Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/69

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
69

hans Undermaal og Afgrensing ligg. Kom veit? Det kunde ellers henda, at han i ein Slags Følelse af si Afmagt snudde seg fraa eit philosophisk dogmatisk sunderrivet Liv til positiv Jus og Statistik og Bank- og Pengevæsen, liksom ein ulykkelig Elskare slær seg paa Drykk og Kortspil eller i betre Fall paa Tung- og Grovarbeid, eller lik Diocletian gjev seg til at plante Kaal, daa han ikke syntes han fekk det, som han vilde, ved at vera Keisare. Men det er ikke likleg til at vera so heller; thi forutan at det er med det beste Huglag (con amore) han straks talar om „Bankens Sølvvexling“ f. Ex., so ligg der mest fullgyldige Motprov paa dette i desse hans her fyriaat afprentad Ord: „Den, der bærer et System i seg, føler mindst Drift til at fremstille det, fordi det kun er et ægte System, medens det lever hos dets Besidder, og dør naar det skal lægges i Dogmernes Baand.“

Forunderleg aandefulle men halvt sanne Setningar. Det er atter det unge men gode Hovud som talar. Det er kavende usandt, at „den some bærer et System i sig, føler mindst Drift til at fremstille det“. Det er imot all Historie og Livsrøyn. Men Schweigaard trudde det og, det som meir er, livde etter det, og dette er her nok. Det er denne gamle elskværdige Luring seg sjølv: Naar eg kjenner, at eg ikke kan ein Ting, so finn eg meg up i ei Lære, at eg ikke vil eller bør gjera den, at det er nokot, som Folk lik meg aldri falla paa at gjera. Da Macaulay ikke kunde vera Diktare, som han fyrst prøva paa med, so fann i han kritisk ut, at Diktekunst var nokot som høyrde til den meir barnslege Alder, altso var nokot for den myndige Mann og Nation fraavokset likt eit annat Klædeplagg fraa