Hopp til innhold

Skolemeistar-Song

Fra Wikikilden
Alb. Cammermeyer (s. 2930).

Skolemeistar-Song.


Myket kan me læra, men
Livet gjer’ det meste.
Og af alle Skolemenn
Armod er den beste.
Verde maa tilslutt bli vis,
som for slikein billig Pris
fær slik Skolemeister.

Sæle me! at slik ein Mann
lærde os at stava.
Derfor Visdom me som han
vil til Enden hava.
Og vaart kjære Fødeland
aldri, om det vilde, kan
denne Mannen missa.

Sjeldan Nokon slog den Mann,
so han seg forblødde.
Derfor dei han knekkja kan,
er til Trælar fødde.
Han er streng men hjartegod.
Derfor faa me Magt og Mod
af slik Skolemeister.

Me paa denne gilde Prest
minna maa dei Unge;
daa me sjaa, me hadde best
af dei Dagar tunge.
For slik skarve Ty me er,
at me gjenom Livets Ferd
tola mindst af Lykka.

Lat meg Fattiksdom ei faa
med sin Sult paa Bordet,
helder ingen Rikdom naa —
so er Bibelordet —
Lat meg aldri lida Naud,
men meg gjev mit dagleg Braud.
Dette best meg høver.