Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/81

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
81

laga til eit nyare, nemleg i Frankrike ved Keisardømet og den aalmenne Valrett der, og i England ved Parliamentar-Reformen, som endeleg for tvo Aar sidan gjekk fram.

Det nationale i Politik (og Literatur) kunde han heller ikke forstaa, og daa dette er ei Utvikling af dei sidste tretti Aar, so visar kanske dette endaa betre en alt det andre, at han i denne Tid ikke hadde voret med i Framvokstren af dette Verdensliv. Eg har rigtignok ikke fundet offentlige Uttalelser af honom i denne Retning om denne nationale Politik i Italia, Tyskland, Danmark og blandt dei slavoniske Folkeferder, men det fullstendige Ukjenskap, han hadde til Nationalrørelsen her heime, maa vel gjeva meg ein Slags Rett til at uttala denne Meining. Og her maa det vel og vera tillat at nevna det Intrykk, eg sjølv fekk af Mannen di Samtaler med honom.

Eg skal ikke rosa meg af, at eg hadde den Ære ofte at tala med Schweigaard. Men daa eg kom tilbake fraa England, og han hadde leset mi engelske Bok, var han ein Dag, eg raakad honom, uvanleg fyrekomande mot meg, og han spann i ei Samtale, som i Sanning var ei af dei mest forvitnelege, eg har høyrt i all min Dag. Det i var no ellers ikke „Samtala“ for det var sjeldan eg kunde koma til Ords og svara, men det var ein Ordstraum fraa hans eigen Mann i mangt og myket so aandfull og lærd og original ja vittig, at eg knapt har høyrt Maken, sonær som naar Welhaven i sine beste Stunder utladde sine „elektriske Batterier“. So skok han imillom paa sit store fagre, Hovud, so det graae Haaret kransad seg i Likning med dei „ambrosiske“ Lokkar til Jupiter. Og so saag han paa meg med sine uendeleg aandfulle og talande Augo. Eg stod som fortrollad, og om eg i all denne Flaumen hadde