Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/47

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
47

til Schweigaard, so har eg visad, at han var bønlaus. „Den rædde Mann er altid den grusome,“ sagde all Historie. Og det er pinsamt at sjaa af Voteringslista (St. Eft. for 1854 p. 748) at han f. Ex. stemde imot ein litt større Skilling i Kostpenge for nokre af deim, som hadde voret dømde for Arbeiderurolighederne. Desse stakkars Folk, som so lenge hadde voret arresterad, søkte om at faa meir en 12 ß Dagen i Kostpenge, daa dei vaaro utmattad i den lange Tid af den laake Kosten. Der vardt talad om „Humanitet“, og at det burde takas Hensyn til, at det var „politiske Logbrot“. Men desse Folk, som ellers altid talad og stemde for dei største Løner og Pensioner, dei meinte her at 12 ß Dagen maatte vera nok. Her var Bøndane naadige, men ikke desse boklærde Menn. Nokot saa ukjærleg hensynslaust som det er med desse Styresfolk, naar det strider mot deires Grunsetningar og Interesser, finst det ikke i Tanken af den armaste Husmannen.

Alt har sin gode Grunn og soleids og denne store Tru paa Schweigaards Makaløysa eller bergfaste Autoritet blandt Folk, som kjende honom fraa Ungdomsdagane og ikke sidan hadde voret med si Tid. Han var ein Kjempekar, daa han møtte fram som juridisk Kandidat i sit 23de Aar. Du skal ikke lesa mange af Setningane hans fraa den Tid, før du kjenner, at her er Kunskap og sjølvstendig Tenkning, so at alt det han hadde leset var samført med det som han sjølv hadde tenkt og uplivt. Det er ei so tidleg Mogning, at du maa koma til at tenkja paa det, som Pomologer eller Eplelækarar tala om, og som dei fleste af os sjølve maa hava merkt seg, nemleg at Eple, som tidleg falla af, synes at vera so urimeleg