Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/66

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
66

i denne hans aandelege Upvekking falt in i eit Tidarskifte millom det eldre og dette nyare Syn paa Spraak- og Naturvitenskap og tysk Philosophi, so der liksom kom eit dubbelt Arbeid paa den vaknande Mannen i den Tid, nemleg baade det personlege Upgjør for kver Mann til alle Tider og det serskilt vitenskapelege for den Tid. Dette sidste er no historisk upgjort, so kver Ungdom ikke lenger tarv dragast med det, naar det ikke reint er i ein Ravnekrok af den civiliserad Verden, som han verdt upfødd. Dette maa vi vel merkja os, naar vi skulle vera rettferdige mot Schweigaard. Han maatte bauta med si Tid liksovel som med seg sjølv, og om det no er so, at kver sjølvstendig Mann altid vil finna nokot i si Tid for dette Arbeid, so var likevel hans Ungdom ei framifraa Tid for ein slik Overgangsstrid i national og spraak- og naturvitenskapeleg og philosophisk Upfatning. Han hadde derfor meir at gjera en ein annan Ungdom no i desse philosophiske Slyngelaar, som du kunde kalla Aldren for denne Upvakning og Overgang fraa det borgande og usjølvstendige til det eigande sjøvstendige Tankeliv. Det er Framvokstringens Overgang til Mann i Tankevegen. Det er liksom det aandelege Tannskifte.

For dette hans Dobbeltarbeid var det derfor ikke so underlegt, at han aldri kom lenger en til denne Overgang til dette Gjenomslag, og denne Upstand mot det gamle, med eit Ord til dette Tannskiste. Der er i desse her nevnde Stykke dei mest fullgyldige Merke paa, at han ikke kom lenger. Der er dette spræke, dette kritisk kvasse, desse abstract stive og uforsonad Motsetningar, dette klumpne umeltad og stølvinte Spraak, dette einsidig stridslystne, denne forunderlege Blanding af aandelegt og sanselegt Syn