Hopp til innhold

Storegut

Fra Wikikilden
Storegut
Andre Upplaget
Det norske Samlaget.


Storegut


av


A. O. Vinje.


Andre Upplaget.



Christiania 1868.

Forlagt av det norske Samlaget.

Trykt hjaa H. E. Larsen.


Det er ei sann Soga det, som stend i denne Boki, so nær som det, at Navnet paa ein og annan Mannen og Garden ero umbytte; for der liver enno Nærskyldingar av sume av desse Folk, og det trengst ikkje um aa saara desse Uskuldige. Derimot er Storegut og Fader hans sette, som dei vaaro til, med rette Navnet og Alt; og Fader min kunde minnast deim baade tvo. Mangt er elles forgyllt og gjort større eller mindre, en det var. Det er nokot idealiserat; men Tilmaalet og Samhøvet eller Proportionarne er det strævat etter, liksom naar Maalaren gjerer Mannen større eller mindre, en han er skapt. Dette, at Soga er sann i sine store Drag, er det, som etter mi Meining maa gjeva Diktet sitt meste Verd; for Smak og Stil skifta um, men historiske Grunnevne vara. Dette, som eg med eit Kunstord vil kalla den ethnographiske Beingrind, maa kvar Diktning og daa mest den sokallade „folkelege“ hava, um den skal liva lenger en den ofta falske Tidarsmak, som skapte den. Det er denne folkelege eller historiske Beinbygning, som me finna i alle poetiske Verk, som liva lenge, alt fraa Homer og vaare gamle Sogor ned til Walter Scott. Det er den, som stend atter, naar alt det andre er døytt burt. Det er av Livet sjølv, me maa faa vaare Grunndrag: det er det, som lyt dikta fyr oss; og Aalmugen heve difyr i Grunnen Rett, naar han segjer um ei Soga elder eit Dikt: „Ja, ja, det kan vera godt og væl altsaman, men det er ikkje sannt; ho lyg den Boki og ferer med Fantesi.“ — At eg elles ikkje tek denna Synsmaaten reint paa Ordet, maa ganga fram av det, som her uppe er sagt.

Det er no elles ikkje verdt at gilda seg meir av si historiske Sanning, en godt gjerer; for det er ikkje sagt, at eg skirt og klaart kan setja fram dette Folkeliv, med alt det at eg er uppfødd i det og høyrde det utmaalat av Fader min og andre gamle Folk; men at den utvordes Historie er sann, det veit eg.

Ja slikt var Livet upp i Thelemorki og vaare fleste Fjelldalar alt til 1814. Det var i Grunnen ei Nevarettens Tid, og difyr var Styrke og Mannamod det, som stod i største Pris. Det menneskelige Samfund er so klokt, at det altid ærar mest det, som det heve størst Bruk fyr. Med vaart nye Riksstell kom betre Rettargong, og ved ein større Lesnad og alt kom ein annan Tenkjemaate inn i Samfundet. Dette Gamle døyr meir og meir ut. Me kunna ynskja, at den gamle Visediktning f. Ex. livde enno, men det er raadlaust med det. Og her er Bot fyr det. Det er liksom med Maanen: han nører seg i den andre Enden, naar han sloknar i hin. Menner, som no ero uppe i Tanken av si Tid, dei setja i Likning med Guden Tor Enden av Hornet i dette Folkehav og sløkkja Torsten sin etter eit meir folkelegt Maal og eit sterkare og meir poetisk Liv i det Heile.

Eg var fraa fyrst av meint paa aa hanka mange Songar inn paa Sambandstraaden i denne Soga, men eg vardt under Verket rædd fyr, at den „episke“ Sammanheng ved dette skulde slakna væl myket; og det er ikkje fritt fyr, at den heve gjort det og i fyrste Halvparten av Diktet. Men seer eg, at eg kunde hava gjort meir av detta, so skal eg sidan gjera det; for det vilde vera likso historisk sannt, som høvelegt fyr meg, aa leggja mange Visor og Stev i Munnen paa han „Olaf sjølv,“ som etter alt det, eg høyrde gjetet og kjenner, var ein av dei sidste kringfarande Visediktarar og Songarar i det viserike Telemork. Eg maa tru, at der er sume av hans Visor i Landstads og Bugges Samlingar, og der er likeins ei um daa Huldri kom til Storegut paa Felegret, men den er visst av ein annan; truleg av ein Skulemeistare i den seinare Tid.

Fyrste Halvpart og der utyver av denne Storeguten kom ut i Dølen; men eit og annat av dette er umgjort og umsett og javnat til ein betre Sammanheng.

Eg torde ikkje annat en setja sume Ordtydningar her sidst i Boki. Eg heve sovidt mogelegt gjenget av Vegen fyr Ord og Talemaatar, som kunde vera mindre kjende i By og paa Flatbygd: men det var raadlaust yveralt aa gjera detta, helst naar der maatte koma fram Navn paa Landelæge (geographiske Benevnelser), sosom i „Jøtunheimen.“ Det heve lagt mange Bond paa meg, dette, aa gjera Maalet tydelegt, og det heve ofta og teket burt det mest sermerkte eller karakteristiske ved Tanken. Men, me „Maalmenner“ maa fara smaatt fram enno tidleg Dags. Det er med oss som med Organisten, naar han i sit Fyrespil eller Præludium spilar med faae „Stemmer.“ Folk etter oss faa fyrst den Lukka aa kunna draga ut alle „Stemmer“ og spila med fullt Verk.

Christiania i Decbr. 1866.

I dette andre Upplaget, som no her kjem ut, er eit og annat Smaatt umskipat og tilsett og fraateket.

Christiania i September 1868.


Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.