Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/93

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest
93


Og likevel ſo er han norſk i utruleg mange Ting; hans Liv var betre en hans Lære. Det er f. Ex. ein Fynd i mange af hans Uttryk, ſom er ravnorſk, ſoſom det han ſagde om Adresſeforſlaget: „Det er ei Pylſe utan Inmat“. Det kom mange ſlike Fyndsſpraak fraa Munnen hans og han gjekk ſo buſt og bauſt paa, at han var nog ſo national, ſoſom daa han til ſtor Forſkrækkelſe for mange Norſke og Svenſke ſpurde fraa Feſtſalens Talarſtol i Stockholm 1860: „Hvad er det I vil, gode Herrer og ſvenſke Mænd“? Er det Krig med Norge I vil have? Nu vel I ſkulle faa den.“

Ja ſo fortalde ſvenſke Menn meg, at Orda paa Lag fall, og dei ſpurde meg nærare ut om Schweigaard. Ja ſvarad eg, han er, ſom vi alle vita, Norges fremſte Mann i mange Ting, men eg trur knapt, at Nationen vilde ſenda honom ut ſom Diplomat. „Nei, det tror jag“.

Det er mange Folk, ſom hava ſagt meg, at eg ſkulde ſkriva eit Upgjør millom Wergeland og Wehaven, men daa har eg altid ſvarat, ſkal det vera Tala om Motſetning ſo maa det vera millom Schweigaard og Wergeland. Schweigaard er nemleg den meſt fullgyldige Repræſentant for det gamle Samfund. Han er ſom Benjamin Conſtant ſagde om Napoleon, ein utmerkt Repræſentant for eit daarligt Syſtem.

Eit Samfund ſom dette gamle med Schweigaard til Uttryk kunde nok hava ſi Rædſla for det nye framkomande norſke Liv. Du vil undſkylda baade Schweigaard og alle dei andre, naar du kjem deg ihug at Norſkdomen i Politik og Literatur ikke altid viſte ſeg tekkjeleg. Den trivlad ſeg fram ſtakar. Den var arm, den hadde ikke Landſens Mjølk og Uld at gjeva ſine Talsmenn Den var meſt,