Smaasegner
Smaasegner.
Ein Storleting. Det var ein Herremann, som hadde leigt seg tio Arbeidsmenner, og dei vaaro so late, at dei gjorde inkje til Gagns. So var det eingong han kom yver deim, daa dei hadde lagt seg til aa sova alle ihop; daa vakte han deim upp og sagde til deim: „Det skulde vera Moro aa vita, kven som er største Letingen av dykker; den som no kann visa, at han er den lataste, han skal faa ein Dalar.“ Daa var dei nio, som rette upp Handi og vilde taka imot Dalaren; men den tiande sagde berre: „Stikk han i Vestefikka mi.“ „Det var rett,“ sagde Herremannen, „du maa væl vera den beste, som inkje eingong idest bera upp Handi.“
Ein Knipar. Det var ein Mann, som skulde gera Dugnad, og han hadde ei stor Sut fyre all den Maten, som skulde ganga til; for han var so nauv og smaahjartug av seg. Daa Gesterne vaaro komne til Bords, so aat han sjølv berre ein liten Grand, og so heldt han upp og tenkte, at hine skulde gera det same; men dei gaavo seg goda Tider og hildo paa eta rett munarlega. Daa vardt Mannen reint forskræmd, og so ropad han til Kjeringi: „Kom hit og et, du ogso; du ser no, at det gjeng til likavæl.“
Ein syndarleg Søknad. Einstad var det ein Mann, som skulde skriva eit Bønarbrev til Fatik-Kommissionen fyre ein Husmann, som det stod illa til med paa mange Maatar. Han sat lenge og grundad paa, kor han skulde stila Brevet, men han visste inkje aa faa det til, so det kunde høva. Daa var der ein Dreng inne, og han baud seg til aa stila Søknaden; han meinte, det var eit vandelaust Verk og slett inkje verdt aa gera seg nokot Hovudbrot fyre. So bad han Husbonden skriva:
han eig inkje Ku paa Baasen,
alle Ungarne liggja i Krilla,
og han hev inkje Sengklæde-Filla;
inkje hev han Gryta, inkje hev han Fat,
inkje hev han Skeid og inkje hev han Mat;
og fær han inkje nokot av Kassa,
so døyr baade han og Tassa.