Hopp til innhold

Storegut gjeng med Otte

Fra Wikikilden

Storegut gjeng med Otte.


Her einsam eg gjæter i Hugen heit
og maa paa so mangt meg minna:
Um eg skulde døy, det Ingen veit,
kvar atter dei skal meg finna,
og fram til Kyrkja meg vinna.

Det lokkar og dreg, so eg knapt meg tem:
Eg høyrer som nokot laata.
Eg veit ikkje, kvat det er paa meg kjem.
Det er so eg mest maa graata
og kan ikkje sjølv meg maata.

Kvar einaste Striden eg stridd’ og stod,
til Siger eg snudd’ og vende.
Men no er som burte baad’ Magt og Mod,
so Maken meg fyrr ei hende.
Nei aldri til slikt eg kjende.

Kvar Stytta mi er som eg Staven skjøyr
av morkne Ved skulde skjera.
Det tyngjer og tyngjer, fyrr Mannen døyr:
han kann ikkje Byrdi bera.
Det er væl, eg feig maa vera.

Det hende meg ofta, eg sat i Sut
med storknat Mæle i Munnen,
og ofta det var, at eg vilde ut,
men Vegen vardt aldri funnen,
og altid eg stod som bunden.

Som Barnet mot Fanget til Mor kann traa,
so fraa meg eg vilde springa.
Men aldri som detta det trengde paa;
og aldri det slikt meg tvingad.
Det ligg som ein Stein fyr Bringa.

Her hev’ eg ikringum meg Foss og Fjell
og heile min Bøling trugen,
men endaa det svider som Glod og Eld:
Det er ’kje den rette Dugen
og kann ikkje metta Hugen.

Aa nøgjast med Fjell og med Gras og Tre
er berre i Mold aa grava,
og sjølv med det snilde og kloke Fe
me fullt oss ei fram kann stava.
Me Mannatanken maa hava.

Men arm er Tanken hjaa Kvinna og Mann;
for Alle i Synd er sakad.
Me lengta so saart etter Gud, som kann
i Livet yver oss vaka,
og sidst oss i Fanget taka.