Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/91

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
91

han imillom. Felagarne av dette „Forbund“, som sist vardt talad om, dei trudde liketil 3, 4 Aar sidan, daa Welhavens samlade Verker utkom, at no skulde Verda sjaa, at Welhaven hadde havt Rett og Wergeland Urett. Ja ein av dei klokaste sagde jamvæl, at Historien alt hadde gjevet Welhaven Rett, og talar du med mindre Folk av desse, som vaaro med i Troppen mot Wergeland og „Bondepolitiken“ og Norskdomen, so er det so det kjem Skum i Munvikarne deires, naar du nevner Wergelands Navn med Ros. Og det mest upplysande er kanskje endaa, at ei pynteleg og god Frue med tvo fine Døtre ikke vilde gjeva desse Lov til at fylgja med Wergeland paa eit Bal, som han hadde indbodet desse Smaagjentor til. Ho torde ikke setja sine Døttre ut for det mogelege Vanrykte at fylgja ein slik Mann til Dans.

Her er derfor nok av Kjendsgjerningar til at uplysa Motsetningen millom det Samfund, som var i By og Embætsliv og det Samfund, som var paa Vegen til aa koma med Wergeland og det nyare Livet. Men nettup, for der er so kvasse Motsetningar, so skulde du tru, at Schweigaard maate hava seet det overdrivne i alt dette og voret den mæglande Mannen, som talentfulle Menn gjerne ero, naar dei nemleg ikke ero so flinke, at dei sjølve hava ei Ide og soleids verd synskvervde av den. Schweigaard skulde nettup vera den Mannen, som stod mæglande og forsonande imillom slike Motsetningar. Han hadde nemleg ikke sjølv nokon Ide at driva fram; han vilde berre forsvara det gamle, det, som var, og med dette for Auga er det snart ingen annan. Utveg en at gjera Mannen antan til ein trongsynt (borneret) Mann elder til eit rasande Partimenneske, som i Likning med Halvgalningar i Morgen-