Hopp til innhold

Store-Jon Aakre

Fra Wikikilden

Store-Jon Aakre.


En mann dei kalla Einar Rikje drap ein gong i eit bryllaup paa Birkjeland i Austa. Han sat daa paa Hove i Hylesta sokn. Daa rymde han av aat Rikje i Valle. Rikje og Aakre var daa vaarstøylarne deira paa Hove. Bror hans fylgde honom; han heitte Stigand. Einar gav han Stigand Aakre. So rudde dei og hyste baae, Einar i Rikje og Stigand paa Aakre.

Den mannen som Einar hadde drepe, hadde tri brøre. Dei fór nord til Rikje og vilde hemna draapet. Kjeringi og Einar saag dei, daa dei fór frametter med Hove. Ho bad dei helder venda att. »Kjem de til han Einar, so drep han dykk,« sa ho. Men dei hogg i steingjerdet med kaararne sine, so det skrangla. »Slik skal det skrangla i beini hans Einar,« sa dei. Dei sa Einar ærendi si. Han klædde seg og vilde gjera det av med dei ute, kven som skulde falla. Daa ræddest dei og stakk honom i døri. So stal dei livet av honom! Dei bar seg inkje karskleg. Einar hadde ei syster som tente i Kveste. Ho stod og sneidde noko kaal, daa dei fór utetter. »Liksom du sneier kaal, so sneidde me sidebeini hans Einar,« sa dei. Daa stupte ho i uvit. Nordanaat Nomeland stod ei kjering inmed ei bjørk og braut lauv. Ho var skyld han Einar. Dei hogg i bjørki med kaararne. »So hogg me sidebeini hans Einar,« sa dei. Daa hogg ho nosi av ein av dei med sigden. Einar vart nedgraven utanaat vaaningi i Rikje. Hovdesteinen hans stod der det lengste folk kunde minnast. No ligg steinen i stoveborgi i Rikje.

Stigand skoda seg ut so grei ei dørhella paa Øyi i Tveitebø. Ho var so stor, at det var eit bisn aa sjaa. Han var av etter henne med ein annærings fole. Han vann upp paa det høgste ved Haugebirkje med henne. Daa møtte han eit kvende. Med same renn soli. »Nei sjaa den vene bruri!« sa ho. Daa rauk drogi sund. Hella laag nordmed Haugebirkje i lang tid. Daa var det ein prest som vilde hava henne til dørhella. Han gjorde dugnad og drog henne heim med mannemagt. Prestevaaningi er no flutt; men hella ligg att. Dei kallar henne Stigandshella. Ho er eikorleis sjau alner lang og fem alner brei. Det er noko krot paa henne, og noko av dei endelause krossar me kallar; det er nokre sveivlor av og til, elder smøygerosor.

Stigand vart nedgraven paa Aakre. For nokre aar sidan grov dei haugen hans upp. Dei fann der ein neve med piler, eit sverd, ei handøks, yverluten av ein ærehjelm, og eit beislebit. Det skulde vera same gjerdi paa sverdet som var gjengeleg i Karl den stores tid. Øksi hev kome burt, anten dei tynde henne, elder kva dei gjorde. Av Stigand var aldri nokon ting etter, utan berre noko kleddri mold, svart og fin, so mykje dei saag kor lang han hadde vore. Han hadde vore halvfjorde aln lang. Folk var mykje større i gomol tid. Dei hev avferast etter kvart. Stigands namn heltst med i lang tid paa Aakre, av di sonen allstøtt reiste faren uppatt.

Store-Jon Aakre var av ættlina hans Stigand Aakre rudkall. Han levde i overs stand. Han hadde tvo gardar, og var baanlaus. Kjeringi drog til si ætt, det meste ho vann. Det plar jamt vera so, at mann og kjering dreg kvar til si led, fyrst dei hev ikkje born. Storejon gjorde aldri det; han var so godaaig i seg. Storejon hadde ein systerson heitte Hallvor; han hadde heime i sørgard Aakre. Hallvor skulde hava garden etter Jon. »Eg kan ikkje gjeva deg noko, bror,« sa Jon ein gong med honom; men eg skal gjera deg eit som aldri tryt.« So rudde han upp garden, og braut upp so mykje stein, at det var eit under. Aakresvollarne var usynte allstøtt sidan. Han velte steinarne eisemall, so nær som ein; daa bad han kjeringi si aa hjelpa til. Dei la steinen utfyre stovedøri. Han er tri alner lang, tvo alner brei, og halvonnor aln tjukk.

Det var ein fant dei kalla »Andris Overgjeven«. Han fór so traatt i desse bygdom. Ein gong han kom til sørgard Aakre var der bryllaup. Daa det leid paa kvelden og dei bar inn maten, hadde fanten vorte full og vond. Han sprang paa bordet, og kruka og dansa og slo seg under skosolarne, og spente mat og ølkoppar ned i tilet. Storejon hadde gjenge heim og lagt seg. Der var daa ingen som torde i kast med fanten. Daa sende dei bod nord til han Jon. »Aa ja, so lyt eg risa upp att daa,« sa han. Han skodde seg med nokre sko som var jarnlappa bak og framme. Fanten var like galen. »Eg meiner du fer betre du er fredeleg, du,« sa han Jon. Med same rykte han fanten ned paa tilet og gav honom ein spenn, so dei kunde telja kvar skosaumen etter bringa paa honom. Folk vart ilt med. »Du maa daa ikkje drepa honom helder,« sa dei. Daa slepte Jon honom. Fanten smaug ut under hondom paa folk, og la seg innunder buret. Der laag han heile natti. Tidleg um morgoen gjekk han heim til han Jon; han hadde ei fente som fylgde honom. Kjeringi saag dei kom. Ho bad Jon smikka seg ut i kleven og sitja der. Dei spurde, kor Jon var. »Det veit eg somenn inkje,« svara kjeringi;, »han hev gjenge ut.« — »Veit inkje du det, so veit eg det,« sa fenta; »han sit uti kleven;« og ho kunde segja, kva han hadde i handi, og hogg skulde han faa. Jon høyrde dette og gjekk inn til fanten. »Totte du du fekk for lite i gaarkveld, so skal du faa meir i dag,« sa han. Fenta tenkte ho kunde taka magti av han Jon; men kunsterne hennar rein ikkje paa honom. Daa lina dei og vilde vera govener med han Jon; men han sette det skilordet, at fanten maatte aldri setja seg upp imot honom i slagsmaal, og det laut han lova. Eit bil etter var Jon av til Bykle og kaupte seg ein hest. Paa Mosstøyl var tri brøre; ovkarar var dei alle. Daa Jon kom til Mosstøyl, var Andris der og heltst med dei tri mosstøylarne. Han strauk ut til han Jon med brennevin og bad honom hjelpa seg. »Er det tri saman, so lesser dei meg hardt, men tvo skal eg klara,« sa han. Andris sprang fyre inn; han treiv stabben og kasta den yver gjelgja inn imot dei. Daa Jon kom etter, rymde mosstøylarne.

Storejon fylgde ein gong ein fant med aai og fiska. Fanten fekk, men han Jon inkje. Daa det leid av eit bil, laut fanten av for seg sjølv. Daa snitta Jon seg til og egnde av hans agn, og daa fekk han. »No hev du vore i min sekk,« sa fanten. »Ja,« sa han Jon; »men segjer du inkje, kva du hev gjort med agnet, so bakar eg deg.« — »Det er snart segja det,« sa fanten; »eg hev tekje jord uppyver ei greft og lagt ned i sekken.«

»Hadde eg no vilja, so skulde eg ha gjort det so, at du hadde lote sitja her i heile dag,« sa han Storejon ein gong med langgomor mi. Daa var han so grov i maalet: han var so utifraa grovmælt. Ho vart so med, at ho visste aldri til seg. Langgomor tente i sørgard Aakre og gjætte i hop med han Jon paa Mestøyl. Dei sat jamsides paa støylen. Men han gjorde henne aldri nokon ting.

Det var ein byklare heitte Knut Maurlien. Han handla hjaa ein kjøpmann som heitte Per. Per var traatt trau til aa borga honom mat. Daa la Knut til aa spaareika i gata utfyre huset og kvad:

Snille min Per,
vene min Per!
du maa inkje svelta
Knut Maurlien ihel.

Daa fekk han mat. Knut var diger og trumpen og trykkjeleg laga; han hadde flange og vide buksor. So var motet paa klæi i dei tider.

Knut møtte ein gong Gyllenløva i Kristiansand. Gyllenløva spurde, kor han var ifraa. »Kva skil det deg, din slarv!« sa han Knut. Gyllenløva snudde seg fraa honom og gjekk. Der var nokre timbremenner. Dei sa med han Knut, at han laut ryma, — elles miste han livet. »Han tore daa aldri drepa nokon,« sa Knut. Det var inkje bil, so kom Gyllenløva med ei rifla. Knut drumta og sprang daa lengste ut i gata. Gyllenløva var so nauv til aa skjota. Han skaut tvo kulor igjenom hatten hans Knut. So sende han timbremennerne stad aa taka honom; men dei bad honom taka ut fraa byen, det svintaste han kunde.

Knut var ein gong i drykkjelag i Viki. Der var han ufredeleg. Der var ingen som kunde kneppa honom. Daa sende dei bod sør til han Storejon. Storejon smelte honom ned paa krakken. »No maa de koma med blodtroget,« sa han; »no held eg bygdetjoren.« Knut hadde det ordet, at han skulde vera helder kvendsken.

Storejon krabba ein gong inn i eit bjønnehi, og bjønnen var inni. Det var uppi lia ovanum Aakre, øvst uppi skogvokstren. Han hadde i fylgje med seg ein som heitte Kjetil, og ein som heitte Bjug fraa Aakre. So fekk dei inkje bjønnen ut. »Her er ingen bjønn,« sa Bjug. »Eg skal krjupa inni og sjaa,« sa han Jon, og krabba seg innigjenom. Daa kom bjønnen imot honom. Jon sette byrsa mot bringa paa honom, men bjønnen kjøyrde honom ut i eit skov. »Kjetil og Bjug! Kjetil og Bjug!« ropte han Jon; han kasta seg baklengjes utyver ein bakke, og bjønnen rann. Kjetil og Bjug vart so med, at dei aldri kom i hug aa skjota. Jon hadde ei bjønnebyrsa han hadde fenge fraa Stavang. Pipa var so diger, at det var yver laget. Ho vart bøygd, so ho stod som ein boge.

Jon var aldri rædd nokon ting. Han var av desse gamle hausom.

Ein gong vassa Storejon yver Ottri, daa det var flaum, og ingen kunde koma yver. Det var daa han fór aat Finnsdalen med buskapen. Han batt eit band kringum bukseleggen og fyllte buksorne med stein; fyrst det ikkje fløytte honom, so kjende han seg so støug, at det skulde kje faa honom i velten. Men burtimot andre landet vart stryken so fæl, at han stumpa og laut kasta seg i. Daa rokk han land med hondom. »Her skal koma bru,« sa han. Han bygde bru, som han hadde lova fyre seg.

Storejon fór ei uferd, ein gong han var i høyskogen. Luseskarheii er so bratt, at ingen kan kjøyra henne. Storejon kjøyrde Luseskarheii, medan det var hard skare. Han velte lasset av, og snudde sleden og la lasset millom meiarne. Stabandi skulde strika, so det gjekk inkje for fort. Der kom lasset til aa slengja paa tverke for honom. Jon kom imillom lasset og hesten, og det velte ned gjenom heii. Daa hadde han fenge eit slit. Han var aldri støug sidan.

Jon Harsta var gofar aat Storejon. Det var ein gong drykkjelag hiti Aamli. Daa Jon Harsta kom inn, sat Tveitemannen inmed bordet. Jon tala eit gamansord til honom og slo honom paa herdi. Tveitemannen vart vond, for det han slo nedpaa honom. »Er du styven!« sa Jon; »toler du inkje gaman?« Daa blidka Tveitemannen seg att, og dei skulde vera gode vener, av di Jon tala so. Daa kom bror aat Tveitemannen inn. »Er du slik ein stakar, at du læt han Stubbe Harsta slaa deg!« sa han. Jon hadde ein hund som heitte Stubbe. Daa vart Tveitemannen aalvora vond, og vilde slaast. Jon reiste hit i ei onnor stova, og vilde inkje. Det var ein mann som sette seg millom dei. Han sa, det var skam dei vilde slaast. So vart dei gode vener att. Dei fekk ei ølskaal og drakk paa det. Tveitemannen drakk fyrst. Men daa han Jon halla skaali aat seg, slo Tveitemannen. So greipst dei. Dei fata kvarandre i haaret; dei laut ned paa tilet. Der laag dei og sleitst. Med ein gong drog dei upp knivarne baae tvo. Daa vart Tveitemannen drepen. Den andre mannen stod og glaapte paa dei, medan dei skarst ihel. Jon Harsta slapp fri for all skadebot, av di han slett inkje vilde slaast.

Det var ein paa Hylesta heitte Asbjønn Hansson. Asbjønn var ein gong austmed Aandalen. Daa var der ei gjetords hjempa heitte Berto Vipeto. Berto baud honom aa prøvast. »Er du, Berto Vipeto, komen og vil prøvast med Hansaturen!« sa Asbjønn, og slo i bordet, so stykket raut. Bordet var av eik, og mange tummar tjukt. Daa stokk Berto og torde aldri til.

Ein gong vart det stole paa Ryssta i heimigard, medan dei var paa heii. »Tjuven hev havt so store nevar,« sa Jon Heimigard, »so det er ingen annan en Asbjønn Hansson som hev dei so store.« Eit bil etter møtte han Asbjønn nord paa Moen. Asbjønn greip honom i halsen og kverkte honom. »Korleis er det,« sa han; »hev du sagt eg hev stole?« sa han. Jon var livrædd. »Nei, eg sa inkje det,« sa han; »men eg sa, at tjuven hev havt so store nevar, at eg visste ingen annan en Asbjønn Hansson som hev dei so store,« — »Aa, var det ikkje anna!« sa Asbjønn. Asbjønn var av ei ætt dei kalla »Fingerlausarne«.

Det var ein gong ein flokk med fantar som vilde kringsetja Gyllenløva paa Boreskogen. Gyllenløva reid. Han straadde gullpening fyre dei ei halv mil. Tri av fantarne staava hesten att paa spranget. Ein av dei heitte Asbjønn Hansson. Asbjønn fekk fat i beislet, dei hine i istigi. Gyllenløva var so snodig til aa hogga. Han hogg øyra av den eine, nosi av den andre, og tvo fingrar av Asbjønn Hansson. Daa let dei honom vera. Gyllenløva hadde høyrt gjete det skulde vera so fantegjengt paa Boreskogen. So reid han einkom og vilde sjaa, um dette var daa noko. Ein av fantarne heitte »Gusen«. Han gav seg til i Skafsaa bygd paa austlandet, — »Naselausen« i Tordal, » Øyrelausen« i Sætisdal. Asbjønn Hansson gav seg til paa Hylesta. Han var den fyrste som svarva rokkar her i dalen. Hybyggarne skjulte honom, av di dei vilde ikkje vera av med honom. Dei kalla honom »Fingerlausen«. Ætti kalla dei »Fingerlausarne«. Dei var utifraa kunstige og hendige.

Hallvor Aakre, systerson hans Storejon, var ein gong ut til Hylesta i eit bryllaup. Der var Asbjønn Hansson. Han kytte og duna. Tvo av dei beste var aldri noko for honom. »Kanskje kunde du faa nok med ein,« sa Hallvor. »Daa lyt du setja fram andre karar,« raut Asbjønn i, »elder so koma sjølv, um du held deg kar.« Hallvor ræddest han skulde kje standa honom; han var daa sovidt vaksen kar. Men Asbjønn rein seg inn paa honom. So greipst dei, og rendest og okst rundt tilet. Det svingla so til, at Hallvor fekk honom i velten nedmed bordet, og gav paa honom der. Daa vart dei skilde. Asbjønn rauk paa att, men Hallvor la honom yver ende, so han vart liggjande nedmed bordkrakken. Daa laut han gjeva seg greitt. Storejon gjekk i møte med han Hallvor, daa han kom heimetter. »Korleis hev du stae deg i Hansaturen, bror?« sa han. Han totte so grumt, at han hadde stae seg so godt. Sidan kalla dei denne ota »Hansaturen«.

Storejon var trek og storvaksen. Han var ei usyn i kyrkjevegen. Kyrkjekufta hekk sovidt inpaa herdi; det var bruk aa hava det soleis med kuftorne i den tidi. Hallvor Aakre var ikkje meir en aatte og seksti tummar høg, men han vog attan bismarpund, og han tvisveipte kufta, naar han gjekk med henne. »Daa eg fór til aa halda meg kar,« fortalde Hallvor ein gong — og var det au — »var eg ein gong heim til han morbror. Men eg kunde aldri aahenda meg paa, korleis han var i lovom. Daa eg kom inn, gjekk han ut i forstova og fór der og nuska. So kom han inn att med ei reiphogd i handi og sette seg hit paa kvila. »Tak so i, bror, sa han; »so fær eg kjenna, kva kar du er.« Men korleis eg skjefte meg til, so tok han hogdi av meg. Eg tok i meir hell eg orka, av di eg vilde inkje han skulde halda meg roten. »Tak so i med baae hondom,« sa han. Men hadde kje eg vrie, so hadde han tekje henne av meg daa au. Daa var han ein gamall mann, og eg var paa mit beste.«

Storejon var utifraa godt lærd. Naar det var likferd, skulde det allstøtt vera ein tale heime i stova i gomol tid. Ein gong gjorde Jon ein tale. Det var ein prest og ein studentare i likferdi. Dei spurde, um Jon hadde studera. So lærd totte dei han var. So vis var han, at han visste naar han skulde døy. Han bad daa Hallvor flytja heim til honom og taka garden. »No maa du koma, bror, og eg vil gjeva meg i follog til deg,« sa han; »for i haust døyr eg.«