Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/4

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
4

bunden Stil. Desse Vers her framme i Bladet til Likferda hans ned i Tønsberg var eit Slags Pligtarbeid. Og so varm var eg daa, at eg kunde faa Maalet til aa smelta so-vidt.

Tingen er, at Schweigaard ikke var poetisk i vanleg Meining. Han var baade for stor og for liten til at vera det. Forunderleg nok, at du skal kunna tala so! Men døm no om dette, naar du har leset mi Utlegging af det.

Det poetiske ligg liksom midt millom Himil og Jord, eller rettare, det er dette, som er her paa Jorda. Det er det reint menneskelege med si sorgsame Blanding af godt og vondt, som altso anten er „tragisk“, naar det gjeng den Vegen, eller „komisk“, naar det gjeng den andre, eller „humoristisk“, naar det er ei Blanding af desse tvo, so som Livet vanlegt er.

Schweigaard var fraa ei vis Side ikke rettmenneskeleg. Han var nemleg i mangt nokot meir. Han var i mange Stykke so rein, at det liksom ikke var det varme Liv, men det kalde Marmor. Der var f. Ex. ikke desse Ungdomsfeil, som kunna vera elskværdige, naar Grunnen er god og dei so til Gagns verdt aflagde. Han var „ustraffelig“, og det sama var Welhaven i dette Stykke, og dette var ein av Grunnane til desse tvo Menns Kamp mot Wergeland, som var ein „Rassebasse“ og som dei derfor ikke kunde godkjenna til eit Uttryk for den vaknande Norskdom i Politik og Literatur. Dei hadde Rett, og det var sannt paa sin Maate, men likevel so er Wergeland meir poetisk enn desse laasføre eller „korrekte“ Folk. Der var nemleg større Drift i honom og han var meir uppe i Livets Strid. Og so gjorde dei dette laasføre til ein Herre