Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/71

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
71

bætspartiets mest gjenomførde Talsmann og soleids syntes at vera meir samtenkt eller konsekvent en nokon annan i at forsvara dei sokalad „konservative Interesser.“ Ein Tankemann som han vilde nemleg hava spurt etter Enden og Utslaget af ein slit Politik i det lange Drag, sosannt som han ikke hadde livt for Dagen og tekjet det serskilde Tilfelle framom ein Grunsetning, eller Kasus fram om Princip. Han vilde stydja den Regjering, som var for Dagen og Timen; han var imot all Afdøming, eller Kritik af dei Embætsmenn og det Embætsverk, som var for Haand, og han var for alt, som kunde styrkja og anka Ombodsbolken. Han sagde rigtignok, og andre Folk sagde det endaa meir, at det var ein Grunnsetning alt dette, nemleg den at strida imot det aukande Folkevelde og skjærma det faste Samfund (dei konservative Interesser).

Men ein Tankemann med Syn og Sans for Grunnsætningar vilde snart hava seet, at eit slikt Stræv i Lengda mest maatte skada det, som han trudde at gagna, sosannt som du ikke vil gjæra Mannen til ein blind Patiførar. Han var vel altid nokot af dette og; for han kunde vera braadsinnad og lidenskapeleg. Men han var i sit Væsen nokot betre, han gjorde det, som han i det serskilde Tilfelle trudde var Rett, og han gjorde det med Overlegg og Omtanke, og netup dette visar, at hans Tanke ikke naadde lenger fram en til Dagen og Timen. Han var med andre Ord stuttenkt. Han greid Tilfellet, Kasus, og saag ikke framom det. Dette var, som vi sjaa af hans eigne Ord, ein Slags Grunnsetning, System. Dogme vilde han ikke vita nokot af.

Forunderleg, at ein Mann med hans klaare Syn paa det einkelte og serskilde skulde hava soliden Sans for det sam-