Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/82

Fra Wikikilden
Hopp til: navigasjon, søk
Denne siden er korrekturlest
82

fengjet Munns Ord for meg, ſo ſanſad eg paa den engelſke Talemaate: to beard the lion in his den (at ryſkja Løva i Skjegget in i Hola ſi).

Han gjenomgjekk ſtore Stykke af Englands Hiſtori og mange af deires meſt navngjetne Menn f. Ex. Walter Scott, ſom han fraa Ungdomsdagane maatte hava fengjet eit ſterkt Intrykk af. Og ſo foor han over til Frankrike og gjorde det ſama der, og ſo til Tyſkland, og det var ſo ſannt og rigtigt paa ſin Vis altſaman, at det var ein Lærdom at høyra det; men det var Synsmaatane og Domane fraa 1830 og der ikring. Up til 1840 var det faa Ting, ſom kom, ſo det var tydelegt, at han ikke hadde livt med etter den Tid. Det gjorde eit forunderlegt Intrykk at ſjaa framfyre ſeg eit ſo megtigt Menneſke, ſom var afdøytt i denne ſidſte Mannsalderen. Han ſtod der for meg ſom ein Draug eller Gjengangare. Han vilde likſom veipa meg in i den kvite Likſkjorta med ſine kalde Armar. Eg vardt rædd.

Der er nokot ſom heiter ein Manns hiſtoriſke Stilling, og dette er hans Stilling til ſit Folk, ſi Tid og til ſeg ſjølv, kan du leggja til. Naar du ikke lenger kan tyda deg ein Manns Framgangsmaate, ſo kjem du med „Uttrykket“, at det laag i heile hans hiſtoriſke Stilling. Det kunde ikke vera anderleids ſo ſom Mannen ſtod til ſi Tid.“

Eg finn ingen annen Utveg med Schweigaard en at bruka denne Talemaaten. Eg har af mange Grunnar ſøkt at tyda meg hans Standpunkt; men eg kjenner at det ingen rett vil ſlaa til. Det er „Mannens hiſtoriſke Stilling“ ſom lyt gjera det. Utan dette breide Syn paa Tingen