Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/44

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
44

ein Fridomsmann for Skipseigarar og Rederier men ikke for Matroser. Kapitalen skulde vera fri, men ikke Mannen.

Dette var og eit af dei mange Stormerke paa, at Schweigaard høyrde til ei eldre og snart no utdøydd Tid. Denne Strid millom Kapital og Arbeid og dette Stræv med at „formilde Kapitalens Tyrani,“ det er ein yngre og meir menneskeleg Tanke, som dei største Menn i denne Tid brjota sit Hovud med f. Ex. Gladstone og Mill i England og ingen mindre en Keiser Napoleon sjølv i Frankrike.

Og so var det med hans Rikslære (Politik.) Han hadde gjort seg up eit Statssystem, og dersom ein Mann kom in i desse Hjul og Taggar og Springfjædrer, so maatte han bønlaust bli knusad. Det var den mest fullstændig „abstrakte Doctrinarismus“ som nokon kan tenkja seg. „Han meinte det vel so,“ verdt det sagt. Javist meinte han det vel, men kven gjør ikke det? Vi bør tru, at jamvel Inkvisitionens Læremeistarar meinte det vel. Fanatismen meinar det vel altid vel, og ei slik upgjord Lære etter Lod og Vinkel utan Syn for Livets og Mannens Krav den er altid fanatisk eller blind og iversjuk, anten det so er om Politik eller Religion ja til og med „Maalsak.“ Kven veit, om derfor ikke eg og er ein Fanatiker?

Fanaticism and jesuitism are convertible terms, det er: Fanatisme og Jesuitisme ero Uttrykk, som du kan setja det eine i Staden for det andre, eller det er Vekseluttrykk, som det og verdt sagt. Dette trur eg at hava leset paa Engelsk, og det er nokot, som kver af os maa