Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/98

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
98


Og her spring Motsetningen best fram millom Wergeland og jamvel Welhaven og Schweigaard. Desse tvo Herrar drøymde om eit Mønsterliv og Mønsterformer for alt, som til var. Schweigaard fann godt det, som var, og det var ikke hans Sak at føra Livet frametter. Han var konservativ, eller dreiv paa og stod, og det var nettup hans Livsgjerning at halda Livet paa sama Flekken. Welhaven derimot f. Ex., som og skulde vera med og halda det gamle Samfund uppe mot det nye, han pustar og klagar over det aandlause i dette sit fine Samfund, og gjør Narr af det rett som det er. Han vil fram og under dette sit Framstræv kom han, som vi vita, i Strid med Schweigaard, som syntes at „Philisterlivet“ var nok so agtværdigt og ikke fortente dei kaate Utfall fraa Welhaven.

Det er borgerligt, det er godt og agtværdigt at taka dette som Schweigaard med Livets „Philistre“, og det er ubilligt i sit idealistiske Overmod at føre Strid imot deim, so som mange Poeter og Kunstfolk ellers hava for Vane at gjera; men dette er eit, og ikke at lyfta sin Tanke up over dette Standpunkt, det er nokot annat og det var dette, som eg etter alt maa tru, at Schweigaard sjeldan gjorde.

Det var ein forunderlig Nyttens Mann, Schweigaard. Han saag sine fleste Ting fraa den nyttige praktiske Side. Karakteristisk er soleids, daa han afgjorde Storthingsbygningens Lagnad. Det var ikke for Bygningen var god og fin, men det var, for det maatte vera ein Ende paa den Sak. Just liksom Hevd i det juridiske Spraak verd uttrykt som eit Endemaal for alt uvist. Der er ’ke for det er rett, men det er for at hava ein Regel. Hans Patriotisme var likeins nyttig. Det var Komercelæster og statistiske Størrelser ellers som gledad Tanken hans. Han vardt stundom poetisk, naar han kom in paa Skipsfarten, men han kom altid under dette in paa Læstedrægtigheden. Det er greidt, den poetiske Sjæl maa og hava sin Likam, men den schweigaardske Patriotpoesie vardt likevel altfor statistisk. Dette heng ellers ihop med hans heile Grunsyn. Han var ein Engelsmann og du kan høyra dei mest patriotiske Utrop af Engelsmenn um Landsens Næringsvegen men Verseli-