Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/39

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
39

er den store Juristens Hovudgjerning i loggjevande Forsamlinger. Han er liksom der Politimeistaren for Rettsvitenskapen, at der ikke kjem Logloyse (Anarki, Uorden) in i den af Benke- og alle dei mange andre umogne og rettsukyndige Forslag. Der maa altid vera slike Politimenn inne i slike Forsamlinger, og for det ikke altid er eller etter sin Natur kan vera dette i fullt Maal, so hava mange og deriblandt jamvel den frisinnad Stuart Mill sagt, at slike Forsamlinger i Likning med ein Jury berre skulde hava med Faktum og ikke Jus. Naar Saka var utlagd, og Kravet paa ei Rettarbot ettervisad og afgrensad, so skulde eit Samlag af Rettslærde (ei Redaktionskommitte, om du so vil) setja det i Stil og Samheng. Det maa koma til dette; for det verdt like sterkt kravt af Rettstanke og Rettsspraak. Og Schweigaard har ved sit store Exempel gjort det meste til, at dette og maa koma her. Dette endelause Uføre maa vi koma ut af. Og han har ikke gjort mindst til dette med sit Spraak. Der er altid Tankar i hans Tale, naar du kan greida den ut. Det er fullvegtigt Korn og lidt med sine Punds Overvegt. Men det er som Pariseren, daa han kom heimatter fraa Krim, sagde om Tungemaalet til dei Engelske: Ce n’est pas une langue, mais ils s’entendent entre eux.

(Det er ikke nokot Spraak, men dei kunna gjera seg forstaaelege for kverandre.)

Eg nevnde sidst, at mange af vaare beste Rettslærde ikke finna seg tilfreds med Schweigaards vitenskaplege Upfatning af Rettssystemet og vaar Rettsstilling i mange væsentlege Stykke. Men so var Tonen og Tanken, at dei liksom ikke vaagad seg ut med det. Schweigaard var i det heile havd eller lyft up over Kritiken og stod skotfri