Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/85

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
85

mot det „raabarkad“. Ingen var slik som han, og det Framtidshaap, som i den Tid vardt sett paa honom, kan du ikke forstaa utan i Samheng med denne her nevnde politiske Stilling. Det var som det ikke skulde vera eit Menneske men ein Halvgud, daa Laget vardt gjordt for honom i 1833, før han med Stipendium gjorde si Utlandsreise. Det er „Norges beste Søn“ baade paa Vers og Prosa. (Sjaa Vidar f. Ex.) Og du kan godt forstaa dette, naar du paa den eine Sida seer hin straalande Mannen med si overveldande Overlegenheit, og paa den andre Sida tenker deg den patriotiske Rædsla for eit „Bonderegimente“. Der var Balder imot Ragnarok. Det var Stridsmann det.

Og det var hans Vaabendragarar alle hine flinke unge Menn fraa den Tid, som alle kom so langt og godt fram. Det var Motzfeldt, Faugstad, Birch-Reichenwald, Dunker, Langberg kort den heile „Trop“, den „forgylde Ungdom“, som vardt samlad i Greivegarden hjaa Stathaldaren Wedel. Det var „Jarlen“, sagde Welhaven i eit af sine glimrande Vers. Han var Diktaren for desse „Ljosets Bannerførarar“, som likeins skilde seg ut or Studentersamfundet og gjorde seg eit „Forbund“.

Og dette „Forbund“ var det, som utgav Vikuskriftet Vidar om Hausten 1832. Du seer af Inleidningsdiktet til Vidar af Welhaven; at det var tenkt, som den frelsande Guden i Domedagsslaget mot „Myrkrets Magter“. Norskdomen foor nemleg daa til at koma fram.

Om vi lesa i Bøkene fraa den Tid og tala med Folk, som enno liva atter af den, so er det likevel umogelegt for os at forstaa den Strid og Motsetning som der daa var millom den upvaknande Norskdom i Politik og Literatur, og den danske Kulturen og Statsskikken, som utgjorde