Storegut med Far sin verd fredlyst
Utseende
Det norske Samlaget, (s. 52–54).
Storegut med Far sin verd fredlyst.
So ikring med Foten saar
ifraa Gard til Gard me rømde,
beiske Drykken ut me tømde
til den siste Dogg og Taar.
So paa Skogen der me laago,
og naar Eld me nørde paa,
Folk der heim’ i Bygdi saago
upp mot Himlen Røyken blaa.
Naar so Røyken ropad ned,
sagde Folk paa kvar ein Hause:
„Det er fraa dei Fredarlause.
Lat deim liva der i Fred!“
ifraa Gard til Gard me rømde,
beiske Drykken ut me tømde
til den siste Dogg og Taar.
So paa Skogen der me laago,
og naar Eld me nørde paa,
Folk der heim’ i Bygdi saago
upp mot Himlen Røyken blaa.
Naar so Røyken ropad ned,
sagde Folk paa kvar ein Hause:
„Det er fraa dei Fredarlause.
Lat deim liva der i Fred!“
Naar det leitar paa, det sanne
fær tilgagns du fyrst aa sjaa:
for den beste Hjelpi daa
kom ifraa mi snilde Anne.
Ho til Mann og Sonen sin
kom med Fred og annan Fagnad,
so i all den Striden min
endaa var ein Herrens Lagnad.
Mine andre Søner var
likeins meg til Fred og Glede:
med si Mor til Bror og Far
fylgde dei med Mat og Klæde.
Modlaus den, som væl seg lagar,
tyngste Lagnad aldri slog:
Sams me Livsens-Lasset drog
gjenom desse tunge Dagar.
Ettersom so Tidi skreid,
totte Folk, det var for ille
slikt aa jaga oss som Ville,
og at me uskuldigt leid.
Likeins Kongens Umbodsmenn
tok paa Slutten til aa fæle,
at det kjøvde Klage-Mæle
skulde Kongen naa igjen.
So me Skrivaren og Futen
ikkje lenger fæla turvte.
Men den drepne Lofthus-Guten,
han, den Gjæving, han var burte.
fær tilgagns du fyrst aa sjaa:
for den beste Hjelpi daa
kom ifraa mi snilde Anne.
Ho til Mann og Sonen sin
kom med Fred og annan Fagnad,
so i all den Striden min
endaa var ein Herrens Lagnad.
Mine andre Søner var
likeins meg til Fred og Glede:
med si Mor til Bror og Far
fylgde dei med Mat og Klæde.
Modlaus den, som væl seg lagar,
tyngste Lagnad aldri slog:
Sams me Livsens-Lasset drog
gjenom desse tunge Dagar.
Ettersom so Tidi skreid,
totte Folk, det var for ille
slikt aa jaga oss som Ville,
og at me uskuldigt leid.
Likeins Kongens Umbodsmenn
tok paa Slutten til aa fæle,
at det kjøvde Klage-Mæle
skulde Kongen naa igjen.
So me Skrivaren og Futen
ikkje lenger fæla turvte.
Men den drepne Lofthus-Guten,
han, den Gjæving, han var burte.
Sorg renn burt som Barnataar;
Alle Sorger me fekk slita,
sat i Minnet atter kvita,
liksom attergrodde Saar.
Alle Sorger me fekk slita,
sat i Minnet atter kvita,
liksom attergrodde Saar.