Solskin
Solskin
er det, som vantar, segja Folk, naar Aaret seer ut til at bli for seint. Det er Varmesummen, som er forliten naar Aarsvokstren ikke fullmognar.
Vaare skiftande Meiningar om Sol og Solvarme, visar godt Gangen i Mannatanken. I gamle Dagar trudde Folk, at Sole var ein Gud, og om denne Guddomen var der mangei Tru og Segn. Sole var eit livande Ting, og dei germanske Folkeferder gjorde hena til eit Kvende (ho), men dei romanske gjorde hena til ein Mann (han).
Barnet og den faakunnige Mann sjaa dei skapte Ting (Naturen) og blaasa Liv i deim, og gjera deim anten til gode eller vonde Ting etter den Nytte eller Skade, som dei synes gjera. At Sole maatte vera ein Gud var derfor greidt i kalde og kaldvorne Land, medan ho i dei fælande varme likso tidt var eit vondt, sinnat Ting, som ho likeins ender og daa vardt her Nord; og derfor var ikke Sole helder nokon fullgod Gud men hadde sine leide Lunor, slike som dei allerbeste gode gamle Gudar hadde det. Og derfor maatte der vera andre Gudar til at halda Styr paa deim daa. Regnet og Nordanvinden, for ikke at tala om Vintren, kunde derfor vera nyttige at hava og taka til mot Sole, naar ho slikt kom paa ein Uslaatt. Den barnlege Tanken skapte det i sin eigen Likning, etter seg sjølv, altsaman. Gudane vaaro liksom Folket sjølv, raae og harde, naar dette var raatt og hardt, men milde og gode, naar Folket var slikt sjølv. Derfor er det og ofte sagt, at Mannen skaper Guden sin i sit eiget Billæte.
Men Mennesket løyste seg smaatt i Senn ut or denne Barnatilstand i Tru og Tanke og det var Mange, som fælte for, at Folk skulde bli ugudelege og vonde, naar dei ikke lenger trudde slikt paa det Gamle som før. Men ettersom Folk voks i Kunskap, so fingo dei aandelege Styttor i den, alt ettersom dei eldre seig ned. Det gjeng her liksom i Eventyret, daa Ulvane kastad seg over dei fyrespende Hestar og aato seg in i deim, alt til dei aato seg fram i Seletyet og funno seg bundne og so drogo Sleden fram. Men daa denne gamle Tanken, som kjem fram i mange Sambindingar, her er sett paa Odd og Ende og skjemd ut med Münchhausens Navn, so vil eg heller taka denne Likning, som ein Naturforskare gav meg. Der er nemlig ein Hveps (pimpla) som med Brodden sin legg sine Egg in under Fivreld-Madkens (Sommerfugl-Larvens) Hud, og af desse Egg kjem der ein Madk, som liver af Fivreld-Madkens Kjøt og Invollar, alt til han heve etet seg heilt in i Skinnet, som daa og verdt hans, so at Folk maa tru, at det er det gamle Dyr, som liver der heilt og helsad, alt til Maska fell af, og det nye kjem friskt og ferdugt fram. Det er liksom det gamle Dyret heller ikke viste nokot af dette nye, som paa denne Maaten verdt fostrad i det og af det og løyser det af.
Slikt gjeng det med somange Overganger i Tankelivet, med Stater og „Systemer,“ ja endaa med vaart Maalstræv. Dette er vist og „Forholdet mellem Tro og Viden,“ som her no er slikt eit Leven med i vaar aandelege Middelstand.
Paa denne Maaten heve det og gjengjet med denne Soltru: Vitenskapen og Lærdom med Kikaren og andre Reidskap hava gjevet os ein Kunskap om Sole, som gjerer at me taka hena paa ein Maate likso vel for ein Gud no som i gamle Dagar, men paa eit annat Vis; for ho er enno likso snild og god mot os som før, so ho nok er værd at elska. Ja, denne nyare Naturvitenskap gjerer os i Grunnen til langt betre Soldyrkarar en dei Gamle nokotsin vaaro; for naar me rett sjaa etter, so finna me, at det er fraa Sole alt Liv kjem, etterat Jorde er so afkøld, at den meste Varmen kjem ovan og ikke nedan.
Eg skreiv eingong før om, at Engelskmannen kallar Steinkol „bottled sunshine“ eller butlad Solskin, Solskin paa Flaskor, Den gamle Solvarmen, som var bunden i det Tre og Gras og Rusk, som vardt nedsængad (imbedded) i Jorde og der liksom Tre i Mila vardt til Kol, det verdt no upgravet som Steinkol og brenner. Det er Solstraalane, som koma atter i ein annan Skapnad, men verma og driva som før. Og so verdt Varmen omsett til Magt i Dampmaskina. Det er soleids Sole, som er Hesten for os paa Jernbanen og Roskarlen paa Dampbaaten. Det er likeins Sole, som driver Kvernar og Sager; for det er Varmen, som gjerer at Eimen stiger up, og Afkjøling at han fell ned atter som Regn og gjerer Bekker og Straumar. Denne fyrste Magt eller Updraget kom fraa Sole, og det er derfor Solmagte du høyrer i Fossen og seer i det sterke Straumedrag. Det er Sole, som kjøyrer Timber, naar du flotar. Og det er likeins Sole som driver Kula eller skyter for os, for Krutet er gjort af Ting, som der ligger bunden Varme i, og naar denne ved at koma i Eld slepper laus, so sprenger den Berg og driver Kulor og slikt nokot fram. Det er Sole som slepper ut af Fengsel sit; Korken spring liksom ut or Buttelen, som ho var stengd inne i.
Naar Skogen vekser om Sumaren, so vil i Grunnen dette ingenting annat segja, en at der binder seg so og somyket Solvarme i Treet. Derfor kan du om Vinteren verma deg ved Ovnen, naar Sole ved det, som verdt kallad Eld, slepper laus atter. Om ho derfor om Hausten reiser ifraa os, so heve ho liksom lagt seg atter i Skogen til Vintrebruk for os.
Gras og Lauv og Blomar og Korn og alt som etande er for Folk og Fe, er likeins inkje annat en bunden Solvarme under alle desse mange Former. Og naar me derfor eta og bli mette og friske og varme og sterke, so er dette atter inkje annat en at Sole liksom for ei Stund slepper laus in i Magen vaar og der i nye Overganger binder seg fast i andre Former sosom Blod og Kjøt. Derfor brenner og Kjøtet af Dyr og helst det feite. Du seer at det fræser og brenner, berre der dryper ein Feitedrope ned i Elden. Der er det Sole, som slepper laus atter i den Skapnad,
Fisken eter Ting, som der var bunden Varme i. Han verdt feit, og af denne Feiten kjem Tran. Der er det Sole som kjem ut atter og lyser og vermer. Det verdt vel, daa alt maa hava eit Navn kallad „chemisk Varme“ den Hiten, som viklar seg ut, naar det eine To slikt gjeng over til eit annat, liksom naar du seer det kalde Vatnet koma i Kok, naar du slær det paa uledskad Kalk. Men dette er inkje annat en det, at den bundne Varmen liksom slepp laus atter.
Det vilde ikke vera lett at koma til Endes med og tydelegt greida ut alt det, som Solskin slikt paa ein eller annan Maate ligg bundet i. Det er vel i heile Livet og alt som skapt er, det. I eit Aar likt dette, som mest seer ut til at bli nokot seint for Kulden og Væta, er det derfor Sol, som vantar. Her er forliten Varmesum — Driftscapital, som ein Handelsmann vilde segja — Sole legg ikke etter seg nok Straalar, til ho skal fara ifraa os i Haust. Men her er enno Tid, og der er myket Varme at taka til, der.
Ja, ho er stor Sole. Dei reikna ut, at Jorde kunde liggja in i Midten paa hena og hava Maanen sin svivande rundt ikring seg, og endaa rakk ikke han ut til Utkanten paa Sole; og fraa Jorde til Maanen skal der vera ikring femti Gonger solangt som ned til Midten af Jorde, og dit er so ved 800 Mil. Det vardt ein stor Ring dette, og endaa fekk denne Ringen Rum ini Sole! Eller det verdt og so ihopliknad, at Jorde er som eit Sandkorn, og denne største Stjerna, Jupiter, som skal vera 14 hundrad Gonger større en Jorde, denne er som eit Hønsegg, og Sole som ei Kule lik ein rund Tunnesekk. Og heile denne Kula er meint at vera ei smeltad Eldkula, som der straalar ut ei Eldluft ifraa, og i denne Luft gjeng der Bylgjor som paa Sjøen eller Vind og Sky liksom i Lufte rundt ikring vaar Jord. Og det er ved desse Straumar i denne Eldeimen der kjem det, som verdt kallad Flekker i Sole, og desse Flekkine er det reiknad ut koma atter paa sama Staden imot os etter ein Rundgang paa ikring 55 Aar. Og daa det no iaar er 55 Aar etter 1812, daa der Aaret i Fyrevegen var slike Solflekker og det sama ifjor, so er det af det, at den sama kalde Vintren og seine Vaaren var iaar liksom det Aaret, og derfor verdt det fælt for ein kald Haust og liksom daa.
Det er Synd, at ingenting skal vera reint i denne Heimen, men at slikt eit stort lysande Ting som Sole og skal hava sine Flekker!
Af dei 8 Planeter er Merkur og den lysande Aftan- og Morgonstjerna, Venus, dei næraste Sole og so kjem vaar Jord og so den koparraude Marts og so den store Jupiter og so Saturnus og so Uranus og so endeleg Neptun. Desse Døtrar af Sole sviva som Sandkorn og Ertar og Trast- og Hønsegg, etter som dei ero store til, ikring hena. Det er meint at desse Planeter ero strøymde ut ifraa Sole som ei Eldskodda eller sprakad ut som Gneistar eller slikt, og so hava dei svivet i Smelt ikring hena, alt til dei bar til at kolna og storkna utanpaa til eit Eggeskal ikring liksom vaar Jord, og so lenge som der er Eld innanfor denne Skorpa so hava dei Vatten og Luft liksom vaar Jord og kunna taka mot Solvarmen. Men daa dei ero smaae, so kanske dei reint kunna afkolna og storkna heilt igjenom, liksom det stundom er meint om den vesle Maanen vaar, som det idetmindste ei Stund sidan vardt trutt om, at han gjekk som eit Lik ikring os. Det verdt og meint, at Himilen eller Luftrumet er havande (frugtsommeligt) med nye Verdener, og at Kometerne og desse Stjerneskot, me sjaa, ero slike Smaafoster paa ein Maate, som eingong kunna koma in i ein Ring om Sole og bli vaksne Planeter.
Men at denne store Eldkula eller Sole ved all den Varmeutstraaling ikke minkar, eller at Veden liksom ikke brenn up paa denne store Eldstaden! Ja, det gruna Astronomane svært paa no. Det seer mest ut til, at dei fleste af deim no tru, at Sole dreg atter til seg slike Ting som gamle Klot, og at desse Ting ved at kletta ned paa Sole er liksom Vedabrander paa Elden, eller liksom Nevaslag, ho fær under Øyrom, og at ho soleids atter straalar ifraa seg upglødad To (Stof) til ei nyfødd Verd. Drog ho soleids atter til seg Jorde, naar denne vardt gamal og utturkad, so vilde det bli ein god Vedabrand, og soleids vardt me gjenfødde i Elden, som og er gamal Tru. Det vilde vera liksom i Eventyret at mala gamle Kjeringar paa ei Kvern om til unge Gjentor.
Me rødde om her uppe, at Sol eller Varme kan bli til Drivkraft eller Fart, og Farten verdt atter til Varme, naar han stansar braadt ved at støyta imot nokot. Dette verdt seet af Kula, som slær imot nokot, og likeins naar du slepper ned ein Stein eller nokot annat Tungt. Varme og Fart og Tyngde kunna soleids liksom bytas om i kverandre eller omvekslas i annan Mynt, og det er meint at vera den sama Kraft i serskild Skapnad, ettersom den syner seg. Det er soleids sagt, at der vilde koma slikein Hite af det, om Jorde f. Ex. med eit vardt stansed i Farten sin, at alt, Berg og heile Greida, vilde smelta og rjuka up i ein Eldeim, so at Jorde ikke turfte kletta ned i Masornen paa Sole, men berre faa ein Stans eller eit Rykk for at braana og yngja seg upatter.
Gud veit no, om det er sannt alt dette! Det kan og henda, at ikke eg her heve sagt det alt slikt som dei klokaste i denne Vitenskapen no tru. Og etter som dei Stjernekunnige faa betre Reidskap f. Ex. større Kikarglas, so daga dei up meir og meir og maa retta paa gamle Tankar. Det sama gjera dei og, ettersom andre Greiner i Naturlæra veksa lenger og lenger fram. Og det sker dagleg. Men det Meste i mangt af dette er vist sannt, so det berre er Utjavning paa eit og annat, som der stødt og vist alt til Daganes Ende maa til; for Mannatanken og Vitenskapen tru me altid vil koma lenger og lenger fram eller nærare og nærare up til Gud.
I desse sidste Aar er det upfunnet nokot, som verdt kallad „Spectralanalysen,“ og det er i sine Hovuddrag at lata Skinet fraa Sol og Stjernor straala gjenom eit Slags Glas eller Prisma. Ved dette bøygja Straalane seg, og der teiknar seg af sama Slags Forgar og Strik og Stripor, som naar Elden af jordisk To skiner gjenom sama Slags Glas; og af dette, draga desse Lærde ut, at Sole og dei fleste Stjernor maa vera gjorde af sama Slag som denne vaar Jord, altso af Gull og Sylv og Kopar og Jern og all Slags Stein og To osv. Idet Ljosstraalen paa skjønsk gjeng igjenom slikt eit Glas, løyser han, som før var reint kvit, seg up i Regnbogens 7 Fargar, og det er no ved dette updagd, at der kjem ei serskild Stripe og Tverstripor (dei „Frauenhoferske Linier“) ettersom Veden til Elden er, so at Jern osv. liksom heve kver sin Loge og sine Skuggestripor utskilde gjenom Glaset. Og af desse Stripor faa dei derfor blandt annat ut, at der i den Eldluft, som flyter ikring Sole, og som me rødde om, at der blafrar og gausar i, der maa vera myket Jern upløyst i Eim, liksom her i Lufte vaar er Vatten soleids lagad, so at dersom det rignde der, so maatte det vera Jernkulor, liksom det her er Vatsdropar. Men Regn ned paa slikein Glod maa eima upatter med det sama, liksom du seer Dropen rjuka upatter fraa heite Steinen. Der maa derfor vera ikring Sole Skybankar af Jern liksom her kring vaar Jord i hennes heite Ungdom sveiv miletykke Skybankar af Vatten, daa det, som no er Havet, laag up i Lufte og fall ned og fysste upatter med all den Gausing og Sjoding.