Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/70

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
70

Framvokstringsdagane. Det er med eit Ord Reven, som ikke vil hava Rognebera.

Vi sjaa altso af desse Schweigaards Skrifter, at han var komen til Nedbryting af det gamle i Livs- og Læretru, utan at nokot nytt og samhangande atter var upbygt i Tanken hans. Han var philosophisk komen dit som vaare Forfedrar, nemlig at tru paa sin eigen Maatt og Megin (Magt og Styrke).

„Som Thor han viste at du bør
i Osen stemme Elv.
Han gjorde det, som Kjemper gjør:
Han trudde paa seg selv.“

(over Theis Lundegaard)

Schweigaard trudde paa den practiske Forstand og sunne Fornuft i kvert serskilt Tilfelle. Der var ikke lenger Dagmer der korkje philosophisk-vitenskapelegt eller theologisk eller juridisk. Det var, som han sjølv sagde, ei tabula rasa, eller reint Bord.

So stend denne sterke Mannen for os i sin myndige Alder. Det han kom til, etter at han vardt tretti Aar, vita vi ingenting om, for han uttalad seg aldri etter den Tid i desse Retningar, men var practisk virkande Embæts- og Statsmann.

Men dette hans practiske Embæts- og Statsmansliv visar, at hans Tankar ikke vardt omgjorde. Det kasuistiske i hans juridiske Lære, som eg før har omtalad, syner dette. Og af hans Politik gjeng det sama fram. Han livde liksom for Dagen og det, han i det serskilde Tilfelle fann nyttigt og godt, utan at sjaa paa Samheng og tenkja over Endemaalet, som det maatte føra til. Det er nemlig ikke nok her at merkja seg det, at han var Em-