Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/87

Fra Wikikilden
Hopp til: navigasjon, søk
Denne siden er korrekturlest
87

i Regjering, ſo gjeng der likevel gjenom Skriftet den her nemnde Rædſla for den vekſande Bondemagt.

Faugſtad var ellers meir friſinnad en dei fleſte af dette „Forbund“, ſom med Schweigaard fremſt i Fylkingen ſkulde forſvara „Kulturſamfundet“ fraa Danſkdagen imot den framvekſande Norſkdom. Det er nemleg fortalt af Kjendsfolk, at det vardt ſagt til Schweigaard: „Ja, ja her verdt ingen politiſk Folkeſkik, ſo lenge der er alle desſe Bønder paa Thinget.“ Men daa ſvarad Schweigaard: „Du veit ikke Tanken i det, du talar; var ikke Bønderne, ſo vilde her vera nokot myket verre. Det ſkal Maate med Bonden og, men vi maa hava honom i Thinget likſovel ſom i Livet.“

Ja ſo omtrent verdt Samtalane hermde fraa den Tid. Det er alle ſamtykte om, at Schweigaard vardt utvald ſom ein Slags frelſande Mann mot den aukande Bondemagt, men han var ein maatehaldande Mann, ſom ikke i vilde ſtanſa „Tingens naturlege Gang.“ Han var her i denne Tid, likſom daa Sendelaget til Stockholm i 1860 kom tilbake og ſkulde hava lagt Heimvegen om Kjøpenhavn, men Schweigaard, ſom var Formann, ſagde nei og meinte, at det var ikke „loyalt“ at fara innom den eine Kongen, naar dei foor fraa den andre. Det var nemleg lagt Vin om at faa Norge med paa dei danſke Krigsplaner.

Han var alt ſo her og Pligtens og Rettens Mann, og i hans fyrſte politiſke Skrivning og Thingferd er han likeins fri og framſkriden. Dette er viſad her i mange af desſe mine framdregne Ord og Tankar, men han vardt meir og meir rædd, etter ſom han kom in i den politiſke Drift. Han ſynes likſom at hava voret meir ſkræmd af Bonden i Thinget en af Læra om, at han ikke maatte koma der.