Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/35

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
85

skreiv dei ned sine værdifulle „Excerpter“. Eg veit f. Ex. ein, ei stor juridisk Løve, som skreiv ned den jamlege Schweigaardske Talemaaten: „Det skal en Tankeanstrengelse til.“ Eg minnes ikke rettare, en at denne uplysande Talemaaten vardt nedskriven der om testamenti factio.

Nei eg maatte sjølv taka mine Lærebøker og slaa etter i „Corpus“ forat faa Greide paa Romerretten. Det vanlege er, at dei ganga so ei fem seks Vikor fyre Examen til ein Manuductør og læra litt utanaat af dei styrande Tankar. For den Skuld og til det daglege Bruk for 9 af 10 kan du vel segja, kunde gjerne Romerretten ganga ut af Examenslista.

Det er ille, at Skikk og Vis har fort det til dess; for Romerretten er i Grunnen den einaste Rettsvitenskap. Den er likso logisk sambunden som f. Ex. samliknande Spraaklære og Anatomi. Er eit givet, so kan du sikkert draga ut det andre. Den er, som Leibnitz sagde, Mathematik, og det var meg nokot reint utrulegt at høyra Schweigaard leggja so litet Lag paa dette. Det vart det heile nokot forunderleg litet vitenskapelegt i den Schweigaardske Maate at taka Rettstydningar paa. Jamvel Romerretten, dette logiske Utviklingsverk for somange Aarhundrad, jamvel den vardt kasuistisk og liketil eit Slags laust Verk for treffande „Bemærkningar“, det er sannt, men likevel med litet vitenskapelegt Samband. Det laag i Schweigaards heile Foredragsmaate, anten han stod paa Lærestolen eller i Thinget, at sjaa til Side og liksom tala med og for seg sjølv, rett som det var. Og so kvad han daa atter. Det gjekk i Rykk og Rid (fits and starts), og denne hans utvordes Maate at tale paa vart eit godt Uttrykk for hans indre Tankegang og heile viten-