For slik ein Kveld, som imillom eg fann,
eg mykit kann lida.
Den, som kann takka for Hugnaden, han
fær Magt til at strida.
Ulykka er, at vi stødt etter godt
so griduge grava:
faa vi det beste, det er os ein Spott,
mot det vi vild’ hava.
Ikki um vi kunde Himilen naa,
vi endaa var rike.
Lengtande maatte vi Helvite faa,
som skapt er for slike.
No ser eg atter slike Fjøll og Dalar,
som deim eg i min fyrste Ungdom saag,
og sama Vind den heite Panna svalar;
og Gullet ligg paa Snjo, som fyrr det laag.
Det er eit Barnemaal, Som til meg talar,
og gjer meg tankefull, men endaa fjaag.
Med Ungdomsminne er den Tala blandad:
det strøymer paa meg, so eg knapt kann anda.
Ja, Livet strøymer paa meg, som det strøymde,
naar under Snjo eg saag det grøne Straa.
Eg drøymer no, som fyrr eg altid drøymde,
naar slike Fjøll eg Saag i Lufti blaa.