Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/99

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
99

nerne er Kjøtpund og Banklistor og Alnemaal af Calico og alt slikt Manufakturvæsen. Times skriver sanne „Høisange“ over England, naar det raakar so til, at Tollen er større i det Kvartal en i det andre. Det er denne Nytten, som f. Ex. ein Doktor i London utviklad. Han vilde faa Byen til at byggja sunnare Fattighus og for at faa den til det, so utreiknad han det nationale Tap af alle dei, som døydde fyre Tida og vardt helselause i denne ufriske Heim. Det vardt som Dampmaskiner sett til Hestekræfter, ein Mann var so og somange og ei Kone so so mange; Framvokstringsungane hadde og sine „Hestar“. Paa denne Maate saag dei gode Riksmenn i London at det var eit nationalt Tap at hava usunne Boliger.

Det kan naturligvis ikke vera Tanken min, at Schweigaard skulde hava argumenterat slik, men det var ein accord cerebral elder Hjernesamklang millom honom og den engelske statsøkonomiske Upfatning. Eg minnes soleids, at hans Tankar var fullstendig Benthamske ein Gong eg høyrde honom i Statistiken tala om Irlendarne og deires tidlege Giftarmaal; og vi minnes alle fraa Storthinget, at han spaadde seg store Nytter af alt dette Agronom-, Forst-, Fæ- og annat Uphjelpningsstell. Eg svarmad sjølv og for dette og skreiv jamvel Songer for Fesjaa; men det laag altid ein Skalk bak Øyrat.

Det er Maal og Maate med alt slikt og til Slut kann du ikke halda deg til annat en ein Manns Gruntanke for Livet. Den eine segjer, skaf meg fyrst Velstand, so kjem Uplysning baketter av seg sjølv. Paa dette Standpunkt stod Schweigaard. Og den andre svarar: skaf meg Uplysning, so kjem Velstand baketter af seg sjølv. Denne Tvist er vel liksom den hin gamle om Egget eller Høna var den fyrste. Her er gode Grunnar for baade desse tvo Synsmaatar, men det er ein faafengd Strid, og her maa vi vera so praktiske, at dei ero like gamle, og at den eine ikke kan vera den andre forutan.

Det verste ved denne schweigaardske Lægning af Tumestokken for Livet var som vi alt hava seet, at han overførde dette Syn paa Ombods- og Rikslivet. Lat ein