Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/38

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
38

her no ingen Rettsvitenskap er. Det er praktiske Folk, flinke Sakførarar eller tettare med det Holberske Navn „Thingstutar“, men det heng ingenting ihop. Her er ikke lenger Rettsafgjerder (Præjudicater) men usamhangande Rettstilfelle, reine Sandhaugar, so som du best kan sjaa det i dei Lassonske Samlingar.

Denne nyare Tid med sine mange Rettarbøter for alle Livstilfelle er no vistnok heller ikke vel lagad for ein samhangande Rettsvitenskap, som ut af godkjende Rettsgrunnsetningar maa draga ut sine Afgjerder for dei mange sereigne Rettstilfelle. No gjeng derimot Rettsutviklingen den motsvarande Veg, idet der verdt gjorde Retterbøter, som skulde høva in i Rettssystemet, men som so tidt ikke gjera det. Af dette kjem det meste af denne Ugreida, som her no er i desse Saker. Den Rettslærde stend raadvill millom alle desse Rettarbøter og finn ikke dei sambindande Tankar millom deim, af den gode Grunn, at det ikke heng ihop dette Logverk. Det kan i mangt vera godt for det praktiske Liv dette, men det endar med eit Slags Logløyse eller Anarki, daa det ikke lenger kan bli sagt om ein Mann, at han studerer Rettsvitenskap, men so som det heiter paa Landet: „han lærer seg til at bli Prokerater.“ Det verdt gode Dagar for det Slags Folk.

Men dette, som synes at liggja i den heile nyare Utvikling i alle Laand, det kunde ikke Schweigaard nokot til, vil du svara. Vist ikke; men han kunde hava styrt denne Utviklingsgang innom rimelege Grensor, og ikke i sine Læresetningar og heile Rettsliv likefram dregjet up Slusune for denne Straum. Og so kunde han i Thinget hava havt betre Tilsyn med, at der vardt Samheng i dei styrande Rettstankar millom alle desse Rettarbøter. Dette