Hopp til innhold

Storegut fell i Giftetankar

Fra Wikikilden
Det norske Samlaget (s. 7476).

Storegut fell i Giftetankar.


„I Livet hev’ det so som so meg gjenget;
med alt det Lov eg stridde fyr og vann,
eg sviv og driv og verd ein aldrug Mann,
og enno hev’ eg ingi Kona fenget.

Mot Giftarmaalet Alle fram seg stava.
Det kann væl henda, det er stundom leidt,
og at det dryp ’kje av det myket Feitt;
men det er nokot alle Mann vil hava.

Men liti Gleda vist fyr meg vardt vunnen:
Eg høyrd’ eit Ord av Presten[1], godt som Korn:
„Dei største Menn hev’ altid minste Born;
for Ættartraaden ut med deim er spunnen.

Og Livet godt sin Lagnad ut kann skifta;
so kvar ein fær det, han i Grunnen vil:
Den Mann, som inkje større duger til,
han duger do til dess, han kann seg gifta.

D’er slike Folk, som skal i Mudret kava;
for der til Grunns gjeng inkje store Aand,
men det er nettup denne Trælehond,
som skapt er berre til i Mold aa grava.

Og godt det er, at slike Folk me hava,
som finna Livsens Maal i Gods og Gull,
og mettast ei, fyrr Munn av Mold verd full,
og Bork av Livsens Tre med Tenner skava.“
— — — — — — — — — —

Men, lær det friske Lauv den vise Leksa:
„stans Vokstren din, du berre visnar burt
og fell til Jordi skruknat, svart og turrt!“
Sjaa, um fyr det det sluttar med aa veksa?

Eg elskar alt, og høyrer Folk aa herma,
at kvar ei fager Gjenta er meg kjær,
og at eg Stakar liksom Soli er,
som yver Alle lysa vil og verma.

Eg ser det greidt: den, som seg sjølv vil mata,
han alting aat seg sjølv skal kara blindt,
og kora ut fyr seg ei Gjenta svint,
og elska hena og dei Andre hata.

Av Grytebekkens Dotter stend der Agen,
og ho eg veit det var, som her eingong
so leikande fyr meg i Skogen song.
Med Ljos og Liv og Song ho kjem som Dagen.

Eg syndar vist, men endaa kann ’kje dylja,
at ho er Dotter til den vonde Mann,
som inkje Godt ifraa der koma kann,
so Vondt det vil i Livet hena fylgja.

Den rike Aabø-Gjenta kann du velja,
og etter hena spring det mangein Kar.
Yt fraa deg alt, um so deg sjølv det var!
men Elsken din, den kann du aldri selja.

Ved Kyrkja Aalandsgjenta fint kann blenkja.
Det kjem ein Gufs; men so eg, Fanten, veit,
at ho som eg knapt eig ei skarve Geit.
Det er for seint: eg byrjar alt aa tenkja.“



  1. Denne Presten, som han heve desse Ord og Vers ifraa, maa hava voret gamle Storm i Nissedal, som var ein lærd og klok Mann, men ein Sveinkall og ein rein Raring.