Bein.
Der altid fullt av Sjukdom er
paa slik ei Stridens Leid.
Det fylgjer Pest ei Krigarher,
som Ravn ei Skrubbe-Skreid.
paa slik ei Stridens Leid.
Det fylgjer Pest ei Krigarher,
som Ravn ei Skrubbe-Skreid.
So kom det daa paa Slutt til Slag
med Blink av Sverd og Eld.
Me høyrde Dur den heile Dag
her paa dei haage Fjell.
med Blink av Sverd og Eld.
Me høyrde Dur den heile Dag
her paa dei haage Fjell.
Det minst var tjuge Mil fraa oss
der aust, der Slaget stod;
men endaa dunde som ein Foss
mot Fjellom Slagets Ljod.
der aust, der Slaget stod;
men endaa dunde som ein Foss
mot Fjellom Slagets Ljod.
„Aa, Gud!“ sa’ Anne, „høyrer du
det Ljom med Vindens Drag?
Og vaare Søner, maa me tru,
er med i dette Slag!“
det Ljom med Vindens Drag?
Og vaare Søner, maa me tru,
er med i dette Slag!“
„Aa! høyrde du den Dynen her,
som upp i Nuten leet?“
So sette ho med Sukk seg der
paa Steinen ned og greet.
som upp i Nuten leet?“
So sette ho med Sukk seg der
paa Steinen ned og greet.
Ja, vaare Søner med dei var
i dette fæle Slag.
Det gløymer aldri arme Far
i all sin Livedag.
i dette fæle Slag.
Det gløymer aldri arme Far
i all sin Livedag.
Dei havde døytt dei andre tri;
og tri fall denne Dag.
Berr’ Storegut var Livet i.
Det var eit Sonar-Slag.
og tri fall denne Dag.
Berr’ Storegut var Livet i.
Det var eit Sonar-Slag.
Men godt dei slo, og Norsken vann,
og Svensken rømde radt.
Eg endaa var ein heppen Mann,
at Storegut var att’.
og Svensken rømde radt.
Eg endaa var ein heppen Mann,
at Storegut var att’.
Dei sagde han fyr tjuge slog
og skaut og stakk og skar.
Og fram ei stor Kanon’ han drog,
daa Hestann’ skotne var.
og skaut og stakk og skar.
Og fram ei stor Kanon’ han drog,
daa Hestann’ skotne var.
Daa Brødrann’ fall, i Skum han svam,
so harm han skalv og skok,
og dreiv som Fe dei Rædde fram,
og so til Kniven tok.
so harm han skalv og skok,
og dreiv som Fe dei Rædde fram,
og so til Kniven tok.
Som Kyrkjeklokka ropar han:
„Hau, Gutar! dette høyr!
Den Guten, som er rette Mann,
han vinner elder døyr!“
„Hau, Gutar! dette høyr!
Den Guten, som er rette Mann,
han vinner elder døyr!“