Denne siden er korrekturlest
For alt skal vera javnt og slett,
det fylgjer med »Culturen«;
og kver skal standa strak og rett
som Hanen uppaa Muren.
Og eingong raude verda vi
vel liksom soden Hummer,
og Mannamerket ligger i
at ganga for eit Nummer.
Slikt gjenger vel i Blodet snart,
so alle fødast fine,
med Herremannens rette Art
og med »Culturens« Mine.
Eg synest sjaa den sæle Dag,
daa alle Mann er like,
og alt er Ty av Sama Slag,
og alle like rike.
Blaamann, Blaamann, Bukken min!
tenk paa vesle Guten din!
Bjørnen med sin lodne Feld
kann deg taka seint i Kveld.
Gamle »Lykle«, Moder di,
seint kom heim med Bjølla si.
Og ho sprang og aat seg bar,
liksom det paa Livet var.