Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/48

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
48

mognad, fordi der har lagt seg ein Makk eller eit Insekt millom Eplet og Kvisten og dermed stansad Safterne fraa Treet, so Eplet ikke kunde venta si rette Mogning; men dette gjorde netup, at dei Safter, som alt hadde kommet ut, dei slog seg til at mogna so tidleg, at du fær ein Smak af den fullmogne Frugt.

Det er vel sannt i det vanlege, at den edlaste Frugt mognar seint, men der er store Undantak, idet mange mogna forunderleg tidleg f. Ex. Schiller og Byron; men dei fleste af desse koma likevel sjeldan lenger fram. Smaken verdt nok utviklad, men den skapande Evnen naar sjeldan lenger. Der er ikke den Utvikling eller Evolution til Livets naturlege Grense, som er Flogvitets vanlege Kjennemerke.

Dette vere no som det vil, vist og sannt er det, at Schweigaard var ein overveldande Mann for sin Alder. Eg skal aldri gløyma det Intrykk, eg fekk under mit juridiske Studium, daa eg raakad paa hans „Betragtninger over Retsvidenskabens nuværende Tilstand i Tyskland“[1]. Det var ein Slagstyrke, som var uvanleg. Likeins er det i No. 1 og 2 af „ugeskriftet Vidar“ (1832) „Om Nødvendigheden af at indskrænke Sprogstudiets Omfang i den lærde Undervisning.“ Der er alt, som høyrer til den fullvoksne Mann. Det er megtigt; og var dette dit fyrste Kjenskap til Mannen, so maatte du faa utrulege Tankar om slikein Kar.

Og likevel so er Smaaguten Fader til den eldre

  1. I eit af desse mine fyrre Stykke, der eg talad om dette mismintes eg Tidsskriftets Navn. Eg ser no, at det stend i Juridisk Tidsskrift. Kjøbenhavn 1834 XXIII 292—340.