Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/86

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
86

dei „fine“ i Samfundet, dei styrande, dei som Welhaven kvad for, og dei som Schweigaard og hans Jurister skulde forsvara med sin Fylking. „Men i all Verden, at der kunde vera slik Strid millom Dem og Wergeland,“ sagde eg ein Dag til Welhaven, „vi forstaa nok, at der maatte vera Strid millom dei poetiske Synsmaatar, men ei slik Hærferd er os reint ufatteleg.“ „Det var,“ sagde han i det største Aalvor, „ein Strid millom Uplysning og Barbari, det var Raaskap og Kultur, som stod mot kverandre.“

Vi sjaa vel af hans „Dæmring“, at det maatte vera nokot sonær som her sagt af hans eigen Munn, men likevel so er der betre Uttydningar i eit slikt poetisk Verk, so vi maa hava reine Ord for at tru paa slike Motsetningar. Dei trudde det hine fine og uplyste og styrande Folk, at det reint ut var Aasgaardreida som kom med Bonden i Politiken og Wergeland med dei andre Skribenter i Literaturen.

Det var ei Overgangs- og Skiftetid denne ikring Trettitallet, daa just Schweigaard vardt vaksen. Her kom litt europæisk Luft her up med, og desse flinke Menn, som skulde vera Landsens Væktarar, dei hadde og ein Pust i seg af Juliomstøyten 1830. Stang er frisinnad i si Grunlogstydning og Faugstad skreiv fordomsfritt og for si Tid utruleg godt om Storthinget 1833. Det vilde vera værdt i denne Tid at afprenta hans Tankar um Embætsmenn i Storthinget. Han greide ut so godt, som det skulde vera gjort i denne Tid, at eit Storthing af Embætsmenn er imot Naturen af Storthingstanken: der er nemleg daa ikke det Tilsyn med Riksstyret af Storthinget. Men om Faugstad strider nokso frisinnad i mangt om Storthing og