Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/84

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
84

eingong paa Papiret, so det var ikke godt at faa den ombord. Folk kunde tala om den Tid, daa „Bonden skulde koma“, men dei kunde ikke afvenda, at han kom. Det gjekk denne politiske Retning over heile Europa i den Tid. Det var Atterslag eller Reaktion overalt. Og hadde ikke vaart Embætsverk voret skræmte fraa Sverige men kunnad sluttad seg til ei Kongsmagt, so er det trulegt, at vaar Grunnlog ikke vilde hava stadet so heil og helsad fraa den Atterslagstid. Her nøgde vaar Stilling Sverige os til at halda ihop paa det vi hadde Embætsmann og Bonde maatte her staa saman.

Denne Fælska for Bonden i Politiken vaar var netup paa sit største, daa Schweigaard vardt fullvaksen Mann. Der var alt Bondetilsprang til Storthinget i 1827 og 1830, og 33 var det Thinget, som gjorde Vendinga millom Thingpolitiken før og etter den Dag. Den som skal skriva om Ueland, maa vel merkja seg dette, daa hans historiske Stilling maa bli sedd fraa det Thing som Utganspunkt. Og her sjaa vi best og med eit Motsetningen millom Ueland og Schweigaard, idet at Uelands historiske Stilling netup var den som Schweigaard med si Stilling skulde motvirka.

Samfundets styrande Menn leitad nemleg blandt den studerande Ungdom liksom etter Fedrelandsfrelsarar mot denne „Bondekoma“ som her er nevnt. Og Schweigaard var daa netup framifraa ein slik Frelsarmann for „Tanken og det aandelege Liv“ imot det framveltande „Barbari“. Ja so sjaa vi desse tvo politiske Motsetningar tidt vardt kallad i den Tid.

Det var inkje Under, at Schweigaard vardt fakkad af det „fine Samfund“ som han skulde vera med og skjærma