Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/74

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
74

han drog Tanken i den fram og paa den Maate synte, at den var bygd paa ein falsk Grunn.

Det kunde hava gjengjet ei Stund lenger med det gamle Stell af eit Storthing med Embætsmenn, dersom ikke Schweigaard hadde gjevet slikt eit stort Exempel paa ein Regjeringsadvocat i Thinget. Det er ikke stor Tanke i det, at Folk, som faa sine Ombod fraa Regjeringen, skulle hava Tilsyn med dens Handlingar; men likevel so kunde det hava vart nokot lenger med dette barnslege Stell og Styre, om ikke Schweigaard var komen og med eit gjort det urimelgt og latterlegt. Dei kunde hava „opponerad“ so fint i smaa Saker, som dei og stundom før gjorde, og soleids gjevet Landet eit Skalkeskin af at der va tvo Statsmagter, nemlig ei gjætande og tilsynande og ei gjætt og tilsynt. Men Schweigaard kom og lærde ved sit Mønster, at det i Grunnen berre var ei Statsmagt, idet Storthinget berre vardt Sandhuset til at straa paa Regjeringens Skrift. Og om han ikke altid fekk Thinget med seg til Regjeringens Tenestegut, so sat han der og talad for Saka, og naar han hadde talad for den, so var den god, og Ministeriet hadde den „moralske“ Rett paa si Side og sat so stødt som Naglen i Riksveggen. Det var eit Par Vendor no paa det sidste, at det ikke var so, nemlig i Sakerne om desse militære Statsraadar; men daa var og Bogastrengen brusten og Riket fallet fraa hans Hender, so det hadde gjort litet eller ingenting til denne Sak i Framtida, anten Mannen hadde livt lenger eller han no døydde.

Det var ein „naiv“ Mann er det so tidt sagt. Ja, det er vist og sannt. Han saag ikke langt ikring seg. Han trudde (og mange tru det enno), at han var den rette Grunnlogsmann med Tilsyn, at den eine Statsmagt ikke