Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/5

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
5

istadenfor at gjera det til ein Tenare. Laasen er ikke Rikdomen inne i Huset men Væktaren for den.

Eg sagde eingong om meg sjølv til nokre Folk, som gav meg vel store „Komplimenter“: „Aa Skam far’ i det. Der kan ikke vera synderlegt stort ved meg, for eg er for „ordentlig“. Var eg større vilde der vera meir Damp, og der vilde koma sine Sprekker.“ — Dette er naturlegvis mest eit Vitord. Men nokot sannt er der i det etter alt Livsrøyn fraa alle Tider. Og eg bør ikke tru, at Ranglefanten kan taka dette til seg og tru seg eit Geni, for det han ranglar.

Og liksom Schweigaard var lastelaus i dette Ungdomsliv, so var han det og i sit borgerlege og politiske. Var han utsend af Staten sosom til den statistiske Kongres i Paris f. Ex., so bar han so litet up og gjorde alle Reikningar so smaa som mogelegt. Han var ikke som andre slike Utsendingar. Han tok som Storthingsmann ingen Dagløn (Diæt) men bergad seg med si Professorløn. Han var her og ein Mønstermann, eit Ideal. Han sat med litet Hus det er sannt, og var soleids ikke freistad; men han saag i dette Stykke ut til at vera so rein af Grunnsetning, at han før hadde svultet. Det er stort dette. Men moralske Tankar ero ikke Poesi.

Det var mest so det kvakk i meg, naar eg tenkte paa dette og saag denne fagre Mannen. So underlege kunne vi vera.

Dette maatte vel vera, for eg fann, at her vardt drivet Afguderi med dette, istaden for at taka det paa den naturlege Maate, likt nokot som ikke kan eller bør vera anderleids. At rosa ein Mann for han er ærleg, det er no for det fyrste ein liten „Kompliment“ til Man-