Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/83

Fra Wikikilden
Hopp til: navigasjon, søk
Denne siden er korrekturlest
83

kjem ikke Schweigaard til.ſin Rett men maa bli mistydad i det endelauſe.

Men her verdt det fyrſt greidt, at det er ein umogeleg Ting at ſkrive om Schweigaard utan med det ſama at taka med myket af Landets Hiſtori under dei Aar. Det er naturlegvis ſo med alle framifraa Menn; det er i Samheng med ſit Folk og ſi Tid dei maa faa ſin Dom. Men dette er endaa meir Tilfellet med ſlike politiſke og ombodsvirkande Menn ſom Schweigaard en med Skribenter og Poeter ſoſom her hans Samtidingar Munch, Keiſer, Welhaven oſv. Han greip nemleg meir praktiſk med in i Livet han og ſoleids likſom meir var med til at gjera ſjølve Landets Hiſtori for ſine Dagar.

Den Schweigaardſke Politik maa du derfor ſjaa i Samheng med vaar heile politiſke Utvikling etter 1814.

Dei meſt framſynte af deim ſom gjorde vaar Grunnlog, dei ſaag ſtraks at Bonden vilde faa Bugta og baade Endane i Politiken vaar, naar denne fekk Tid til at vikla ſeg ut, og at Embætsfolket, ſom fraa fyrſt var de politiſk ſtyrande, umogeleg kunde faa inne hava denne ſi Stilling i det lange Drag. Det var mange gode Menn, ſom var ængſtelege for denne Framtid, ſom ikke kunde vera ſo langt burte, og vi vita at Falſen, ſom hadde gjort ſomyket til vaar Grunnlog, han kom ſtraks etter med Forſlag om at gjera Embætsmagta ſtørre og Bondemagta mindre i Storthinget. Og det varde likeins ei Stund, før dei torde lata kvert Amt faa ſomange Thingmenn, ſom det ſkulde hava. Havde det voret Raad med, ſo vilde der viſt hava komet Omgjerder i vaar Grunnlog til Stansning af den framtrengande Bondemagt, og til Skjærning for den tilbakeſigande Embætsmagt. Men vaar „Forfatning“ ſtod der no