Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/73

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
73

kunde hava vaaret valde og setet faste all sin Dag utan ein slik Stormeistare for Laget? Det var ikke fullt so før hans Tid, og verdt vist ikke so etter den heller.

Under denne skjærmande Haand af Schweigaard er og Talmaaten med den practiske Embætsutnævning etter den framkomen: „Dei fordømde Genier, dei forstyrra berre Livets javne Gang.“ Paa denne Maate er Statsmanns- og Embætsverket vordet „praktisk;“ men det skal ikke hava stor Motstandsmagt mot fientlige Angrip, naar „Fa’r sjøl i Stuga“ er burte, han som ikke tolte, at der vardt andad eit Ord til Afdøming denne Ombodsbolken.

Og liksom han ved alt dette lægnad Tummestokken for Ombodsfolk til Rigsverket, so Undermaalsmenn gingo for fullvaksne Karar, soleids gjorde han og Embætsmenn umomogelege i Storthinget ved sit store Mønster, at rosa og taka alt i Forsvar, som kom fraa Regjeringen. Det vardt nemlig ved dette synlegt for alle, at Storthinget med slike Folk ikke kunde vera den til- og ettersjaande (kontrollerande) Statsmagt, som det var tenkt at skulle vera, men seig ned til ein Ha- og Jabror af den fyrste den beste Regjering.

„Den maa og hava eit Forsvar,“ sagde han og andre med honom. Men ved eit Forsvar som dette fraa denne Kant vardt Storthinget øydelagt for at „frelsa Regjeringen. Og her visar seg best det urimelege i vaar Statsform, at Statsraadet ikke gjeng fram af Storthinget og atter møter up i det eller er ei parliamentarisk Regjering. Det var practisk nyttigt i det serskilde Tilfelle, meinte Schweigaard, at gjera som han gjorde, og han saag ikke solangt fram, at han ved dette upofrad den eine Statsmagt for den andre og soleids ved sit skjærmande eller „konservative“ Verk gjorde den meste grundige Omstøyt i vor Riksrett, eller rettare