Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/88

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
88

Hans Harme og Skrik stiger Thing for Thing. Det var vel kanske sterkast i 1848, daa Adressesaka var framme, men ellers so er det mest Jurysaka, som framigjenom aflokkad mange af hans fleste Tankar om det sokallad Folkestyre.

Schweigaard vidste derfor liksom ikke, at han var ein forskriven (engageret) Mann for „Kultursamfundet“. Han tok dette og si heile Stilling som nokot reint likefram og naturlegt og det vilde vera likso uretferdigt mot honom, som imot Stathaldarar og Statsraadar at meina det so, at det var eit uplagt Raad mot Bondemagta paa vaart Thing. Det var ei naturleg Skjerming um sjølve seg; som desse „dannede“ gjorde, og dei valde sine bedste Kræfter til dette, som dei meinte, eit Frelsarverk for Samfundet. Vi gjera det same den Dag i Dag: Folk har f. Ex. sagt til meg no i denne politiske Tid: „Du er for uplyst du til at staa paa den Sida, du staar. Vi som hava lært nokot, vi maa halda ihop og vera konservative.“ Annat var det vist ikke, som var sagt til Schweigaard, men det var ei Tid, som fælte for større Omskiftningar, end vi no gjera; endaa skal ein tru alle skrivande Blad, so gjeng Samfundet no og over ifraa Folkeskik til Forfall.

Eg skulde derfor ikke hava framdreget denne Schweigaards Stilling til Politiken og vaart heile Samfund, dersom eg ikke ved dette tenkte at laga til og gjera forstaalegt hans journalistiske Gjerning og mest hans Upfatning af Wergeland, som er hans Motsetning i det nationalt folkelege paa same Vis, som Ueland var det i det reint politiske.

I Bladet „Den Konstitutionnelle“ for 1836 (fyrste