Hopp til innhold

Storegut er med til Kongen

Fra Wikikilden

Storegut er med til Kongen.


So til Kongen me foor, og var elleve Mann,
og han Kristian Lofthus var Styraren, han.
Det var fram me laut føra den Urett, me bar;
av di Folket er Barnet og Kongen er Far.

Gjenom Sverge me foor og med Skreppa paa Rygg
Det var Veg, som var lang; der var Skog, som var stygg.
Men me trygge foor fram: der stod av oss ein Kvekk.
So den Vegen gjekk snart: det var Gutar, som gjekk.

Me ein Laks hadde med ifraa Tovdalens Fjord.
Det var Gut, som var feit og so ovende stor!
Det var Skjenken, me hadde til Kongen, han Far.
Og han Storegut Laksen i Skreppa si bar.

Me til Kongsgarden kom. Aa ja der var væl gildt!
Og imot oss dei toko so framifraa snildt.
Der av Folk kvar ein Kroken i Garden var full.
Og dei skein utav Sylv, og dei gløste av Gull.

Og mot Laksen i Skreppa ein Tenare tok.
Han i Gaava var glad og i Hondi oss skok.
„No i Kveld“, sa’ han, „kjem han fyr Kongen paa Disk.
Det er sjeldfengt her nede aa faa slik ein Fisk.“

So til Kongen me kom; det var Gut, som var gild!
Han tok mot oss so væl: det var Mann som var snild!
Og han helsad so varmt, og so sagde han daa:
„Eg er glad, naar eg fær mine Nordmenner sjaa.

Eg til Lands elder Vands slike Hermenn ei fann.
Dei er trugne mot Kongen og trugne mot Land.
Slik ein Vokster paa Karar du aldri sku’ sjaa.“
— Det var Storegut daa han sett’ Augo si’ paa.

Daa so Lofthus’en maalad vaar Urett og Sut,
— det var Guten sin det til aa leggja det ut! —
daa sa’ Kongen: „Nei, det er daa æveleg Skam,
at mot Aalmugen Umbodsmenn slikt fara fram!

Gjev meg Tid, skal eg snart til det beste det snu.
Eg skal læra dei Kararne til, kann de tru!
Som eg refser, eg løner det ærlege Stræv.
Og i Morgon de heim atter med skal faa Brev.“

Og so gjekk me med Tru paa det kongeleg’ Ord.
Men til Kvelds vardt me bodne til kongelegt Bord.
So hjaa Kongen til Gjestabods var me den Kveld.
Og der lyst’ i dei Salar som Straumar av Eld.

Det var Stas, kann du tru, som var framifraa fin.
Det var endalaust, var det, med Mat og med Vin.
Det var Folk, som var fine og kunde seg snu.
Det var slikt, du i Paradis maatte deg tru.

Der vardt talat so myket til Nordmannsens Pris.
Og dei spurd’ etter Norge og Skikkar og Vis.
Og me sa’, daa dei Storegut makalaus fann:
„Der er fullt upp der heima av Karar som han.“